Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova.
I kraft fra: 2004-08-01
I
I forskrift 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova blir det gjort følgjande endring:
§ 1-4 skal lyde:
Det kan overførast inntil 114 undervisningstimar mellom dei to hovudtrinna småskoletrinnet og mellomtrinnet når det er grunngitt med at skoleskyssen er særleg lang eller særleg vanskeleg å organisere, eller at skolen er fådelt. Elevar som skifter skole på grunn av flytting, er omfatta av den vedtekne timefordelinga for den skolen dei til kvar tid går ved. Det samla undervisningstimetalet i faget norsk på småskoletrinnet skal aukast frå 1026 til 1140. For elevar som har samisk som førstespråk, skal denne timetalsauken leggjast til faget samisk. Det samla undervisningstimetalet i faget samisk som førstespråk på småskoletrinnet skal aukast frå 686 til 800. Det samla undervisningstimetalet i faget matematikk på småskoletrinnet skal aukast frå 532 til 608.
Overgangsordning
Frå og med skoleåret 2004–2005 skal skolane fordele det nye timetalet på barnetrinnet, 6422 timar (6574 etter L97S) på fag og klassar i samsvar med reglane ovanfor. Den nye fordelinga må ikkje føre til at dei elevane som gjekk på skolen skoleåret 2003–2004, får eit lågare timetal enn 6232 (6384 etter L97S) i løpet av barnetrinnet. Fylkesmannen kan gi dispensasjon frå den nemnde regelen om minstetimetalet 6232 dersom fordelinga er grunngitt med skyssordninga, og timetalsreduksjonen for dei elevane det gjeld, er minimal.
II
Endringa trer i kraft 1. august 2004.