Hopp til innhold
Forskriftsendring
Utdannings- og forskningsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova.

LTI/forskrift/2004-03-17-555·Kunngjort 26. mars 2004·Journalnr. 2004-0539

I kraft fra: 2004-03-25

Endrerforskrift/1999-06-28-722forskrift/2003-09-26-1194
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 14-1Privatskolelova – prskol § 7-2

I

I forskrift 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova blir det gjort følgjande endring:

Ny § 2-4 skal lyde:

Elevar i grunnskole og i vidaregåande opplæring skal ta del i nasjonale prøver innanfor områda lesing, skriving, matematikk og engelsk. Prøvene skal leggjast til 4., 7. og 10. trinn i grunnskolen og første året av den vidaregåande opplæringa.

Skoleeigaren skal sørgje for at dei nasjonale prøvene innanfor lesing, skriving, matematikk og engelsk blir gjennomførte.

For elevar som får spesialundervisning etter kap. 5 i opplæringslova og der det dessutan er klart at prøva ikkje vil ha mykje å seie for eleven si opplæring, kan skolen gjere vedtak om fritak frå deltaking i prøva. Det same gjeld for nykomne minoritetselevar og andre minoritetselevar som har så dårleg dugleik i norsk at dei ikkje kan følgje undervisning gitt på norsk, og andre framandspråklege elevar med særs mangelfulle norskkunnskapar. Eleven sjølv eller eleven sine foreldre/føresette kan likevel bestemme at eleven skal ta del i prøva.

Skolar som gir undervisning etter alternative læreplanar i faga, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn ved avslutninga av hovudtrinna eller søkje fritak frå å delta i dei nasjonale prøvene. Slike søknader må grunngjevast ut frå skolen sine læreplanar. Søknaden må godkjennast av departementet.

Internasjonale skolar og utanlandske skolar i Noreg kan etter søknad få fritak der deltaking i prøva blir rekna for å vere openbert urimeleg.

II

I forskrift 26. september 2003 nr. 1194 til friskolelova blir det gjort følgjande endringar:

Ny § 5 skal lyde:

Elevar i grunnskole og i vidaregåande opplæring skal ta del i nasjonale prøver innanfor områda lesing, skriving, matematikk og engelsk. Prøvene skal leggjast til 4., 7. og 10. trinn i grunnskolen og første året av den vidaregåande opplæringa.

Skolestyret skal sørgje for at dei nasjonale prøvene innanfor lesing, skriving, matematikk og engelsk blir gjennomførte.

For elevar som får spesialundervisning etter kap. 5 i opplæringslova og der det dessutan er klart at prøva ikkje vil ha mykje å seie for eleven si opplæring, kan skolen gjere vedtak om fritak frå deltaking i prøva. Det same gjeld for nykomne minoritetselevar og andre minoritetselevar som har så dårleg dugleik i norsk at dei ikkje kan følgje undervisning gitt på norsk, og andre framandspråklege elevar med særs mangelfulle norskkunnskapar. Eleven sjølv eller eleven sine foreldre/føresette kan likevel bestemme at eleven skal ta del i prøva.

Skolar som gir undervisning etter alternative læreplanar i faga, skal kunne søkje om å leggje prøvene til eit anna trinn enn ved avslutninga av hovudtrinna eller søkje fritak frå å delta i dei nasjonale prøvene. Slike søknader må grunngjevast ut frå skolen sine læreplanar. Søknaden må godkjennast av departementet.

Internasjonale skolar og utanlandske skolar i Noreg kan etter søknad få fritak der deltaking i prøva blir rekna for å vere openbert urimeleg.

Noverande § 5 blir ny § 6.

III

Endringane trer i kraft 25. mars 2004.