Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og familiedepartementet

Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot.

LTI/forskrift/2005-05-31-502·Kunngjort 3. juni 2005·Journalnr. 2005-0443

I kraft fra: 2005-07-01

I

I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir det gjort følgjande endringar:

§ 3 femte ledd skal lyde:

Til frådrag i dei samla kostnadene kjem den satsen for barnetrygd som gjeld når grunnlagstala i underhaldskostnaden vert endra kvart år.

Vedlegget skal lyde:

Grunnlagstal her vert endra kvart år.

Underhaldskostnaden etter § 3 (kroner per månad)

Underhaldskostnaden som skal fordelast mellom foreldra, utgjer kostnader minus barnetrygd.

Forbruksutgifter og buutgifter Alderen til barnet 0-5 år 6-10 år 11 år og meir Forbruksutgifter 2.850 3.760 4.970 Buutgifter 1.180 1.180 1.180

Utgifter til barnetilsyn når tilskotsmottakaren mottek stønad til barnetilsyn frå folketrygda 64 prosent stønad Heiltidsbarnehage 540 Deltid, park, SFO 220

Frådrag

Barnetrygd

Den tilskotspliktige sin del av underhaldskostnaden etter § 2 Den tilskotspliktige sin del av foreldra og barnet sine samla inntekter {Ibp/(Ibp + Ibm + Ibb)} Den tilskotspliktige sin del av underhaldskostnaden 0,000-0,249 1/6 0,250-0,416 2/6 0,417-0,583 3/6 0,584-0,750 4/6 0,751-1,000 5/6

Tilskotsevne etter § 6 (kroner per månad).

Midla til eige underhald og buutgifter Einslege Gifte/sambuande Midla til eige underhald 6.637 5.619 Buutgifter 4.544 2.806

Midla til underhald av eigne barn i eigen husstand Barnet har ein bustad Barnet har delt bustad 2.030 1.020

Skattebelastninga i tilskotsevnevurderinga skal setjast til 28 prosent og trygdeavgifta til 7,8 prosent. Minstefrådraget og personfrådraget skal reknast inn.

Samværsfrådrag etter § 9 (kroner per månad) Alderen til barnet 0-5 år 6-10 år 11 år og meir Ikkje samvær/samvær mindre enn samværsklasse 1 0 0 0 Samværsklasse 1 (2-3 netter eller 2 eller fleire dagar per månad) 175 230 320 Samværsklasse 2 (4-8 netter per månad) 580 765 1.060 Samværsklasse 3 (9-13 netter per månad) 810 1.070 1.480 Samværsklasse 4 (14-15 netter per månad) 1.015 1.345 1.855

II

Endringane gjeld frå 1. juli 2005.