Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om tilskott ved nedslakting av sauebuskap på grunn av sjukdommen mædi.

LTI/forskrift/2004-02-11-382·Kunngjort 20. februar 2004·Journalnr. 2004-0385

I kraft fra: 2004-02-11

§ 1 . Formålet

Formålet med forskrifta er å gi økonomisk støtte til landbruksforetak som slaktar ned sauebuskap som ledd i bekjemping av mædi.

§ 2 . Virkeområde

Forskrifta omfattar foretak med sauebuskapar som er pålagt restriksjonar mot sending av sau på felles utmarksbeite i medhald av forskrift av 27. juni 2002 nr. 732 om bekjempelse av dyresjukdommer, og der sjukdommen mædi er påvist eller det er mistanke om sjukdommen. Tilskott etter denne forskrifta kan gis til foretak som har rett til produksjonstilskott etter § 3 og § 4 i forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskudd i jordbruket.

§ 3 . Vilkår

Heile buskapen skal vere slakta ned innan 1 år etter pålagte restriksjonar etter § 2. Når ein kan unngå restriksjonar etter § 2 ved å slakta enkeltdyr, jf. § 5 første ledd pkt. a, er det eit vilkår at dette blir gjort og dyret slakta utan ugrunna opphald. Sauefjøset, innreiinga, mv. skal reingjerast etter tilvising frå Mattilsynet. Skriftleg godkjenning frå Mattilsynet skal ligga føre. For å få tilskott etter § 5 første ledd pkt. a er det eit vilkår at muligheita til slipp på fellesbeite ved å slakte enkeltdyr er utnytta innafor gjeldande regelverk.

§ 4 . Innsett av livdyr

Innsett av nye livdyr i fjøs der det er gjennomført tiltak etter § 3, skal skje etter bestemmelser fastsett i eller i medhald av lov av 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova).

§ 5 . Tilskott

Til foretak med buskapar som etter søknad til Mattilsynet kan oppnå dispensasjon frå restriksjonar mot slipp på fellesbeite (jf. § 2) ved uttak av enkeltdyr, kan det gis kr 1.100 i tilskott pr. slakta sau. Til foretak som ikkje kan oppnå dispensasjon frå restriksjonar (jf. § 2), og som slaktar ned heile buskapen og gjennomfører saneringstiltak etter § 3 kan det gis kr 1.100 i tilskott pr. sau. Til foretak som får tilskott etter § 5 b kan eit tillegg på kr 800 pr. sau gis: når buskapen blei pålagt restriksjonar første gong i tidsrommet 1. oktober – 31. desember og heile buskapen var slakta ned pr. 31. januar året etter, og det ikkje er mottatt slakteoppgjer påfølgjande slaktesesong frå nyinnkjøpt buskap. når buskapen blei pålagt restriksjonar første gong i tidsrommet 1. januar – 30. september og produksjonssesongen gjennomførast med normal buskap og framfôring av alle lam til slaktemodne slakt.

§ 6 . Søknad

Søknad om tilskott skal sendast før buskapen/enkeltdyra er slakta ned (jf. § 3 nr. 1). Søknaden skal skrivast på skjema fastsett av Statens landbruksforvaltning og sendast om Mattilsynet til fylkesmannen. Med søknaden skal følgja erklæring frå Mattilsynet om at buskapen fell inn under § 2 i forskrifta.

§ 7 . Administrasjon

Søknad om tilskott blir avgjort av fylkesmannen som også betalar ut tilskottet.

Heile eller delar av buskapen må ikkje slaktast ned før fylkesmannen har avgjort søknaden.

§ 8 . Utbetaling

Avrekningsoppgåve(r) frå slakteriet som dokumentasjon på slaktedato, og buskapen sin storleik ved slakting. Attestasjon frå Mattilsynet på at krava i § 3 er tilfredsstillande gjennomført.

§ 9 . Kontroll

Den som søkjer om tilskott pliktar å gi nødvendige opplysningar og godta kontrolltiltak som blir sett i verk.

§ 10 . Avkorting ved brot på regelverket

Dersom foretaket driv eller har drive si verksemd i strid med regelverk for jordbruksverksemd, kan heile eller delar av tilskottet haldast tilbake inntil forholdet er retta. Er det ved brot på slikt regelverk utvist grov aktløyse eller forsett, kan ein avkorte heile eller delar av tilskottet til foretaket.

§ 10a . Avkorting ved feilopplysingar

Dersom foretaket ved aktløyse eller forsettleg har gitt feil opplysingar i søknaden som har eller ville danna grunnlag for ei urettmessig utbetaling av tilskottet, kan ein avkorte heile eller delar av tilskottet til foretaket.

§ 10b . Berekning og innkreving av avkortingsbeløp m.m.

Differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskott som følgje av vedtak om avkorting etter § 10 og § 10a, kan krevast betalt tilbake frå mottakaren eller motreknast i seinare tilskottsutbetalingar, jf. forskrift av 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskudd i jordbruket § 14 siste ledd. Tilsvarande gjeld der foretaket som følgje av manglande oppfylling av vilkår i denne forskrifta eller av andre grunnar har mottatt ei utbetaling som det ikkje har rett til.

Til avkortingsbeløpet som nemnd i første ledd kan det leggast rente tilsvarande gjeldande morarente. Der mottakaren ikkje var i aktsam god tru om utbetalinga, kan ein kreve renter frå det tidspunkt kravet om tilbakebetaling er kome fram til foretaket. Ved grov aktløyse eller forsett kan det krevast renter frå tidspunktet for utbetalinga av det urettmessige tilskottet.

§ 11 . Klage

Fylkesmannen sitt vedtak fatta i medhald av denne forskrifta kan klagast til Statens landbruksforvaltning. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt avgjerda er koma fram til søkaren.

§ 12 . Dispensasjon

Statens landbruksforvaltning kan i særlege tilfeller dispensera frå bestemmelsene i forskrifta. Dispensasjon i forhold til § 3 er delegert til Mattilsynet.

§ 13 . Iverksetting

Denne forskrift trer i kraft straks. Frå same tid blir forskrift av 9. januar 2004 nr. 171 om tilskott ved nedslakting av sauebuskap på grunn av sjukdommen mædi oppheva. Forskrifta gis tilbakeverkande kraft for foretak som fekk pålagt restriksjonar etter 1. oktober 2003.