Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruksdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om frakttilskott på slakt.

LTI/forskrift/2003-12-19-1729·Kunngjort 2. januar 2004·Journalnr. 2003-1500

I kraft fra: 2004-01-01

Endrerforskrift/1998-01-08-16

I

I forskrift av 8. januar 1998 nr. 16 om frakttilskott på slakt blir det gjort følgjande endring:

§ 4 skal lyde:

Det kan gis tilskott til å dekkje svinn og til kostnader ved omsetnaden hos engroshandlaren for slakt som blir send frå listeførd slakteri i eit overskottsområde til listeførd engroshandlar i underskottsområde i Nordland, Troms og Finnmark.

Tilskottet blir fastsett av Statens landbruksforvaltning med ein sats pr. kg som ikkje skal vere større enn dei kostnader ein reknar med ved rasjonell omsetnad.

Dersom slakt blir send frå listeførd slakteri i eit overskottsområde til listeførd engroshandlar i eit underskottsområde, men med direkte levering til verksemd som har kjøpt slaktet frå næraste engroshandlar, kan det gis tilskott etter reglane i første delen av denne paragrafen. I så fall fastset Statens landbruksforvaltning tilskottet med ein sats pr. kg der det er tatt omsyn til dei kostnadene som ein sparer ved at vara ikkje blir teken inn på lager hos engroshandlar.

Tilskottet skal prinsipielt dekkje kostnader med omsetnad av heilt slakt. Dersom engroshandlaren driv eiga nedskjæring skal det nedskorne kvantumet trekkjast frå ved utrekning av tilskottet. Det same gjeld dersom slaktet ved leigeavtale eller sal blir skore ned i verksemd som fysisk er knytt til engrosverksemda. At nedskjeringsverksemda og engrosverksemda fysisk er knytt til kvarandre, vil i denne samanhengen seie at dei to verksemdene anten ligg i same bygning eller har utstyr for felles bruk, eller at det er transportsamband mellom dei to verksemdene via transportband, skinner eller dører. Statens landbruksforvaltning skal i kvart einskilt høve avgjere om verksemdene fysisk er knytte til kvarandre, og kan fråvike dei krava som er nemnde dersom dei i det aktuelle tilfellet verkar klårt urimeleg i høve til intensjonane med ordninga.

Driv engroshandlaren også eiga slakting, skal berre det kvantum som er skore ned utover kvantum for eiga slakting trekkjast frå.

Statens landbruksforvaltning kan fastsetje at importvare som blir skoren skal gå til frådrag i det kvantumet som gir rett til tilskott, og/eller at slakt kjøpt frå underskottsområde skal gå til frådrag i eiga skjering og skjering likestilt med denne.

A + B – C = D A = slakt fra overskottsområde B = eiga slakting C = eiga skjering og skjering likestilt med eiga skjering (kan også inkludere importvare), eventuelt med frådrag for slakt kjøpt frå underskottsområde D = kvantum som kan gi rett til tilskott.

II

Endringa trer i kraft 1. januar 2004.