Forskrift om endring i forskrift om frakttilskott på slakt.
I kraft fra: 2004-04-05
I
I forskrift 8. januar 1998 nr. 16 om frakttilskott på slakt blir det gjort følgjande endring:
§ 4 skal lyde:
Det kan gis tilskott til å dekkje svinn og til kostnader ved omsetnaden hos engroshandlaren for slakt som blir send frå listeførd slakteri i eit overskottsområde til listeførd engroshandlar i underskottsområde i Nordland, Troms og Finnmark.
Tilskottet blir fastsett av Statens landbruksforvaltning med ein sats pr. kg som ikkje skal vere større enn dei kostnader ein reknar med ved rasjonell omsetnad.
Dersom slakt blir send frå listeførd slakteri i eit overskottsområde til listeførd engroshandlar i eit underskottsområde, men med direkte levering til verksemd som har kjøpt slaktet frå næraste engroshandlar, kan det gis tilskott etter reglane i første delen av denne paragrafen. I så fall fastset Statens landbruksforvaltning tilskottet med ein sats pr. kg der det er tatt omsyn til dei kostnadene som ein sparer ved at vara ikkje blir teken inn på lager hos engroshandlar.
Det gis ikkje tilskott til importert vare som vert skore ned.
II
Endringa trer i kraft straks.