Forskrift om gjennomføring i norsk rett av vedlegg IV til EØS-avtala nr. 18 (forordning (EF) nr. 2422/2001) om eit fellesskapsprogram for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr gjeld som forskrift med dei tilpasninger som følgjer av vedlegg IV og protokoll 1 til avtala og avtala elles.
I kraft fra: 2005-06-03
I
[EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR –
med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 175 nr. 1,
med tilvising til framlegget frå Kommisjonen , 1
med tilvising til fråsegna frå Økonomi- og sosialutvalet , 2
etter samråd med Regionutvalet,
etter den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 251 i traktaten, 3 og
ut frå desse synsmåtane:
Kontorutstyr utgjer ein stor del av det samla elektrisitetsforbruket. Det mest effektive tiltaket for å redusere elektrisitetsforbruket til kontorutstyr, er å redusere forbruket i kviletilstand, i samsvar med konklusjonane til Rådet av mai 1999 om energitap hjå elektronisk forbrukarutstyr. Dei ulike modellane som finst tilgjengelege på fellesskapsmarknaden, har svært ulikt forbruk i kviletilstand
Det kan òg gjerast andre tiltak for å redusere elektrisitetsforbruket til slikt utstyr, t.d. å slå det av når det ikkje er i bruk og når dette ikkje går ut over funksjonaliteten til utstyret. For å kunne utnytte dette potensialet for energisparing bør Kommisjonen avgjere kva tiltak som er føremålstenlege.
Det er viktig å fremje tiltak som sikrar at den indre marknaden verkar tilfredsstillande.
Det er ønskjeleg å samordne dei nasjonale initiativa for energimerking, slik at den negative innverknaden på industri og handel vert så liten som råd.
I framlegg til tilnærming av lover og forskrifter i medlemsstatane om helse, tryggleik, miljøvern og forbrukarvern bør utgangspunktet vere eit høgt vernenivå. Denne forordninga medverkar til å sikre eit høgt vernenivå for både miljøet og forbrukaren, ettersom siktemålet er å betre energieffektiviteten til denne typen utstyr monaleg.
Ettersom måla for det framlagde tiltaket ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, og difor betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne forordninga lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.
I artikkel 174 i traktaten er det vidare fastsett at måla for fellesskapspolitikken på miljøområdet m.a. skal omfatte vern og betring av miljøet og ei varsam og fornuftig utnytting av naturressursane. Produksjon og forbruk av elektrisk kraft står for 30 % av dei utsleppa av karbondioksid (CO 2 ) som er valda av menneske, og svarar til om lag 35 % av det primære energiforbruket i Fellesskapet. Desse prosentdelane er aukande, og tap som er valda av utstyr i kviletilstand, står for om lag 10 % av forbruket til utstyret.
Rådsvedtak 89/364/EØF av 5. juni 1989 om Fellesskapets handlingsprogram for bedre elektrisitetsutnyttelse 4 har eit dobbelt mål: å oppmuntre forbrukarane til å velje apparat og utstyr med høg elektrisitetseffektivitet, og å betre effektiviteten til apparata og utstyret. Det er naudsynt med ytterlegare tiltak for å betre forbrukarinformasjonen.
I protokollen til rammekonvensjonen til Dei sameinte nasjonane om klimaendring, som vart underteikna i Kyoto 10. desember 1997, vert det oppmoda til at Fellesskapet seinast i tidsrommet 2008–2012 reduserer utsleppa av klimagassar med 8 %. For å nå dette målet trengst det strengare tiltak for å redusere CO 2 -utsleppa i Fellesskapet.
I europaparlaments- og rådsbeslutning 2179/98 av 24. september 1998 om revisjon av Det europeiske fellesskaps program for politikk og tiltak på området miljø og bærekraftig utvikling, «Mot en bærekraftig utvikling» 5 er ei av hovudprioriteringane for integrering av miljøkrav at det på energiområdet skal innførast energieffektivitetsmerking av apparat.
I resolusjonen sin av 7. desember 1998 om energieffektivitet i Det europeiske fellesskapet 6 oppmoda Rådet til meir bruk av merking av apparat og utstyr.
Det er ønskjeleg at krava til, merkinga av og prøvingsmetodane for energieffektivitet vert samordna når dette er føremålstenleg.
Det meste av energieffektivt kontorutstyr finst tilgjengeleg til same eller til ein litt høgare pris, og eventuelle tilleggskostnader kan difor ofte tenast inn på heller kort tid gjennom lågare forbruk av elektrisitet. På dette området kan difor målet om å spare energi og redusere utsleppa av CO 2 nåast på ein kostnadseffektiv måte, utan at det er til ulempe for forbrukarane eller industrien.
Handelen med kontorutstyr er verdsomfattande. Avtala mellom regjeringa i Sambandsstatane og Det europeiske fellesskapet om samordning av programma for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr vil lette den internasjonale handelen og miljøvernet når det gjeld slikt utstyr. Denne forordninga har som mål å gjennomføre den førnemnde avtala i Fellesskapet.
For å kunne påverke krava til Energy Star-merket, som vert nytta over heile verda, bør Fellesskapet ta del i denne merkingsordninga og i utarbeidinga av dei naudsynte tekniske spesifikasjonane. Kommisjonen må likevel gjere jamlege vurderingar for å sikre at dei tekniske kriteria er ambisiøse nok, og ta tilstrekkeleg omsyn til interessene til Fellesskapet.
Ei effektiv ordning for handheving er naudsynt for å sikre at programmet for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr vert gjennomført på ein korrekt måte, samstundes om ho garanterer rettvise konkurransevilkår for produsentar og vernar rettane til forbrukarane.
Denne forordninga omfattar berre kontorutstyr.
Rådsdirektiv 92/75/EØF av 22. september 1992 om angivelse av husholdningsapparaters energi- og ressursforbruk ved hjelp av merking og standardiserte vareopplysninger 7 er ikkje det mest høvelege verkemiddelet når det gjeld kontorutstyr. Det mest kostnadseffektive tiltaket for å fremje energieffektiviteten til kontorutstyr, er eit frivillig program for merking.
For at ordninga skal kunne gjennomførast på ein effektiv og nøytral måte, må eit høveleg organ, Kontoret for Energy Star i Det europeiske fellesskapet (ECESB), få til oppgåve å medverke i utarbeidinga og revisjonen av dei tekniske spesifikasjonane. ECESB bør vere samansett av nasjonale representantar.
Det må sikrast at det er samsvar og samanheng mellom programmet for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr og prioriteringane innanfor fellesskapspolitikken og med andre fellesskapsordningar for merking eller sertifisering, t.d. dei som er fastsette ved direktiv 92/75/EØF og ved europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000 av 17. juli 2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke. 8
For å hindre forvirring for forbrukarane og skiplingar i marknaden er det er ønskjeleg at fellesskapsprogrammet for Energy Star vert samordna med andre frivillige ordningar for energimerking av kontorutstyr i Fellesskapet.
For å lette tilgangen til og deltakinga i ordninga for produsentar og eksportørar frå tredjestatar er det naudsynt å sikre at det er klarleik i gjennomføringa av ordninga, og at det er samsvar med relevante internasjonale standardar –
1 TEF C 150 E av 30.5.2000, s. 73, og TEF C 180 E av 26.6.2001, s. 262.
2 TEF C 204 av 18.7.2000, s. 18.
3 Europaparlamentsfråsegn av 1. februar 2001 (TEF C 267 av 21.9.2001, s. 49), felles haldning frå Rådet av 31. mai 2001 (enno ikkje offentleggjord i TEF) og europaparlamentsavgjerd av 3. oktober 2001.
4 TEF L 157 av 9.6.1989, s. 32.
5 TEF L 275 av 10.10.1998, s. 1.
6 TEF C 394 av 17.12.1998, s. 1.
7 TEF L 297 av 13.10.1992, s. 16.
8 TEF L 237 av 21.9.2000, s. 1.
VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:] 1*
1* Ordlyden i innleiinga (fortala) til dei rettsakter som EØS-avtalens vedlegg omhandlar, er ikkje tilpassa EØS-avtalen, jf. EØS-avtalens protokoll 1 nr 1, der det heiter at innleiinga berre er relevant i den grad den kan bidra til ei korrekt tolking av føresegnene i rettsakta innafor ramma av EØS-avtalen.
Art 1 . Mål
I denne forordninga vert det fastsett reglar for fellesskapsprogrammet for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr (heretter kalla «Energy Star-programmet») slik det er definert i avtala mellom regjeringa i Sambandsstatane og EØS-statane 1* om samordning av programma for energieffektivitetsmerking av kontorutstyr (heretter kalla «avtala»). Deltakinga i Energy Star-programmet er frivillig.
1* «Det europeiske fellesskapet» må her forståast som «EØS-statane»
Art 2 . Verkeområde
Denne forordninga skal nyttast på dei produktgruppene av kontorutstyr som er definerte i vedlegg C til avtala, med atterhald for eventuelle endringer i samsvar med artikkel X i avtala.
Art 3 . Definisjonar
«felles logo» det merket som er oppført i vedlegget, «programdeltakarar» produsentar, monteringsføretak, eksportørar, importørar, detaljistar og andre organ som pliktar seg til å fremje utvalde energieffektive kontorutstyrsprodukt som stettar spesifikasjonane i Energy Star-programmet, og som har valt å ta del i Energy Star-programmet ved å late seg registrere hjå EFTAs faste komité, 1* «spesifikasjonar» dei krava til energieffektivitet og yting, medrekna prøvingsmetodar, som vert nytta til å fastsetje om energieffektive kontorutstyrsprodukt kan godkjennast for merking med den felles logoen.
1* Jfr. EØS-avtalens protokoll 1 nr. 4 bokstav d: Innanfor EØS skal dei forvaltningsfunksjonar som Kommisjonen har på EF-sida, på EFTA-sida utførast etter ordningar som EFTA-statane sjølv skal fastsette. Etter Avtala om EFTAs faste komité protokoll 1 nr. 2 skal Kommisjonens oppgåver, tilsvarande dei som er lista opp i nr 1, utførast av EFTAs faste komité.
Art 4 . Allmenne prinsipp
1. Der det er føremålstenleg, skal Energy Star-programmet samordnast med andre fellesskapssystem for merking eller sertifisering og med andre ordningar, særleg ordninga for tildeling av fellesskapsmiljømerket, som er fastsett ved forordning (EØF) nr. 880/92, og ordninga for merking av og standardiserte vareopplysningar for energi- og ressursbruken til hushaldsapparat, som er fastsett ved direktiv 92/75/EØF.
2. Programdeltakarar og andre organ kan merke sine eigne kontorutstyrsprodukt med den felles logoen og nytte han til marknadsføring av desse produkta.
3. Kontorutstyrsprodukt som den felles logoen kan nyttast på etter at dei har fått godkjenning av miljøvernbyrået i Sambandsstatane (USEPA) til slik bruk, skal reknast for å vere i samsvar med denne forordninga, med mindre det ligg føre prov på det motsette.
4. Utan at det rører ved EØS-reglane 1* for samsvarsvurdering og samsvarsmerking og/eller ved eventuelle internasjonale avtaler som er gjorde mellom EØS-statane 2* og tredjestatar med omsyn til tilgang til fellesskapsmarknaden, kan det utførast prøvingar for produkt som er omfatta av denne forordninga og vert marknadsførde i EØS-statane , for såleis å kontrollere at dei stettar krava i denne forordninga.
1* «Fellesskapsreglene» må her forståst som «EØS-reglane».
2* «Fellesskapet» må her forståst som «EØS-statane».
Art 5 . Registrering av programdeltakarar
1. Søknadar om å verte programdeltakar skal sendast over til EFTAs faste komité
2. EFTAs faste komité skal ta avgjerd om å godkjenne ein søkjar som programdeltakar etter å ha kontrollert at søkjaren har gjeve samtykke til å rette seg etter dei retninglinjene for bruk av logoen som er førde opp i vedlegg B til avtala. EFTAs faste komité skal offentleggjere ei ajourførd liste over programdeltakarar og jamleg sende denne over til EØS-statane. 1*
1* «Medlemsstatane» må her forstås som «EØS-statane».
Art 6 . Marknadsføring og informasjon
1. EFTAs faste komité skal, i samarbeid med EØS-statane og medlemmene i ECESB, gjere sitt beste for å oppmuntre til bruk av den felles logoen gjennom medvitsaukande tiltak og informasjonskampanjar for forbrukarar, leverandørar, forhandlarar og ålmenta.
2. Kvar EØS-stat skal, ved hjelp av alle tilgjengelege verktøy i EØS-statane , leggje vinn på å sikre at forbrukarar og andre organ som det kjem ved, skal gjerast medvitne om eller få tilgang til detaljerte opplysningar om Energy Star-programmet.
3. For å oppmuntre til kjøp av kontorutstyrsprodukt som ber den felles logoen, skal EFTAs faste komité og andre fellesskapsorgan, saman med andre offentlege styresmakter på nasjonalt plan og utan at det rører ved EØS-regelverket , 1* nasjonal lovgjeving og økonomiske kriterium, oppmuntre til at det vert nytta energieffektivitetskrav som er minst like strenge som spesifikasjonane i Energy Star-programmet når krava til kontorutstyrsprodukt skal definerast.
1* «Fellesskapsregelverket» må her forståast som «EØS-regelverket»
Art 7 . Andre frivillige ordningar for energimerking
1. Eksisterande og nye frivillige ordningar for energimerking av kontorutstyrsprodukt i EØS-statane kan nyttast parallelt med Energy Star-programmet.
2. EFTAs faste komité og EØS-statane skal syte for å sikre den samordninga som er naudsynt mellom Energy Star-programmet og nasjonale ordningar og andre merkingsordningar.
[ Art 8 . Kontoret for Energy Star i Det europeiske fellesskapet
1. Kommisjonen skal skipe eit kontor for Energy Star i Det europeiske fellesskapet (ECESB), som er samansett av nasjonale representantar slik det er nemnt i artikkel 9, og av andre partar som det kjem ved. ECESB skal revidere gjennomføringa av Energy Star-programmet i Fellesskapet og når det er føremålstenleg, gje råd og støtte til Kommisjonen slik at han kan utføre oppgåva si som forvaltingsorgan.
2. Eitt år etter at denne forordninga tek til å gjelde og kvart påfølgjande år skal ECESB utarbeide ein rapport om gjennomtrenginga av marknaden av produkt som ber den felles logoen, og om den teknologien som finst tilgjengeleg for å redusere energiforbruket.
3. Kommisjonen skal syte for at ECESB, i den grad det er mogleg og for kvar gruppe av kontorutstyrsprodukt, sikrar ei balansert deltaking frå alle dei partane som den aktuelle produktgruppa kjem ved, t.d. produsentar, detaljistar, importørar, miljøverngrupper og forbrukarorganisasjonar.
4. Kommisjonen skal fastsetje møteføresegnene til ECESB, samstundes som det vert teke omsyn til synspunkta til medlemsstatane sine representantar i ECESB.
5. Kommisjonen skal jamleg melde frå til Europaparlamentet og Rådet om verksemda til ECESB.] 1*
1* Dette gjeld den interne arbeidsforma for kontoret, og teksten er difor ikkje EØS-tilpassa. Tilsvarande oppgåver på EFTA-sida skal gjerast av EFTAs faste komité.
Art 9 . Nasjonale representantar
Kvar EØS-stat skal, slik det er føremålstenleg, peike ut nasjonale sakkunnige, styresmakter eller personar på området energipolitikk (heretter kalla «nasjonale representantar») som har ansvaret for å utføre dei oppgåvene som er fastsette i denne forordninga. I tilfelle der fleire enn éin nasjonal representant vert utpeikt, skal EØS-staten avgjere kva fullmakter desse representantane skal ha og kva samordningskrav som skal gjelde for dei.
Art 10 . Arbeidsplan
måla for betringar av energieffektiviteten, samstundes som det vert teke omsyn til trongen for høge krav til forbrukar- og miljøvern, og måla for den gjennomtrenginga av marknaden som Energy Star-programmet bør ta sikte på å verkeleggjere på EØS-plan, 1* ei ikkje-utfyllande liste over kontorutstyrsprodukt som i første rekkje bør omfattast av Energy Star-programmet, utkast til framlegg til opplærings- og marknadsføringskampanjar og andre tiltak som er naudsynte, framlegg til samordning og samarbeid mellom Energy Star-programmet og andre frivillige ordningar for energimerking i EØS-statane .
Arbeidsplanen skal reviderast jamleg. Han skal reviderast første gongen seinast tolv månader etter at han er send over til Europaparlamentet og Rådet, og deretter kvar tolvte månad.
1* «Fellesskapsplan» må her forståst som «EØS-plan».
[ Art 11 . Førebuande framgangsmåtar for revisjon av tekniske kriterium
Kommisjonen kan be ECESB om å gjere framlegg til revisjon av avtala. ECESB kan òg gjere framlegg for Kommisjonen på eige initiativ. Kommisjonen skal rådspørje ECESB kvar gong han mottek eit framlegg til revisjon frå USEPA. Når ECESB gjev fråsegna si til Kommisjonen , skal det ta omsyn til resultata frå føregranskingar og marknadsgranskingar, og til den teknologien som finst tilgjengeleg for å redusere energiforbruket. Kommisjonen skal ta særleg omsyn til målet om å fastsetje tekniske spesifikasjonar på høgt nivå, samstundes som det vert teke omsyn til den tilgjengelege teknologien og dei kostnadene som er knytte til slik teknologi, for å redusere energiforbruket slik det er gjort greie for i den rapporten frå ECESB som er nemnd i artikkel 8 nr. 2.] 2*
1 TEF L 172 av 26.6.2001, s. 1.
2* Denne artikkelen gjeld den interne kompetansefordelinga i EU. Jf. likevel EØS-avtalens artiklar 81, 100 og 101.
Art 12 . Overvaking av marknaden og kontroll med misbruk
1. Den felles logoen skal berre nyttast i samband med produkt som er omfatta av avtala og er i samsvar med retningslinjene for bruk av logoen i vedlegg B til avtala.
2. All falsk eller villeiande reklame eller bruk av eit merke eller ein logo som kan forvekslast med den felles logoen som vert innført ved denne forordninga, er forboden.
3. EFTAs faste komité skal sikre at den felles logoen vert nytta på rett måte ved å setje i verk eller samordne dei tiltaka som det er gjort greie for i artikkel VIII nr. 2, 3 og 4 i avtala. EØS-statane skal gjere høvelege tiltak for å sikre at føresegnene i denne forordninga vert etterlevde på territoriet deira, og melde frå til EFTAs faste komité om dette. Dersom programdeltakar og andre organ ikkje stettar føresegnene, kan EØS-statane sende over til EFTAs faste komité prov på dette, slik at EFTAs faste komité kan gjere innleiande tiltak.
Art 13 . Gjennomføring
EØS-statane skal, innan tolv månader etter at denne forordninga tek til å gjelde, melde frå til EFTAs faste komité om dei tiltaka som er gjorde for å sikre at føresegnene i forordninga vert stetta.
Art 14 . Revisjon
Før partane i avtala drøftar ei lenging av avtala i samsvar med artikkel XII i avtala, skal EFTAs faste komité vurdere Energy Star-programmet i lys av dei røynslene som er gjorde i det tidsrommet programmet har vore verksamt.
EFTAs faste komité skal innan 15. januar 2005 utarbeide og sende over til Europaparlamentet og Rådet ein rapport om overvaking av energieffektiviteten på marknaden for kontorutstyr i EØS-statane , som inneheld ei vurdering av korleis Energy Star-programmet verkar og dersom det er naudsynt, framlegg til tiltak som utfyller programmet. Rapporten skal innehalde ei gransking av resultata frå dialogen mellom EØS-statane og Sambandsstatane, og særleg vurdere om Energy Star-spesifikasjonane er tilstrekkeleg effektive.
Art 15 . Sluttføresegner
Denne forordninga tek til å gjelde 30. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Dei europeiske fellesskapa .
Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane. 1*
1* Jf. EØS-avtalens vedlegg IV, jf. Protokoll 1 nr. 11og 12: Føresegner om iverksetjing eller gjennomføring av rettsaktene i vedlegga til avtalen er ikkje relevant i høve til denne avtale. Tidsfrister for EFTA-statane og tidspunkt for å setje i verk og gjennomføre desse rettsaktene følgjer av avtalas iverksetjingstidspunkt samt av føresegner om overgangsordninger. Føresegner som viser at ei fellesskapsakt er retta til Fellesskapets medlemsstatar er ikkje relevant i høve til denne avtale.
Utferda i Brussel, 6. november 2001.
For Europaparlamentet
N. FONTAINE
President
For Rådet
D. REYNDERS
Formann
VEDLEGG
ENERGY STAR-LOGOEN
I svart/kvitt:
I fargar:
II
Forskrifta blir sett i verk frå 3. juni 2005.