Forskrift om endring i forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av småfe.
I kraft fra: 2004-04-01, 2004-11-01
I
I forskrift 31. desember 1998 nr. 1480 om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av småfe blir det gjort følgjande endringar:
I heimelfeltet sitt tilvising til EØS-avtala vedlegg I kap. I blir følgjande forordningar lagt til:
forordning (EF) nr. 999/2001, forordning (EF) 1326/2001 og forordning (EF) 260/2003.
§ 17 skal lyde:
kome frå ei driftseining som dei siste tre åra har følgt følgjande krav: driftseininga er underlagt regelmessig offentleg veterinærkontroll, dyra er merka, det har ikkje vore noko stadfesta tilfelle av skrapesjuke, det er utført stikkprøvekontroll av gamle hodyr som er slakta, og det er berre sett inn hodyr frå driftseining som oppfyller krava fastsett i bokstav a til d, eller vera haldne på ei eller fleire driftseiningar som oppfyller krava i § 17, 1. ledd nr. 1 utan avbrot sidan fødselen eller i dei siste tre åra, eller vera dyr med genotype ARR/ARR som definert i vedlegg I til vedtak 2002/1003/EF såframt dyret ikkje kjem frå ei driftseining der det har vore noko stadfesta tilfelle av skrapesjuke dei siste tre åra.
Ved innførsel til land innanfor EØS som har godkjent program for kontroll og utrydding av skrapesjuke etter forordning (EF) nr. 999/2001 for heile området eller delar av dette, skal krava i programmet vera oppfylte.
Det er forbode å innføra eller utføra avkom frå småfe smitta med bovin spongiform encefalopati (BSE), når dyra vart fødde dei siste to åra før stadfesta smitte, eller etter dei første kliniske teikna på BSE hos mordyret.
II
Endringa trer i kraft 1. april 2004. § 17, 1. ledd punkt 3 trer i kraft 1. november 2004.