Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Føresegn om dyrevernnemnder.

LTI/forskrift/2004-02-13-425·Kunngjort 2. mars 2004·Journalnr. 2004-0399

I kraft fra: 2004-02-13

Hjemmellov/1974-12-20-73 § 24lov/1974-12-20-73 § 30

§ 1 . Dyrevernnemnder

Til å føre tilsyn med dyrehaldet, skal det i kvart av dei lokale områda til Mattilsynet vere ei eller fleire statlege dyrevernnemnder. Talet på dyrevernnemnder i det einskilde lokale område vert fastsett av Mattilsynet regionalt etter tilråding frå Mattilsynet lokalt.

Kvar dyrevernnemnd skal ha 3 medlemer. I særlege tilfelle kan nemnda ha 5 medlemer. Mattilsynet lokalt er ansvarleg for sekretariatsfunksjonen til nemnda. Mattilsynet lokalt er ikkje medlem av nemnda, men har møteplikt utan stemmerett.

Medlemene og like mange varamedlemer skal oppnemnast av Mattilsynet regionalt for 4 år om gongen etter framlegg frå dei einskilde kommunane. Mattilsynet lokalt skal uttale seg om framlegga. Til nemnda skal det fyrst og fremst oppnemnast folk med praktisk skjøn på husdyrhald og dyrestell og med kunnskap om og interesse for dyrevern. Ingen skal oppnemnast mot sin vilje.

Nemnda vel leiar og nestleiar.

Nemnda er vedtaksfør når minst halvparten av medlemene – mellom dei leiaren eller nestleiaren – er til stades.

For å kunne gjera lovleg vedtak må minst halvparten av dei som er med i nemnda, røysta for det.

Dyrevernnemnda skal føre bok over møta sine. I den skal førast inn alle vedtak med grunngjeving, og i tilfelle med utsegner frå sakkunnige.

Innan utgangen av januar månad skal dyrevernnemnda senda melding om arbeidet som er gjort i førre året til Mattilsynet regionalt.

§ 2 . Tilsyn og tiltak

Dyrevernnemnda har plikt til å halda seg orientert om dyrehaldet i distriktet og å gjere uanmelde inspeksjonar.

Meiner dyrevernnemnda at det er grunn til å tru at husdyr, selskapsdyr eller dyr som vert haldne i fangenskap på annan måte og dyr som går fritt på utmarksbeite, kjem i fåre for å lida i utrengsmål, skal nemnda straks sjå etter korleis stoda er.

Dersom nemnda finn grunn til det, skal ho enten rettleia eigaren eller innehavaren om tiltak som kan retta på tilhøva, eller gje dei pålegg som er naudsynt for at denne lova eller føresegner gjevne i medhald av lova blir følgde. Pålegg som ein innehavar får, skal eigaren og få melding om.

Vert eit pålegg ikkje etterkome, skal nemnda taka dei åtgjerder som trengst.

§ 3 . Dyrevern på slakteri

Dyrevernnemnda har inspeksjonsrett, men kan ikkje gje pålegg for tilhøve innanfor slakteriet sitt område.

§ 4 . Ikrafttsetjing. Overgangsføresegner

Denne føresegna tek til å gjelde straks.

Dyrevernnemnder som er oppnemnt før endringane i dyrevernlova tok til å gjelda den 1. januar 2004 står fram til Mattilsynet oppnemner nye nemnder.