Forskrift om endring i forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av småfe.
I kraft fra: 2004-01-09
I
I forskrift av 31. desember 1998 nr. 1480 om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av småfe blir det gjort følgjande endringar:
Heimelen til forskriften skal lyde:
Fastsett av Landbruksdepartementet 31. desember 1998 med heimel i lov av 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 33 første ledd, jf. § 36 andre ledd, jf. delegeringsvedtak av 19. desember 2003 nr. 1790. Jf. EØS-avtalen vedlegg I (direktiv 91/68/EØF, direktiv 72/462/EØF og direktiv 2001/10/EF).
§ 6 første punktum skal lyde:
Med småfe skal det følgja eit helsesertifikat i original skrive ut av den lokale offentlege veterinæren på eit standardformular utarbeida eller godkjent av Mattilsynet.
§ 22 skal lyde:
Mattilsynet kan i særlege høve gjere unntak frå føresegnene i denne forskrifta, såframt at det ikkje vil stride mot Noregs internasjonale plikter, herunder EØS-avtala.
§ 24 skal lyde:
Forsettleg eller aktlaust brot på denne forskrifta eller føresegner og vedtak gitt i medhald av forskrifta, er straffbart etter matloven § 28.
II
Endringane trer i kraft straks.