Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien.

LTI/forskrift/2004-01-09-62·Kunngjort 16. januar 2004·Journalnr. 2004-0099

I kraft fra: 2004-01-09

I

I forskrift av 31. desember 1998 nr. 1488 om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien blir det gjort følgjande endringar:

Heimelen til forskriften skal lyde:

Fastsett av Landbruksdepartementet 31. desember 1998 med heimel i lov av 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 33 første ledd, jf. § 36 andre ledd, jf. delegeringsvedtak av 19. desember 2003 nr. 1790. Jf. EØS-avtalen vedlegg I (direktiv 90/426/EØF, vedtak 92/160/EØF, vedtak 2000/163/EF og vedtak 2000/508/EF).

§ 6 første punktum skal lyde:

Med dyra skal det følgja eit helsesertifikat i original skrive ut av den lokale offentlege veterinæren på eit standardformular utarbeidd eller godkjent av Mattilsynet.

§ 15 siste punktum skal lyde:

Slike dyr må følgjast av transittsertifikat utarbeidd eller godkjent av Mattilsynet.

§ 16 skal lyde:

blir ridd eller tekne med for sportslege eller fritidsmessige formål langs vegar i Sverige og Finland nær grensa mot Noreg. tek del i kulturelle eller liknande arrangement eller i aktivitetar tilrettelagt av autoriserte lokale organ som held til i Sverige og Finland nær grensa mot Noreg. berre skal beite eller arbeide i kortare tid i Sverige eller Finland nær grensa mot Noreg.

Mattilsynet kan også frita frå andre krav i denne forskrifta og setja vilkår for slikt fritak. Dette gjeld særskilt for trav- og galoppbanar og liknande.

§ 19 skal lyde:

Forsettleg eller aktlaust brot på denne forskrifta eller føresegner og vedtak gitt i mehald av forskrifta, er straffbart etter matloven § 28.

II

Endringane trer i kraft straks.