Hopp til innhold
Forskriftsendring
Utdannings- og forskningsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til friskolelova.

LTI/forskrift/2005-07-08-811·Kunngjort 14. juli 2005·Journalnr. 2005-0731

I kraft fra: 2005-08-01

Endrerforskrift/2003-09-26-1194

I

I forskrift 26. september 2003 nr. 1194 til friskolelova blir det gjort følgjande endringar:

Ny § 7 skal lyde:

Vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar, jf. friskolelova § 6A-3 andre ledd Skolar for funksjonshemma, jf. friskolelova § 3-1 andre ledd andre punktum.

I tillegg kan desse skolane ta inn vaksne søkarar utan rett til vidaregåande opplæring: Danielsen Intensivgymnas med inntil 186 elevar Gjennestad gartnerskole med inntil 58 elevar Handelsinstituttet med inntil 69 elevar Handverksskolen med inntil 15 elevar Holgersens videregående skole med inntil 14 elevar Lukas Stiftelsen videregående skole med inntil 74 elevar Natur vidaregåande skole med inntil 89 elevar Nordborg Kristen videregående skole med inntil 13 elevar Kristen vidaregåande skole – Nordland med inntil 40 elevar Oslo Sanitetsforenings hjelpepleierskole med inntil 36 elevar Plus-Skolen med inntil 44 elevar Tomb Jordbruksskole med inntil 21 elevar Tyrifjord videregående skole med inntil 13 elevar Val videregående skole med inntil 9 elevar Vinterlandbruksskulen på Jæren med inntil 21 elevar Wang Handelsskole og Gymnas med inntil 45 elevar Østfold Møbelsnekkerskole med inntil 15 elevar Øya vidaregåande skole med inntil 7 elevar.

Andre frittståande vidaregåande skolar som tidlegare har hatt rett etter sin godkjenning til å ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring og som per 1. oktober 2004 hadde slike elevar, kan for skoleåret 2005–2006 ta inn slike elevar inntil det faktiske talet vaksne elevar utan rett til vidaregåande opplæring dei hadde per 1. oktober 2004. Etter skoleåret 2005–2006 kan ikkje desse skolane ta inn vaksne søkjarar utan rett.

Noverande § 7 blir ny § 8.

II

Endringane trer i kraft frå og med 1. august 2005.