Forskrift om endring i forskrift om mekling etter barnelova.
I kraft fra: 2004-04-01
I
I forskrift 19. september 1994 nr. 969 om mekling etter barnelova blir det gjort følgjande endringar:
Heimelsfeltet skal lyde:
Fastsett av Barne- og familiedepartementet 19. september 1994 med heimel i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 51 fjerde ledd.
§ 1 – § 7 skal lyde:
Før ei sak kan leggjast fram for avgjerdsorganet, skal det haldast mekling. Den parten som krev mekling etter barnelova, må påstå for meklingsinstansen at han eller ho vil reisa sak om foreldreansvar, samværsrett eller kvar barnet skal bu.
Meklaren skal hjelpa partane til å koma fram til ein skriftleg avtale, men er ikkje ansvarleg for innhaldet i avtalen. Avtalen skal leggja vekt på det som gagnar barnet eller borna best.
Avtalen som foreldra set opp under meklinga, gjev ikkje grunnlag for tvangsfullføring, jf. barnelova § 65.
Ein part pliktar ikkje å møta til mekling dersom tvingande grunnar er til hinder for det, til dømes alvorleg sjukdom. Er den parten som ikkje har kravt mekling busett i utlandet, er det ikkje noko krav at vedkomande møter til mekling.
Meklinga skal haldast på den staden i landet der saka skal til førehaving for domstolen. Dersom partane er samde, kan dei likevel avtala at meklinga skal gå føre seg ein annan stad. Meklaren kan avvise eit krav om mekling dersom ei meklingssak mellom dei same partane alt er til førehaving hos ein annan meklar.
Når særleg tungtvegande grunnar talar for det, kan meklaren avgjera at det skal haldast mekling på den staden i landet der den andre parten bur.
Partar som bur svært langt frå kvarandre, kan unntaksvis møta hos kvar sin meklar og mekla ved telefonsamtalar dersom båe partane er samde om det. Ein meklar som har fått krav om mekling, skal avvise krav om telefonmekling dersom han eller ho ikkje held slik mekling for føremålstenleg i den konkrete saka. Kravet om tre meklingstimar gjeld òg i saker der det blir mekla via telefon.
Det skal ikkje skrivast ut meklingsattest dersom den parten som har kravt mekling, ikkje møter, og ikkje er friteken for plikta til å møta, jf. § 3. Dersom den parten som krev mekling, har lang reiseveg, og han eller ho møter åleine, kan meklaren skriva ut meklingsattest etter fyrste frammøtet jamvel om det ikkje er sendt tre innkallingar.
Attesten skal skrivast ut etter ein meklingstime. Det skal gå fram av meklingsattesten at den eine parten ikkje har møtt personleg.
Meklingsattesten skal visa kven som har vore meklar, og datoen for utskriving av attesten.
Dersom meklaren nektar å skriva ut meklingsattest, kan kvar av partane klaga til fylkesmannen, som kan påleggje meklaren å skriva ut meklingsattest.
Det skal haldast mekling jamvel om partane tidlegare har mekla etter barnelova eller etter ekteskapslova, dersom det ikkje ligg føre lovgild meklingsattest.
Dersom sterke grunnar talar for det, kan partane få dekt delar av reiseutgiftene sine. Fylkesmannen avgjer dette etter å ha rådført seg med meklaren.
§ 8 oppheves.
II
Endringane gjeld frå 1. april 2004.