Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og familiedepartementet

Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot.

LTI/forskrift/2004-06-29-1056·Kunngjort 6. juli 2004·Journalnr. 2004-0942

I kraft fra: 2004-07-01

I

I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir det gjort følgjande endringar:

§ 6 tredje ledd skal lyde:

Midla til eige underhald er satt som ein fast sats for einslege, og ein fast sats for sambuande/gifte. Satsane skal regulerast årleg i medhald av endringane i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Satsane skal regulerast kvart år ut i frå endringa i konsumprisindeksen for januar månad i høve til indeksen ved førre regulering. Satsane skal òg haldast vedlike ved at satsane blir samanlikna med større endringar som gjerast i Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) sitt standardbudsjett for forbruksutgifter.

Vedlegget skal lyde:

Grunnlagstal her vert endra kvart år.

Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)

Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd.

Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0-5 år 6-10 år 11 år og meir Forbruksutgifter 2.830 3.760 4.940 Buutgifter 800 800 800

Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 560 Deltid, park, SFO 220

Frådrag

Den til ein kvar tid fastsette barnetrygd.

Den tilskotspliktige sin del av underhaldskostnaden etter § 2 Den tilskotspliktige sin del av foreldra og barnet sine samla inntekter {Ibp/(Ibp + Ibm + Ibb)} Den tilskotspliktige sin del av underhaldskostnaden 0,000-0,249 1/6 0,250-0,416 2/6 0,417-0,583 3/6 0,584-0,750 4/6 0,751-1,000 5/6

Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad).

Midla til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midla til eige underhald 6.565 5.558 Buutgifter 4.761 2.826

Midla til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 1.840 920

Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 28 prosent og trygdeavgifta til 7,8 prosent. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn.

Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0-5 år 6-10 år 11 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 Samværsklasse 1 (2-3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 170 230 315 Samværsklasse 2 (4-8 netter per månad) 565 755 1.035 Samværsklasse 3 (9-13 netter per månad) 790 1.055 1.445 Samværsklasse 4 (14-15 netter per månad) 990 1.320 1.815

II

Endringane gjeld frå 1. juli 2004.