Forskrift om endring i forskrift om tilskot til livssynssamfunn.
I kraft fra: 2005-04-19
I
I forskrift 1. desember 1988 nr. 996 blir det gjort følgjande endringar:
§ 1 første og annet ledd skal lyde:
Livssynssamfunn med meir enn 500 medlemer med rett til tilskot, jf. § 5 i lova, kan krevje årleg tilskot frå statskassa. Tilskotet vert rekna ut frå talet på slike medlemer.
Livssynssamfunn som får tilskot etter første leden kan krevje kommunalt tilskot for dei medlemene med rett til tilskot som bur i kommunen.
§ 2 tredje punktum og nytt fjerde punktum skal lyde:
Innsende rekneskap over bruk av kommunale og statlege tilskotsmidlar skal attesterast av statsautorisert eller registrert revisor. Kultur- og kyrkjedepartementet fastset frist for innsending av rekneskap.
§ 3 skal lyde:
Søknad om statstilskot skal sendast for eitt år om gongen til fylkesmannen.
Alle livssynssamfunn skal sende oversikt over fødselsnummer til alle medlemer livssynssamfunnet søkjer om tilskot for. Oversikta skal vere i samsvar med spesifikasjonar fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet, som også fastset søknadsfrist.
Oversiktene blir jamførte med Det sentrale folkeregisteret og oversikter frå alle trudoms- og livssynssamfunn og Den norske kyrkja.
Livssynssamfunnet skal via fylkesmannen få informasjon om nødvendige korreksjonar. Kultur- og kyrkjedepartementet fastsetter nærare reglar for innhald og form for tilbakemeldinga. Dersom ein person står oppført i fleire trudoms- eller livssynssamfunn, skal fylkesmannen etter nærmare reglar frå Kultur- og kyrkjedepartementet, gjere vedtak om kva for trudoms- og livssynssamfunn som eventuelt har krav på tilskot.
Når den årlege kontrollen er gjennomført, skal Brønnøysundregistra og fylkesmannen fysisk slette alle oversikter som inneheld fødselsnummer, og stadfeste dette skriftleg overfor Kultur- og kyrkjedepartementet.
organisasjonsnummer.
§ 6 skal lyde:
Kultur- og kyrkjedepartementet fastset sats for utrekninga av statstilskot med grunnlag i dei årlege budsjetterte utlegga til Den norske kyrkja. Frå summen vert trekt utlegg som er sams for alle innbyggjarane i riket og som ikkje er utlegg til eigentlege kyrkjelege føremål (medrekna meirutgifter til vedlikehald av freda eller verna kyrkjebygg og andre utlegg til alminnelege kulturføremål). Det netto utlegget som kjem fram vert delt med talet på medlemene i Den norske kyrkja. Dette gir eit utlegg pr. statskyrkjemedlem.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil kvart år i rundskriv til fylkesmannen gi melding om den satsen som skal nyttast ved utrekninga av statstilskotet til livssynssamfunn. Samstundes vil ein greie ut om korleis satsen er rekna ut.
§ 8 skal lyde:
Livssynssamfunn som har fått statstilskot, vil av dei kommunane der det er busett medlemer, få utbetalt kommunalt tilskot. Kultur- og kyrkjedepartementet skal sende kvar kommune oversikt over tal på medlemer det skal utbetalast tilskot for i dei ulike livssynssamfunna i den respektive kommunen.
§ 9 første ledd tredje punktum skal lyde:
I utleggsutrekninga vert det ikkje tatt med utlegg som er sams for alle innbyggjarane i kommunen og som ikkje er utlegg til eigentlege kyrkjelege føremål (medrekna m.a. meirutgifter til vedlikehald av freda eller verna kyrkjebygg, andre utlegg til alminnelege kulturføremål, til kyrkjegardar, krematorier og gravkapell, og til sosialt hjelpearbeid).
II
Endringane trer i kraft straks.