Hopp til innhold
Forskriftsendring
Utdannings- og forskningsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova.

LTI/forskrift/2004-06-08-822·Kunngjort 11. juni 2004·Journalnr. 2004-0778

I kraft fra: 2004-06-15

Endrerforskrift/1999-06-28-722
Hjemmellov/1998-07-17-61

I

I forskrift 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

§ 1-4 andre ledd skal lyde:

Frå og med skoleåret 2002–2003 skal skolane fordele det nye timetalet på barnetrinnet, 6232 timar (6384 etter L97S) på fag og klassar i samsvar med reglane ovanfor. Den nye fordelinga må ikkje føre til at dei elevane som gjekk på skolen skoleåret 2001–2002, får eit lågare timetal enn 6118 (6270 etter L97S) i løpet av barnetrinnet. Fylkesmannen kan gi dispensasjon frå den nemnde regelen om minstetimetalet 6118 dersom fordelinga er grunngitt med skyssordninga, og timetalsreduksjonen for dei elevane det gjeld, er minimal.

Henvisningen i parentes under kapitteloverskriften til kapittel 3 skal lyde:

(Opplæringslova § 2-3 andre ledd, friskolelova § 2-3 tredje ledd)

§ 3-5 andre ledd skal lyde:

ved slutten av skoleåret: standpunktkarakterar i avgangsfag for 8., 9. og 10. klassesteget, dessutan endelege karakterar i orden og åtferd for 10. klassesteget seinast dagen før fellessensurmøtet etter forskrifta § 3-14 første ledd: standpunktkarakterar i skriftlege fag seinast dagen før kunngjering om munnleg avgangsprøve: standpunktkarakterar i munnlege fag i felles sensurmøte; tidspunkt fastsett av Utdanningsdirektoratet: avgangsprøvekarakterar etter at undervisninga og annan skoleaktivitet er avslutta: endelege karakterar i orden og åtferd.

§ 3-13 andre og tredje ledd skal lyde:

Utdanningsdirektoratet lagar oppgåvesett og fastset prøvefaga for den enkelte skolen til den skriftlege avgangsprøva, og ordninga for munnleg avgangsprøve.

Utdanningsdirektoratet avgjer kvart år kva for fylke og kommunar det skal haldast munnleg avgangsprøve i, medan kommunen fastset fag og prøveparti ved dei enkelte skolane. Faglæraren lagar oppgåver og drøfter dei før prøva med ein sensor oppnemnd av Fylkesmannen. Saman med den oppnemnde sensoren har faglæraren ansvaret for gjennomføringa av prøva.

§ 3-14 første ledd skal lyde:

Elevsvar frå den skriftlege avgangsprøva blir sensurerte av to sensorar etter retningslinjer laga av Utdanningsdirektoratet under førehandssensuren kvart år. Sensorane blir oppnemnde av Fylkesmannen i kvart fylke. Karakterane blir endeleg fastsette på fellessensurmøte.

§ 3-16 skal lyde:

Ein elev som ikkje rettar seg etter dei reglane Utdanningsdirektoratet har fastsett for avgangsprøva, kan visast bort av rektor. Vedtak om bortvising kan klagast på til kommunen og vidare til Fylkesmannen. Skolen skal gi eleven og foreldra melding om klageretten.

§ 3-17 tredje ledd skal lyde:

Terminkarakterane skal førast i protokollen for terminkarakterar og underskrivast av faglærarane og kontaktlæraren innen ein frist fastsett av rektor. Avgangskarakterar skal førast i protokollen for avgangskarakterar og underskrivast av faglærarane og rektor innan ein frist fastsett av Utdanningsdirektoratet.

§ 3-28 skal lyde:

Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for sentralt gitte skriftlege avgangsprøver for privatistar. Vaksne nyttar dei særskilde avgangs-/privatistprøvene for vaksne.

Vaksne privatistar som er oppmelde til avgangsprøve, men som blir sjuke på prøvedagen, kan etter søknad frå kommunen til Fylkesmannen gå opp til lokalt gitt avgangsprøve så snart det let seg gjere.

Dersom det ligg føre velferdsgrunnar, kan Fylkesmannen, etter søknad frå den enkelte kommunen, gi høve til å nytte lokalt gitte avgangsprøver for privatistar. Skolen utviklar og ordnar den lokalt gitte avgangs-/privatistprøva etter sentralt gitte retningslinjer. Skolen er ansvarleg for munnleg avgangsprøve for privatistar. Ved oppmelding godkjenner rektor i kvart tilfelle lærestoffet og tek stilling til omfanget av prøvinga.

Henvisningen i parentes under kapitteloverskriften til kapittel 4 skal lyde:

(Opplæringslova § 3-4 første ledd og § 4A-4 femte ledd, friskolelova § 2-3 tredje ledd)

Henvisningen i parentes under kapitteloverskriften til kapittel 5 skal lyde:

(Opplæringslova § 2-3 andre ledd, § 3-4 første ledd, § 4A-4 femte ledd og friskolelova § 2-3 tredje ledd)

§ 5-4 tredje ledd skal lyde:

Ved klage i samband med skriftleg avgangsprøve i grunnskolen skal skolen sende klagen saman med prøvesvaret til Fylkesmannen, jf. forskrifta § 5-9 første ledd. Ved klage i fag der det blir vurdert fleire svar, skal alle elevsvara leggjast ved.

§ 14-6 skal lyde:

Statsborgar i EØS-land eller i Sveits som har utdanning og praksis som til saman kan seiast å vere likeverdig med den norske lærarutdanninga som vert kravd i det einskilde tilfellet, kan tilsetjast. Det kan stillast krav om tilfredsstillande kunnskapar, dugleik og innsikt i norsk språk og i norske samfunnsforhold og skoleforhold.

Statsborgarar i EØS-land eller i Sveits som er godkjent som lærar i eit land innan EØS-området eller i Sveits har rett til å bli vurdert som kvalifisert til norsk lærarstilling når utdanninga og praksisen til vedkommande kan seiast å tilsvare det kompetansekravet som er sett til den aktuelle norske lærarstillinga.

Følgjande EØF-/EF-direktiv må leggjast til grunn for korleis ein skal handsame søkjar som er statsborgar i land innan EØS-området eller i Sveits, ved tilsetjing av lærarar: Direktiv 89/48/EØF, direktiv 92/51/EØF og direktiv 2001/19/EF.

§ 17-2 første ledd skal lyde:

Læremiddel i andre fag enn norsk for årskull med elevtal over 300 må liggje føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. Kravet om språklege parallellutgåver gjeld alle læremiddel som elevane skal bruke regelmessig i opplæringa, så framt læremidla dekkjer vesentlege delar av dei generelle måla i læreplanen, eller vesentlege delar av måla, lærestoffet, hovudmomenta eller hovudemna i eit fag etter læreplanen for eit visst klassetrinn eller kurs.

§ 17-4 andre ledd skal lyde:

Utdanningsdirektoratet kan etter søknad gi løyve til at språklege parallellutgåver av læremiddel for fagområde med små elevgrupper eller for fag i rask endring kan liggje føre som kombinasjonar av trykte og elektroniske utgåver, t.d. som utskrifter frå diskett, utskrifter frå Internett eller bestillingsproduserte utgåver.

I tvilstilfelle avgjer Fylkesmannen i det fylket der barnet oppheld seg, kven som er ansvarleg for kostnadene.

Kapittel 24 oppheves.

II

Endringane trer i kraft 15. juni 2004.