Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova.
I kraft fra: 2005-06-27, 2005-08-01
I
I forskrift 28. juni 1999 nr. 722 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
I hjemmelshenvisningene satt i parentes under kapitteloverskriftene i kapitlene 1, 3, 5 og 8 skal henvisningen til opplæringsloven § 2-3 andre ledd erstattes med § 2-3 tredje ledd.
§ 1-4 skal lyde:
Det kan overførast inntil 114 undervisningstimar mellom 1.-4. årstrinn og 5.-7. årstrinn når det er grunngitt med at skoleskyssen er særleg lang eller særleg vanskeleg å organisere, eller at skolen er fådelt. Elevar som skifter skole på grunn av flytting, er omfatta av den vedtekne timefordelinga for den skolen dei til kvar tid går ved. Det samla undervisningstimetalet i faget norsk på 1.-4. årstrinn skal aukast til 1140. For elevar som har samisk som førstespråk, skal denne timetalsauken leggjast til faget samisk. Det samla undervisningstimetalet i faget samisk som førstespråk på 1.-4. årstrinn skal aukast til 800. Det samla undervisningstimetalet i faget matematikk på 1.-4. årstrinn skal aukast til 646 (tilsvarande etter L97S). Det samla undervisningstimetalet i faget samfunnsfag på 1.-4. årstrinn skal aukast til 228 (tilsvarande etter L97S). Det samla undervisningstimetalet i faget natur- og miljøfag på 1.-4. årstrinn skal aukast til 190 (204 etter L97S). Det samla undervisningstimetalet i faget engelsk på 1.-4. årstrinn skal aukast til 133 (tilsvarande etter L97S). Det samla timetalet på 1.-4. årstrinn er etter dette 3496 (3585 etter L97S).
Overgangsordning
Frå og med skoleåret 2005–2006 skal skolane fordele det nye timetalet på barnetrinnet, 6574 timar (6726 etter L97S) på fag og årstrinn i samsvar med reglane ovanfor. Den nye fordelinga må ikkje føre til at dei elevane som gjekk på skolen skoleåret 2004–2005, får eit lågare timetal enn 6422 (6574 etter L97S) i løpet av barnetrinnet. Fylkesmannen kan gi dispensasjon frå den nemnde regelen om minstetimetalet 6422 (6574 etter L97S) dersom fordelinga er grunngitt med skyssordninga, og timetalsreduksjonen for dei elevane det gjeld, er minimal.
II
Endringane i hjemmelshenvisningene under kapitteloverskriftene trer i kraft straks. Endringene i § 1-4 trer i kraft fra og med 1. august 2005.