Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og familiedepartementet

Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot.

LTI/forskrift/2003-12-18-1656·Kunngjort 30. desember 2003·Journalnr. 2003-1460

I kraft fra: 2004-01-01

I

I forskrift av 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir det gjort følgjande endringar:

§ 3 fjerde ledd skal lyde:

Utgifter til barnetilsyn skal fastsetjast ut frå om tilskotsmottakaren mottek 64 prosent stønad til barnetilsyn etter folketrygdlova § 15-11. Utgifter til barnetilsyn utover fjerde skoleår skal berre takast med når tilskotsmottakaren mottek stønad til tilsynet etter folketrygdlova § 15-11. Det skal setjast ulike beløp for heiltids- og deltidstilsyn. Tilsynsordningar på 33 eller fleire timar per veke skal reknast som heiltidstilsyn. Kostnadene skal reknast utifrå SSB sine foreldrebetalingsundersøkingar medrekna stønad til barnetilsyn og foreldrefrådrag i inntekt. Når tilskotsmottakaren ikkje mottek barnetilsyn etter første punktum, skal det reknast faktiske utgifter opp til ein fastlagd sats redusert for mellom anna fordelen av foreldrefrådrag i inntekt. Ved fastsetjinga av denne satsen gjeld maksimalsatsane for barnetilsyn etter folketrygdlova § 15-11.

Vedlegget skal lyde:

Grunnlagstal her vert endra kvart år.

Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)

Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd.

Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0 – 5 år 6 – 10 år 11 år og meir Forbruksutgifter 2.870 3.790 4.990 Buutgifter 810 810 810

Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 600 Deltid, park, SFO 240

Frådrag

Barnetrygd: 970

Den tilskotspliktige sin del av underhaldskostnaden etter § 2 Den tilskotspliktige sin del av foreldra og barnet sine samla inntekter {Ibp/(Ibp + Ibm + Ibb)} Den tilskotspliktige sin del av underhaldskostnaden 0,000 – 0,249 1/6 0,250 – 0,416 2/6 0,417 – 0,583 3/6 0,584 – 0,750 4/6 0,751 – 1,000 5/6

Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad).

Midla til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midla til eige underhald 6.565 5.558 Buutgifter 4.313 2.631

Midla til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 1.880 940

Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 28 prosent og trygdeavgifta til 7,8 prosent. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn.

Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0 – 5 år 6 – 10 år 11 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 Samværsklasse 1 (2 – 3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 165 220 305 Samværsklasse 2 (4 – 8 netter per månad) 555 730 1.005 Samværsklasse 3 (9 – 13 netter per månad) 770 1.020 1.405 Samværsklasse 4 (14 – 15 netter per månad) 970 1.280 1.765

II

Endringane gjeld frå 1. januar 2004.