Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av småfe.

LTI/forskrift/2005-03-14-232·Kunngjort 18. mars 2005·Journalnr. 2005-0216

I kraft fra: 2005-04-01

Kapittel I. Formål, virkeområde og definisjonar

§ 1 . Formål

Formålet med denne forskrifta er å førebyggje spreiing av smittsame sjukdommar i samband med innførsel og utførsel av levande småfe.

§ 2 . Virkeområde

Forskrifta gjeld dei dyrehelsemessige vilkåra ved innførsel og utførsel innanfor EØS, samt innførsel frå tredjeland av levande småfe.

§ 3 . Definisjonar

Definisjonane i forskrift 31. desember 1998 nr. 1484 om tilsyn og kontroll ved innførsel og utførsel av levende dyr, annet avlsmateriale og animalsk avfall innen EØS, og ved innførsel av levende dyr fra land utenfor EØS og i forskrift 2. april 2001 nr. 384 om transport av levende dyr gjeld i denne forskrifta så langt dei passar.

Småfe: Levande dyr av sau og geit. Slaktedyr: Småfe som enten direkte eller via ein godkjent oppsamlingssentral skal bli sendt til slakteri for å bli slakta. Avls- og produksjonsdyr: Småfe som ikkje går inn under nr. 2 eller nr. 4 og som enten direkte eller via ein godkjent oppsamlingssentral skal bli ført til transportmålet for å bli nytta til avl, oppdrett eller produksjon. Dyr til oppfôring: Småfe som ikkje går inn under nr. 2 eller nr. 3 og som enten direkte eller via ein godkjent oppsamlingssentral skal bli ført til transportmålet for å bli fôra opp for seinare slakt. Buskap: Alle dyr innafor same driftseining med slik kontakt at smitte kan bli overført, også indirekte. Driftseining: Ei landbruksverksemd der det jamt vert halde eller alt opp dyr, eller ei offentleg godkjent verksemd for forretningsmessig omsetning av dyr. Opphavseining: Driftseining der småfe har vore halde kontinuerlig i samsvar med krava i forskrifta her, og der det finst oppteikningar som dokumenterer dette og som offentleg styresmakt kan kontrollere. Offisielt brucellosefri driftseining: Driftseining som tilfredsstiller vilkåra i direktiv 91/68/EØF vedlegg A, kapittel 1, punkt 1. Brucellosefri driftseining: Driftseining som tilfredsstiller vilkåra i direktiv 91/68/EØF vedlegg A, kapittel 2. Godkjent oppsamlingssentral: Lokalitet der småfe frå ulike driftseiningar blir samla under oppsyn av offentleg veterinær, slik at dei dannar parti av dyr berekna på handel innafor EØS-området. Oppsamlingssentral: Samleplass og marknad der småfe frå ulike driftseiningar blir samla under oppsyn av offentleg veterinær, slik at dei dannar parti av dyr berekna på transport innanlands. Livdyrforhandlar: Fysisk eller juridisk person som direkte eller indirekte kjøper og sel dyr kommersielt, som har fast omsetnad av desse dyra, og seinast 29 dagar etter å ha kjøpt dyra sel dei vidare eller flyttar dei frå lokaliteten der dei først blei plassert til andre lokalitetar eller direkte til eit slakteri som han ikkje sjølv eig. Godkjent lokalitet for livdyrforhandlar: Lokalitet drive av livdyrforhandlar som definert i nr. 11, som er godkjent av kompetent styresmakt og der småfe frå ulike driftseiningar blir samla slik at dei dannar parti av dyr berekna på handel innafor EØS-området. Transportør: Fysisk eller juridisk person som omhandla i artikkel 5 i direktiv 91/628/EØF, jf. forskrift 2. april 2001 nr. 384 om transport av levende dyr. Offentleg veterinær: Veterinær som er gitt offentleg mynde av kompetent sentral styresmakt i det aktuelle landet. Offentleg godkjent laboratorium: Eit laboratorium som er godkjent i avsendarlandet til å utføre dei diagnostiske testane som er omtala i denne forskrifta. Epizootifri sone: Eit område rundt eksportbuskapen med ein diameter på 20 km der det dei siste 30 dagane ikkje har vore utbrot av munn- og klauvsjuke, smittsamt blæreutslett eller smittsam griselammelse. Region: Eit område av eit land som er minst 2000 km 2 , som er under offentleg veterinærkontroll og som inneheld minst ei av dei administrative einingane som er nemnt i vedlegg A til forskrifta her. Tredjeland: Land som verken er medlem av Den Europeiske Union eller som gjennom EØS-avtala har inngått avtale med EU om handel med småfe. Meldepliktige sjukdomar: Sjukdomar lista opp i vedlegg B til direktiv 91/68/EØF.

§ 4 . Opphav og identifikasjon

Ein kan berre handle med levande småfe som enten er født og sidan fødselen har opphalde seg innafor EØS-området eller som er importert til EØS-området frå eit tredjeland i samsvar med reglane i kapittel III i forskrifta her.

Småfe skal vere merkte med øyremerke eller annan identifikasjon som er godkjent i avsendarlandet, i tråd med reglane i forskrift 3. september 2002 nr. 970 om merking, registrering og rapportering av dyr. Det einskilde dyret skal vere identifisert og registrert slik at det er råd å finne attende til buskapen det kom frå.

§ 5 . Kontakt med andre dyr

Småfe som er omfatta av forskrifta her skal frå dei forlèt opphavseininga til dei når mottakarstaden ikkje komme i kontakt med klauvdyr som ikkje har same helsestatus.

Småfe som er omfatta av forskrifta her skal ikkje på noko tidspunkt frå dei forlèt opphavseininga til dei kjem fram til mottakarstaden sette helsestatusen til småfe som ikkje er meint for handel innanfor EØS-området i fare.

Kapittel II. Krav som gjeld ved handel med småfe innafor EØS-området

§ 6 . Oversyn over kva for reglar som gjeld i det einskilde høvet

Ein kan berre handle med slaktedyr som tilfredsstiller krava i § 4, § 5 andre ledd, § 8, § 9, § 10 og § 14.

Ein kan berre handle med dyr til oppfôring som tilfredsstiller krava i § 4, § 5 andre ledd, § 8, § 9 og § 12. Dette rører ikkje ved eventuelle tilleggsgarantiar mottakarlandet kan krevje i samsvar med artikkel 7 og 8 i direktiv 91/68/EF.

Ein kan berre handle med avls- og produksjonsdyr som tilfredsstiller krava i § 4, § 5 andre ledd, § 8, § 9, § 11 og § 12. Dette rører ikkje ved eventuelle tilleggsgarantiar mottakarlandet kan krevje i samsvar med artikkel 7 og 8 i direktiv 91/68/EF.

Kompetent styresmakt i mottakarlandet kan vedta generelle eller konkrete unntak frå reglane i andre og tredje ledd for rørsle som gjeld avls- og produksjonsdyr eller dyr til oppfôring som eine og aleine skal beite mellombels i nærleiken av indre grenser innafor EØS-området.

§ 7 . Helsesertifikat

Under transport til mottakarstaden skal småfe alltid vere følgd av eit helsesertifikat skrivi ut av offentleg veterinær i avsendarlandet. Sertifikatet skal vere utfylt etter mønster av den av sertifikatmodellane i vedlegg C som er riktig i det einskilde høvet. Det skal vere slik at det utgjer ei integrert heilskap og skal vere utstyrt med eit løpenummer. Sertifikatet skal skrivast ut den dagen helseundersøkinga finn sted, på minst eit av dei offisielle språka i mottakarlandet. Helsesertifikatet er gyldig i 10 dagar etter at det blei skrivi ut.

Helseundersøking for utferding av helsesertifikat for ei sending kan finne stad på opphavseininga, på ein godkjent oppsamlingssentral eller, når det gjeld slaktedyr, på godkjent lokalitet for livdyrforhandlar. Dette gjeld og helseundersøking for tilleggsgarantiar. Den offentlege veterinæren skal skrive ut sertifikatet når han har gjort ferdig alle undersøkingar, besøk og kontrollar denne forskrifta krev.

Den offentlege veterinær som er ansvarleg for oppsamlingssentralen skal sette i verk naudsynte kontrollundersøkingar straks dyra kjem til staden.

Når avls- og produksjonsdyr og dyr til oppfôring blir sendt frå ein godkjent oppsamlingssentral i landet dei opphavleg kjem frå til eit anna EØS-land, kan helsesertifikata, som omhandla i første ledd og som tilsvarer vedlegg C modell II eller III, berre bli skrivi ut på grunnlag av kontrollundersøkingane omtala i tredje ledd og eit offisielt dokument med dei naudsynte opplysningane, skrivi ut av den offentlege veterinæren som er ansvarleg for opphavseininga til dyra.

Når slaktedyr blir sendt frå ein godkjent oppsamlingssentral eller frå ein godkjent lokalitet for livdyrforhandlar i landet dei opphavleg kjem frå til eit anna EØS-land, kan helsesertifikatet, som omhandla i første ledd og som tilsvarer vedlegg C modell 1, berre bli utferda på grunnlag av kontrollundersøkingane omtala i tredje ledd og eit offisielt dokument med dei naudsynte opplysningane, skrivi ut enten av den offentlege veterinæren som er ansvarleg for opphavseininga eller av den offentlege veterinæren som er ansvarleg for den godkjente oppsamlingssentralen, jf. § 10 tredje ledd a nr. i.

Når slaktedyr passerer gjennom ein godkjent oppsamlingssentral, jf. reglane i § 10 tredje ledd b nr. ii, skal den offentlege veterinæren som er ansvarleg for den godkjente oppsamlingssentralen i transittlandet ordne med dokumentasjon overfor mottakarlandet ved å skrive ut eit nytt helsesertifikat etter modell 1 i vedlegg C. Dette skal fyllest ut ved hjelp av data frå det originale helsesertifikatet/dei originale helsesertifikata og til det nye sertifikatet skal det leggas ved ein offisielt stadfesta kopi av det/dei originale. I dette tilfellet kan sertifikata samanlagt ikkje vere gyldige lenger enn det reglane i første ledd tilseier.

Når offentlege veterinærar skriv ut helsesertifikat etter modellane i vedlegg C, skal dei same dag som sertifikatet blir utferda sørgje for at sendinga av dyra blir registrert i TRACES-systemet.

I tillegg til krava i artikkelen her skal offentleg veterinær ta omsyn til vedtak 29. mars 2001 nr. 423 om instruks om utstedelse av sertifikater for levende dyr og animalske næringsmidler mv. når han skriv ut helsesertifikat.

§ 8 . Generelle krav

Småfe skal inspiserast av offentleg veterinær i løpet av dei siste 24 timar før sending. Dyra skal da ikkje vise kliniske teikn på sjukdom.

Ein kan ikkje handle med småfe som kjem frå driftseining eller som har vore i kontakt med dyr frå driftseining som er pålagt offentlege restriksjonar på dyrehelsegrunnlag. Ein kan heller ikkje handle med småfe som det kan vere naudsynt å slakte i samband med nasjonalt nedkjempingsprogram for smittsam sjukdom som ikkje er omhandla i vedlegg C til direktiv 90/425/EØF eller vedlegg B til direktiv 91/68/EØF.

Dersom det har vore utbrot av brucellose, rabies eller miltbrann i driftseininga skal alle dyr som er smitta eller kan tenkast å vere smitta vere slakta og/eller bortskaffa, og det skal vere følgjande fristar før ein igjen kan føre dyr ut av driftseininga: For brucellose 42 døgn, for rabies 30 døgn og for miltbrann 15 døgn.

Ein kan ikkje handle med småfe som kjem frå driftseining eller som har vore i kontakt med dyr frå driftseining som ligg i område som av helsegrunnar er omfatta av offentleg forbod eller restriksjon.

Ein kan ikkje handle med småfe som i samsvar med artikkel 13 i Avtala om det europeiske økonomiske samarbeidsområde (EØS-avtala) ikkje kan bli omsatt i den regionen dei kjem frå.

§ 9 . Krav som gjeld før og under sending

Småfe som ikkje tilfredsstiller krava i leddet her kan ikkje sendast til eit anna land innafor EØS-området. Dei må ha opphalde seg utan avbrot på opphavseininga i minst 30 dagar eller sia fødselen dersom dei er yngre enn dette. Dei må ikkje komme frå driftseining som har tatt inn nye småfe i løpet av dei siste 21 dagar før sending. Dei må ikkje komme frå driftseining som har tatt inn klauvdyr frå tredjeland i løpet av dei siste 30 dagar før sending. Reglane i andre og tredje setning i leddet her gjeld ikkje for slaktedyr, jf. § 10 første og andre ledd.

Kompetent styresmakt kan gjere unntak frå tredje og fjerde setning i første ledd dersom dyra før sending har vore fullstendig isolert frå alle andre dyr på driftseininga.

Dyra kan ikkje vere utafor driftseininga dei kjem frå i meir enn seks dagar før siste gang dei blir sertifisert for handel til den endelege mottakarstaden i eit anna EØS-land i samsvar med det utfylte helsesertifikatet. Dersom dyra blir transportert til sjøs blir denne fristen forlenga med den tida sjøreisa tar.

Når dyra har forlate driftseininga dei kjem frå, skal dei sendast direkte til mottakarstaden i eit anna EØS-land. Før dyra kjem fram til mottakarstaden i eit anna EØS-land, kan dei likevel passere gjennom maksimalt ein godkjent oppsamlingssentral, som skal ligge i landet dyra kjem frå. Slaktedyr kan passere gjennom ein godkjent lokalitet for livdyrforhandlar, som skal ligge i landet dyra kjem frå, i staden for gjennom ein godkjent oppsamlingssentral. For slaktedyr går reglane i § 10 tredje ledd føre føresegna i leddet her.

Slaktedyr som blir ført direkte til slakteri når dei kjem til mottakarlandet skal bli slakta der så raskt som mogleg og seinast innan 72 timar etter at dei kom til staden.

§ 10 . Særlege reglar for slaktedyr

Ein kan handle med slaktedyr dersom dei har opphalde seg utan avbrot på driftseininga dei kjem frå i minst 21 dagar. Regelen i § 9 første ledd andre setning gjeld ikkje for slaktedyr.

Ein kan handle med slaktedyr som kjem frå driftseining som har tatt inn nye småfe i løpet av dei siste 21 dagar før sending, dersom slaktedyra blir transportert direkte til eit slakteri for å bli slakta umiddelbart utan å passere gjennom ein oppsamlingssentral eller ein stoppestad oppretta i samsvar med reglane i forskrift 2. april 2001 nr. 384 om transport av levande dyr, jf. direktiv 91/628/EØF. Regelen i § 9 første ledd tredje setning gjeld i dette høvet ikkje for slaktedyr.

Før dei passerer gjennom den godkjente oppsamlingssentralen, som omhandla i § 9 fjerde ledd andre og tredje setning, oppfyller dyra følgjande krav: Etter å ha forlate driftseininga dei kjem frå, passerer dyra ein oppsamlingssentral som står under oppsyn av offentleg veterinær og der det på same tid berre blir tillate dyr med minst same helsestatus, og dyra blir identifisert enkeltvis i samsvar med regelen i § 4 andre ledd andre punktum seinast i den aktuelle oppsamlingssentralen, slik at dei i det einskilde høvet kan bli spora tilbake til driftseininga dei kjem frå, og frå oppsamlingssentralen må dyra vere følgd av eit offisielt veterinærdokument og bli transportert direkte til den godkjente oppsamlingssentralen som omhandla i § 9 fjerde ledd, andre og tredje setning, for der å bli sertifisert og sendt direkte til eit slakteri i mottakarlandet.

Eller

Etter sending frå landet dyra kjem frå og før dei blir sendt vidare til slakteriet i mottakarlandet, kan dyra passere gjennom ein godkjent oppsamlingssentral på følgjande vilkår: Den godkjente oppsamlingssentralen ligg i mottakarlandet og dyra blir, på den offentlege veterinæren sitt ansvar, sende direkte derifrå til eit slakteri der dei blir slakta seinast fem dagar etter at dei kom fram til den godkjente oppsamlingssentralen, eller Den godkjente oppsamlingssentralen ligg i eit transittland innafor EØS-området og dyra blir sende direkte derfrå til slakteriet i det mottakarlandet som er oppgitt i helsesertifikatet. Helsesertifikatet skal vere utferda i samsvar med reglane i § 7 sjette ledd.

§ 11 . Krav til avls- og produksjonsdyr

Dei skal komme frå og berre ha vore i kontakt med dyr frå driftseining: der følgjande sjukdommar ikkje har vore klinisk diagnostisert: smittsam agalakti hos sau ( Mycoplasma agalactiae ) eller smittsam agalakti hos geit ( Mycoplasma agalactiae , M. capricolum, M. mycoides var. Mycoides «large colony») dei siste 6 månadene, paratuberkulose eller byllesjuke (kaseøs lymfadenitt) dei siste 12 månadene, lungeadenomatose, mædi/visna eller caprin artritt og encefalitt (CAE) dei siste tre åra. Denne perioden kan reduserast til 12 månader dersom driftseininga har slakta ut dyr med mædi/visna eller CAE og resten av dyra har reagert negativt i to påfølgjande testar som følgjer føresegna i artikkel 15 i direktiv 91/68/EØF. Eller som for ein eller fleire av sjukdommane som nemnt i punkt (i) ovafor, utan å bryte krava som gjeld for dei andre sjukdommane, i samsvar med eit program som er godkjent etter føresegna i artikkel 7 og 8 i direktiv 91/68/EØF, kan stille helsegarantiar som er tilsvarande gode i forhold til den aktuelle sjukdommen. Der ikkje noko forhold som gjer det mogleg å konkludere med at krava i punkt (i) ikkje er oppfylt har kommi fram for den offentlege veterinær som skal skrive ut helsesertifikatet. Der eigaren har erklært at han ikkje har hatt kjennskap til slike forhold og i tillegg har levert skriftlig erklæring om at det eller dei dyr som skal bli brukt til handel innafor EØS-området oppfyller vilkåra i punkt (i). Med omsyn til smittsam epididymitt ( Brucella ovis ) skal ukastrerte verar til avl og produksjon: Komme frå driftseining der det ikkje har vore påvist noko tilfelle av smittsam epididymitt ( B. ovis ) dei siste 12 månadene. Ha opphalde seg kontinuerlig på denne driftseininga dei siste 60 dagar før sending. Ha gjennomgått serologisk testing med negativt resultat i samsvar med føresegna i vedlegg D i direktiv 91/68/EØF i løpet av dei siste 30 dagane før sending, eller oppfylle helsegarantiar som er tilsvarande gode i forhold til den aktuelle sjukdommen og som skal godkjennast etter reglane i artikkel 15 i direktiv 91/68/EØF. Det skal vere merka av i eit helsesertifikat skrivi ut i samsvar med modell III i vedlegg C at desse krava er oppfylt.

§ 12 . Brucellose

Avls- og produksjonsdyr og dyr til oppfôring som kjem frå land eller område som ikkje er offisielt fritt for brucellose, skal ikkje innførast til Noreg utan at dei er blitt testa med omsyn på brucellose ( Brucella melitensis ). Prøvetaking skal skje i samsvar med direktiv 91/68/EØF.

§ 13 . Overførbare spongiforme encefalopatiar (TSE)

Ein kan ikkje handle med småfe som ikkje tilfredsstiller krava i forskrift 30. mars 2004 nr. 595 om forebygging av, kontroll med og utryddelse av overførbare spongiforme encefalopatiar (TSE), jf. forordning (EF) nr. 999/2001 med seinare endringar vedlegg VIII.

§ 14 . Munn- og klauvsjuke

Ein kan ikkje handle med småfe som er undergitt restriksjonar på grunnlag av reglar om munn- og klauvsjuke eller som er vaksinert mot denne sjukdommen.

§ 15 . Oppsamlingssentralar

Oppsamlingssentralen skal vere under tilsyn av offentleg veterinær, som særleg skal kontrollere at kravet i § 5 første ledd er oppfylt. Oppsamlingssentralen skal ligge i eit område som ikkje er omfatta av forbod eller restriksjonar på grunnlag av relevante nasjonale eller EØS-rettslege reglar. Før bruk skal oppsamlingssentralen bli reingjort og desinfisert i samsvar med instruksjonar frå offentleg veterinær. I samsvar med kapasiteten den einskilde oppsamlingssentralen har til å ta imot dyr, skal han ha: Anlegg som berre tener dette føremålet når han blir brukt som oppsamlingssentral, Egna innretningar til vatning og fôring, til naudsynt pleie og til å lesse dyra på og av på ein korrekt måte. Innretningane skal vere lette å reingjere og desinfisere. Egna innretningar til inspeksjon. Egna innretningar til isolasjon. Utstyr egna til reingjering og desinfisering av lokaler og lastebilar. Egna lagringsplass til fôr, søppel og husdyrgjødsel. Eit egna anlegg for oppsamling av avløpsvatn. Kontor til den offentlege veterinæren. Oppsamlingssentralen kan berre ta imot dyr som er identifisert i samsvar med føresegna i § 4 andre ledd og som oppfyller helsekrava i forskrifta her. For å sikre dette skal eigaren av eller den ansvarlege leiaren for oppsamlingssentralen forsikre seg om at dyra blir følgt av dei helsesertifikat og dokument som denne forskrifta krev når dei kjem fram til staden. Oppsamlingssentralen skal bli kontrollert regelmessig av kompetent styresmakt, for å sikre at krava for godkjenning blir følgt.

Namn på eigar, kor dyra kjem frå, dato for mottak og sending, tal og identifikasjon av dyra eller registreringsnummeret på opphavseininga til dyra som blir mottatt i oppsamlingssentralen og, dersom det passar, namn og registreringsnummer på oppsamlingssentral som dyra har passert før dei kjem til denne oppsamlingssentralen, samt planlagt endeleg mottakarstad. Registreringsnummer både på transportfirma og på lastebil som leverer eller samlar opp dyra frå oppsamlingssentralen.

Kompetent styresmakt skal gi kvar godkjent oppsamlingssentral eit godkjenningsnummer. Godkjenninga kan vere avgrensa til sau eller geit eller til ein eller fleire av småfegruppene som definert i § 3 andre ledd nummer 2, 3 og 4.

Kompetent styresmakt kan suspendere eller trekkje tilbake godkjenning dersom føresegnar i denne forskrifta eller andre relevante reglar blir brote. Godkjenninga kan då tre i kraft igjen dersom kompetent styresmakt får godtgjort at oppsamlingssentralen på ny oppfyller alle relevante krav.

§ 16 . Livdyrforhandlar

Han må berre handle med dyr som er identifisert og kjem frå driftseining som oppfyller krava i denne forskrifta. Ansvaret for at dyra er identifisert i samsvar med § 4 andre ledd og følgd av korrekte helsedokument i samsvar med § 7 ligg hos livdyrforhandlaren. Han skal registrere opplysningane lista opp nedafor i eit register eller ein database. Opplysningane skal registrerast på grunnlag av dokumenta som følgjer dyra eller på grunnlag av identifikasjonsnumra eller -merkene til dyra og opplysningane skal oppbevarast i minst tre år: Namn på eigar, kor dyra kjem frå, kjøpsdato, kategoriar, tal og identifikasjon av dyra eller registreringsnummeret på opphavseininga til dyra og, dersom det passar, namn og registreringsnummer på oppsamlingssentral som dyra har passert før kjøpet, samt endeleg mottakarstad. Registreringsnummer på transportfirma og/eller på lastebil som leverer eller samlar opp dyra. Namn og adresse på kjøpar og endeleg mottakarstad for dyra. Kopiar av eventuelle ruteplanar og/eller løpenummer på helsesertifikat. Når dyr oppheld seg på anlegget til livdyrforhandlaren skal han sikre: At personalet som har ansvar for dyra blir gitt særleg opplæring med omsyn til krava i denne forskrifta og til reglar om handsaming av dyr og dyrevern. At naudsynte undersøkingar og prøver av dyra blir regelmessig utført av offentleg veterinær og at alle naudsynte tiltak for å unngå spreiing av smittsam sjukdom blir gjennomført.

Dei skal vere under tilsyn av offentleg veterinær. Dei skal ligge i eit område som ikkje er omfatta av forbod eller restriksjonar på grunnlag av relevante nasjonale eller EØS-rettslege reglar. Dei må ha: Stor nok kapasitet og egna innretningar for inspeksjon og isolasjon, som gjer det mogleg å halde alle dyra isolert i tilfelle av utbrott av ein smittsam sjukdom. Egna innretningar til å lesse dyra av og om naudsynt oppstalle dei på korrekt måte, vatne og fôre dei og gi dei naudsynt stell. Innretningane skal vere enkle å reingjere og desinfisere. Egna plass til oppbevaring av søppel og husdyrgjødsel. Egna system for oppsamling av avløpsvatn. Før bruk skal dei reingjerast og desinfiserast i samsvar med instruksjonar frå offentleg veterinær.

Kompetent styresmakt kan suspendere eller trekke tilbake godkjenning dersom føresegnar i forskrifta her eller andre relevante reglar blir brote. Godkjenninga kan då tre i kraft igjen dersom kompetent styresmakt får godtgjort at livdyrforhandlaren på ny oppfyller alle relevante krav.

Kompetent styresmakt kan gjennomføre regelmessige kontrollar for å sikre seg om at livdyrforhandlarar oppfyller desse krava.

§ 17 . Transport

Transportmiddel skal straks etter transport av dyr eller produkt som kan påverke helsa til dyr bli vaska og desinfisert med eit desinfeksjonsmiddel som er godkjent av kompetent styresmakt. Om nødvendig skal transportmidlet òg vaskast og desinfiserast før ny transport av dyr. Avføring, strø eller fôr må ikkje lekke eller falle ut av kjøretøyet under transporten.

Transportøren skal enten rå over høvelege innretningar til reingjering og desinfeksjon som er godkjent av kompetent styresmakt, dette omfattar mellom anna innretningar til oppbevaring av avfall og husdyrgjødsel, eller kunne dokumentere at desse funksjonane blir utført av tredjemann som er godkjent av kompetent styresmakt.

Stad og dato for oppsamlinga, adresse og namn eller firmanamn på driftseininga eller oppsamlingssenteret der dyra blei samla opp. Stad og dato for levering, adresse og namn eller firmanamn på mottakar. Art og tal på dyra som blir transportert. Dato og stad for desinfisering. Data i dokumenta som følgjer dyra (sertifikatnummer og liknande).

Transport av småfe skal skje på slik måte at dyra ikkje kjem i kontakt med dyr med lågare helsestatus, jf. § 5. Dette gjeld frå dyra forlét opphavseininga og til dei kjem fram til mottakarstaden. Ansvaret for at den regelen blir overhalde ligg hos transportøren.

Transportøren skal gi skriftleg fråsegn om at alle naudsynte tiltak vil bli gjennomført for å oppfylle reglane i denne forskrifta eller i direktiv 91/68/EØF, mellom anna føresegna i denne paragrafen eller i artikkel 8c i direktivet og føresegna som gjeld dokumentasjon kring dyra. Han skal og gi skriftleg fråsegn om at dei som gjennomfører transporten har naudsynt kompetanse, faglege kvalifikasjonar og kunnskap.

Kapittel III. Krav som gjeld for innførsel av småfe til EØS-området frå tredjeland

§ 18 . Opphav og opphald

Det er berre tillate å innføre småfe frå tredjeland eller område av tredjeland som er godkjent i samsvar med direktiv 72/462/EØF. Liste over godkjente tredjeland og område av tredjeland framgår av vedlegg B.

Avls- og produksjonsdyr og småfe til oppfôring skal ha opphalde seg i avsendarlandet samanhangande i minst 6 månader eller sidan fødsel, og slaktedyr minimum 3 månader eller sidan fødsel.

§ 19 . Helsesertifikat

Med småfe skal det følgje eit helsesertifikat i original skrivi ut av lokal offentleg veterinær på eit standardformular utarbeidd eller godkjent av kompetent styresmakt i samsvar med sertifikatmodellane i vedtak 2003/708/EF. Sertifikatet skal vere på minst eit av språka som blir nytta i avsendarlandet og i mottakarlandet. Det skal vere slik utforma at det utgjer ein integrert heilskap.

Kvart helsesertifikat må berre omfatte dyr som blir transportert med same transportmiddel, og som skal frå ei og same driftseining til ein mottakar.

Offentleg veterinær skal skrive ut helsesertifikatet på dagen for lastinga. Helsesertifikatet er gyldig i 10 dagar.

§ 20 . Helsekrav

Ved innførsel frå tredjeland skal det aktuelle tredjelandet i dei siste 12 månadene ha vore fritt for kvegpest, bluetongue, smittsam caprin pleuropneumoni, småfepest, epizootic haemorrhagic disease, sauekoppar, geitekoppar og Rift Valley feber og dei siste 6 månadene fritt for vesikulær stomatitt. Dyra skal heller ikkje ha vore vaksinerte mot dei nemnde sjukdommane. Andre dyr i landet skal heller ikkje ha vore vaksinert for desse sjukdommane.

Småfe skal komme frå driftseining som ikkje har hatt utbrot av munn- og klauvsjuke på 2 år og ikkje er pålagd restriksjonar når det gjeld denne sjukdommen. Det må gå fram av helsesertifikatet at dyra ikkje har vore vaksinerte mot munn- og klauvsjuke.

ikkje vere vaksinert og reagere negativt på virus- eller antistofftest, ha vore isolert i avsendarlandet enten på ei driftseining eller ved ein karantenestasjon i 14 dagar under overvaking av offentleg veterinær. Ingen andre dyr i driftseininga eller på karantenestasjonen må ha blitt vaksinert dei siste 21 dagane og ingen andre dyr må ha blitt ført inn enn dei som skal bli sendt, bli satt i karantene i 21 dagar i mottakarlandet.

§ 21 . Overførbare spongiforme encefalopatiar (TSE)

Ein kan ikkje handle med småfe som ikkje tilfredsstiller krava i forskrift 30. mars 2004 nr. 595 om forebygging av, kontroll med og utryddelse av overførbare spongiforme encefalopatiar (TSE), jf. forordning (EF) nr. 999/2001 med seinare endringar vedlegg IX.

Kapittel IV. Avsluttande vilkår

§ 22 . Kontroll ved innførsel og utførsel

Ved handel mellom EØS-land og når småfe blir ført inn til Noreg frå tredjeland, skal dyra og dokumenta som følgjer dei bli kontrollert etter føresegnene i forskrift 31. desember 1998 nr. 1484 om tilsyn og kontroll ved innførsel og utførsel av levende dyr, annet avlsmateriale og animalsk avfall innen EØS, og ved innførsel av levende dyr fra land utenfor EØS.

§ 23 . Tilsyn og vedtak

Mattilsynet fører tilsyn og fattar vedtak for å gjennomføre føresegner gitt i og i medhald av denne forskrifta i samsvar med matloven § 23 om tilsyn og vedtak og kan i samband med det treffe vedtak etter § 24 om særskild smittesanering, § 25 om stenging og virksomhetskarantene og § 26 om tvangsmulkt.

§ 24 . Dispensasjon

Mattilsynet kan i særlege høve dispensere frå føresegnene i denne forskrifta, såframt det ikkje vil stride mot dei internasjonale forpliktingar Noreg har, under dette EØS-avtala.

§ 25 . Sikringstiltak

Etter matloven § 23 første ledd kan Mattilsynet på kort varsel og utan vederlag til importør eller eksportør stoppe innførsel eller utførsel av småfe dersom særlege tilhøve når det gjeld dyrehelsa i avsendarlandet eller andre tilhøve krev det.

§ 26 . Utgifter

Alle utgifter i samband med innførsel og utførsel av levande småfe er uvedkommande for det offentlege.

§ 27 . Straff

Forsettleg eller aktlaust brot på forskrifta her eller føresegner og vedtak gitt i medhald av denne forskrifta, er straffbart etter matloven § 28.

§ 28 . Iverksetjing og overgangsordningar

Denne forskrifta blir sett i verk 1. april 2005. Frå same dato blir forskrift 31. desember 1998 nr. 1480 om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av småfe oppheva.

Vedlegg A. Administrative einingar tilsvarande region

Noreg: Fylke Belgia: Province/provincie Danmark: Amt eller ø Estland: Maakond Finland: Lääni/län Frankrike: Département Hellas: νoμóζ Irland: County Italia: Provincia Kypros: Eπαpχiα (distrikt) Latvia: Rajons Litauen: Apskritis Luxembourg: – Malta: – Nederland: RVV-kring Polen: Powiat Portugal: Fastlandet: Distrito Øvrige områder: Regiao autonoma Slovakia: Kraj' Slovenia: Območje Spania: Provincia Storbritannia: England, Wales og Nord-Irland: County Skottland: District eller island area Sverige: Län Den tsjekkiske republikk: Tyskland: Regierungsbezirk Ungarn: Megye Østerrike: Bezirk

Vedlegg B. Liste over godkjente tredjeland og område i tredjeland

ISO-landkode Land Helsesertifikat 93/198/EØF Slaktedyr annex 1 part 1 (a) Slaktedyr 1 annex 1 part 1 (b) Produksjonsdyr annex 2 part 1 (a) Avlsdyr annex 2 part 1 (b) Offisielt brucellosefritt AR Argentina AU Australia BY Kviterussland 1 BA Bosnia-Hercegovina 1 BG Bulgaria 5 x 5 x 5 x 5 CA Canada 4 x 4 x 4 x 4 CL Chile x x YU Jugoslavia 1 GL Grønland x x x IS Island HR Kroatia 2 x x x NZ New Zealand x x x RO Romania 3 x x x RU Russland CH Sveits x x x UY Uruguay US USA

1 Midlertidig importforbud.

2 Midlertidig importforbud for områda Sisacko-Moslavacka, Karolvacka, Licko-Senjska, Brodsko-Posavska, Zadarsko-Kniska, Osjecko-Baranjska, Sivenska, Vukovarsko-Srijemska, Splitsko-Dalmatinska, Dubrovacko-Neretvanska. Utvidet forhåndsvarsel på 48 timer, minst 15 dagers karantene før sending, negativ serologi for munn- og klauvsjuke for områda Zagrebacka, Krapinsko-Zagorska, Varazdinska, Koprivnicko-Krizevacka, Bjelovarsko-Bilogorska, Primorsko-Goranska, Viroviticko-Podravska, Pozesko-Slavonska, Istarska, Medimurska og Grad Zagreb.

3 Utvida førehandsvarsel på 48 timer, minst 15 dagers karantene før sending, negativ serologi for munn- og klauvsjuke.

4 Unntatt Okanagan Balley-regionen i Britisk Columbia, definert som ei linje frå grensa Canada/USA, lengdegrad (lg) 120 ° 15', breddegrad (bg) 49 °, i nord til punkt lg 119 ° 35' bg 50 ° 30' nordaust til punkt lg 119 ° bg 50 ° 45', i sør til eit punkt på grensa mellom Canada-USA lg 118 ° 15' bg 49 ° .

5 Utvida førehandsvarsel på 48 timer. Minst 15 dagers karantene før sending, negativ serologi for munn- og klauvsjuke fra provinsene Varna, Dobrich, Silistra, Choumen, Targovichte, Razgrad, Rousse, V.Tarnovo, Gabrovo, Pleven, Lovetch, Plovdiv, Smolian, Pasardjik, Sofia district, Sofia city, Pernik, Kustendil, Blagoevgrad, Vratza, Montana, Vidin, Mihialovograd, Veliko og Tolbouhin.

Vedlegg C. Helsesertifikatmodellar for handel med småfe innafor EØS-området

(pdf)