Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot.
I kraft fra: 2004-04-01
I
I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir det gjort følgjande endringar:
Heimelsfeltet skal lyde:
Fastsett av Barne- og familiedepartementet 15. januar 2003 med heimel i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova) § 71 og § 74.
§ 1 skal lyde:
Fostringstilskot til barn etter kapittel 8 i barnelova blir fastsett etter reglane i denne forskrifta med vedlegg.
§ 3 fjerde stykket skal lyde:
Utgifter til barnetilsyn skal fastsetjast ut frå om tilskotsmottakaren mottek 64 prosent stønad til barnetilsyn etter folketrygdlova § 15-11. Utgifter til barnetilsyn utover fjerde skoleår skal berre takast med når tilskotsmottakaren mottek stønad til tilsynet etter folketrygdlova § 15-11. Det skal setjast ulike beløp for heiltids- og deltidstilsyn. Tilsynsordningar på 33 eller fleire timar per veke skal reknast som heiltidstilsyn. Kostnadene skal reknast utifrå SSB sine foreldrebetalingsundersøkingar medrekna stønad til barnetilsyn og foreldrefrådrag i inntekt. Når tilskotsmottakaren ikkje mottek stønad til barnetilsyn etter første punktum, skal det reknast faktiske utgifter opp til ein fastlagd sats redusert for mellom anna fordelen av foreldrefrådrag i inntekt. Ved fastsetjinga av denne satsen gjeld maksimalsatsane for barnetilsyn etter folketrygdlova § 15-11.
§ 6 siste stykket skal lyde:
Når ein tilskotspliktig med fleire barn ikkje har full tilskotsevne, kan avgjerdsorganet etter eige initiativ fastsetje tilskota til barna som nærare fastsett i barnelova § 75 andre stykke med tilhøyrande forskrift.
§ 7 andre stykket skal lyde:
Når det samla tilskotet til fleire barn overstig maksimumsgrensa, kan avgjerdsorganet etter eige initiativ fastsetje tilskota til barna som nærare fastsett i barnelova § 75 andre stykke med tilhøyrande forskrift.
§ 8 skal lyde:
Når foreldra er samde om at dei har avtalt delt bustad etter barnelova § 36 første stykke for barnet og dokumenterer dette skriftleg, skal det leggjast til grunn at foreldra har dei same utgiftene per dag til barnet den tida barnet bur fast hos kvar av dei og at barnet bur like mykje hos begge. § 1 til § 7 i denne forskrifta skal nyttast tilsvarande.
tilskotet skal fastsetjast etter § 76 i barnelova
II
Endringane tek til å gjelde frå 1. april 2004.