Forskrift om endring i forskrift om tilskott til avløysing.
I kraft fra: 2005-01-01
I
I forskrift 23. november 1998 nr. 1086 om tilskott til avløysing blir det følgjande endringar:
§ 1, § 2, § 3, § 4 og § 5 skal lyde:
For tilskott til avløysing ved ferie og fritid: Formålet med ordninga er å bidra til å fremje avløysing i jordbruket. For tilskott til avløysing ved sjukdom mv.: Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere leige av avløysarar i jordbruket i føretak med husdyrproduksjon, eller heilårs veksthusproduksjon når ein som har næringsinntekt frå føretaket som følgje av sjukdom mv. ikkje kan delta i arbeidet i føretaket.
I onnetida skal ordninga også bidra til å finansiere avløysing i føretak med planteproduksjon eller honningproduksjon når ein som har næringsinntekt frå føretaket som følgje av sjukdom mv. ikkje kan delta i arbeidet i føretaket.
Avløysarlag; definisjonen i § 2 i forskrift om administrasjonstilskott til avløysarlag gjeld. Avløysarring; to eller fleire føretak som har gått saman om å tilsetje felles avløysar. Ringen må ha styre og vedtekter som er godkjende av kommunen. Fellesbeite for mjølkeproduksjon som er organisert på same måte, kan reknast som avløysarring i beitesesongen.
er registrert som meirverdiavgiftspliktig etter lov 19. juni 1969 nr. 66 om meirverdiavgift § 28 og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak etter same lov § 31, eller har hatt ein samla omsetnad og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 30.000 i løpet av dei siste 12 månader før den registreringsdato som er fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret for søknad om produksjonstilskott.
Føretak med bihald kan likevel berre gjevast tilskott til avløysing ved sjukdom.
Det kan ikkje gjevast tilskott til skolar og andre offentlege og private institusjonar.
Avløysinga må ordnast som eit arbeidsgjevar- og arbeidstakartilhøve. Føretaket kan overlate arbeidsgjevaransvaret til eit avløysarlag, ein avløysarring eller kommunen.
Avløysar må vere minst 16 år.
ein som har næringsinntekt frå føretaket, ektemake/sambuar til ein som har næringsinntekt frå føretaket.
Tilskott til avløysing kan berre gjevast til dekning av faktiske utgifter til løn, feriepengar, arbeidsgjevaravgift og avgiftspliktig kjøregodtgjersle til avløysar, forutsatt at utgifter er innberetta til kommunekasseraren. Rapportering av lønsutgifter skal vere foreteke innafor Skattedirektoratet si frist for innlevering av lønns- og trekkoppgåve. Utgifter til arbeidsgjevaravgift for 6. termin skal takast med ved søknad om sluttutbetaling av tilskott til avløysing ved ferie og fritid. Det kan òg refunderast utgifter til landbruksvikar og utgifter til kjøp av avløysartenester frå eit avløysarlag eller ein avløysarring.
Fylkesmannen kan i særskilde tilfelle gi dispensasjon ved for sein innrapportering. For tilskott til avløysing ved ferie og fritid er det særskilde reglar for andre føretak enn enkeltpersonføretak.
§ 7, § 8, § 9 og § 10 skal lyde:
Husdyrslag og vekstgrupper som dannar grunnlag for avløysartilskott, maksimalt tilskottsbeløp pr. føretak, nedre grense for krav til tilskott samt satsane blir fastsett i jordbruksoppgjeret.
Grunnlaget for fastsetjing av maksimalt tilskott er dyretalet på driftseininga pr. 1. januar i avløysaråret. For slaktegrisar, livdyrgris (levande vekt over 50 kg), gjæser, kalkunar, ender, livkyllingar og slaktekyllingar blir tal slakta dyr og/eller tal selde livdyr i føregåande år lagt til grunn for fastsetjing av maksimalt tilskott pr. driftseining. Det kan også gjevast tilskott for livkalkun definert som kalkun hos oppalar tenkt for sal, og der kalkunen kan vere inntil 28 veker gamal.
Blir husdyrbruket driven av ulike føretak i løpet av avløysaråret, blir tilskottet fordelt mellom føretaka etter den månaden skiftet skjer. Føretaket må sjølv melde frå om skiftet til kommunen. Maksimalt tilskott blir gjort gjeldande som grunnlag for tilskott frå og med månaden etter det er fastsett og ut året. Føretak som går inn i samdrift i mjølkeproduksjon i løpet av året, får behalde tilskottet som vart fastsett med grunnlag i søknad pr. 1. januar ut året. Føretak som går ut av slik samdrift i løpet av året, får fastsett nytt avløysartilskott etter søknad pr. 1. januar året etter.
I 2005 kan eingongstilskott gjevast til føretak som har rett på tilskott til avløysing ved ferie og fritid. Eingangstilskottet blir fastsett som ein prosent av maksimalt tilskott pr. føretak. Prosentsatsen blir fastsett av Statens landbruksforvaltning.
Kravet om at avløysinga må ordnast som eit arbeidsgjevar- og arbeidstakartilhøve jf. § 5 samt krav om dokumentasjon av utgifter, gjeld ikkje for andre føretak enn enkeltpersonføretak.
Føretak som eiges heilt eller delvis av deltakar i samdrift i mjølkeproduksjon, kan utan omsyn til det som elles følgjer av denne forskrift, gjevast tilskott til avløysing ved ferie og fritid for andre dyreslag enn storfe, dersom desse dyra ikkje inngår i driftsfellesskap med samdriftas verksemd.
Frist for søknad er 20. januar året etter at avløysinga har skjedd. Frist for søknad om det særskilde eingongstilskottet i 2005 er 20. januar i 2005.
Ved bruk av avløysar tilsett i avløysarlag skal avløysarlaget sende inn oppgåve for kjøp av tenester.
Ved bruk av kommunal avløysar må det leggjast ved kvittering for betalt avløysing.
Føretaket plikter å gi nødvendig dokumentasjon av utgifter ved kontroll. Statens landbruksforvaltning fastset nærare retningsliner for dette.
§ 13 skal lyde:
Sjukdom: Retten til tilskott opphører når den som treng avløysing har vore sjukemeldt i til saman 365 dagar i dei siste tre åra. Vedkommande får igjen rett til tilskott når han har vore heilt arbeidsfør i 26 veker. Fylkesmannen kan gjere unntak frå krava i særlege tilfelle. Svangerskap/fødsel: Retten gjeld i inntil 42 veker (294 dagar) ved 100%, eller 52 veker (364 dagar) ved 80% tilskot. Den som treng avløysing må på førehand avtale kva for alternativ som vert ønska. Dei to alternativa kan ikkje kombinerast. I tillegg gjeld retten når ei som er gravid treng avløysing i perioden ho mottek svangerskapspengar. Ein slik periode går ikkje inn i fødselspermisjonstida på 42 eller 52 veker. Det blir kravd at den som søkjer om tilskott må ha vore i arbeid på føretaket i minst 6 av dei 10 siste månadene før fødselen. Fylkesmannen kan gjere unntak frå dette kravet i særlege tilfelle. Retten til tilskott er knytta til søkjaren i det tidsrom han eller ho tek imot fødselspengar etter folketrygdlova. Avløysinga ved 100%-regelen skal skje i samanheng innafor eit tidsrom på 12 veker før fødsel og 39 veker etter, men til saman ikkje meir enn 42 veker. Ved 80%-regelen innafor eit tidsrom på 12 veker før fødsel og 49 veker etter, men til saman ikkje meir enn 52 veker. I begge høve må 3 veker takast før fødselen. Inntil 12 veker før fødselen og dei første 6 vekene etter fødselen er sett av til mora. 4 veker av resten av fødselspermisjonen er sett av til faren. Dersom barnet døyr eller foreldra ikkje har omsorg for barnet, kan mora få tilskott for tidsrommet frå fødselspermisjonen er begynt og inntil 6 veker etter fødselen. Faren kan få tilskott i inntil 14 dagar i samband med fødsel, dersom han bur saman med mor og barn, og ingen av foreldra nyttar ordninga. Avløysinga skal skje i samanheng innafor tidsrommet frå to veker før fødselen til tre veker etter at mora er komen heim frå fødestue/sjukehus. Adopsjon av barn under 15 år: Då gjeld same regel som ved fødsel. Barnet kan ikkje vere stebarn. Følgje av sjukt barn: Følgje av sjukt barn under 12 år eller funksjonshemma barn under 16 år til behandling på sjukehus, institusjon eller spesialist inntil 20 dagar pr. år for kvar av foreldra. Einslege foreldre kan få inntil 40 dagar pr. år. Fylkesmannen kan i særlege tilfelle forlengje perioden. Foreldre med barn under 16 år som har ein kronisk sjukdom, kan kvar få tilskott for inntil 20 dagar pr. år (40 dagar for einslege) når barnet er sjukt. Dødsfall: Ved dødsfall kan attlevande ektemake/sambuar, barn eller foreldre gjevast tilskott i inntil 8 veker etter dødsfallet. Sjukepengar skal ikkje trekkjast i dette høvet. Fylkesmannen kan i særlege høve forlenge perioden det ytast tilskott.
§ 16 skal lyde:
Ved delvis sjukmelding skal maksimal dagsats for ordninga og føretaket sin maksimale dagsats reduserast etter sjukemeldingsgraden.
II
Endringane trer i kraft frå og med 1. januar 2005.