Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
I kraft fra: 2006-01-01
Kapittel 1. Definisjonar og vedtaksmynde
§ 1-1 . Definisjonar
Med lova meiner ein lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler.
Med forvaltningslova meiner ein lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker.
Med studieprogram meiner ein ei sjølvstendig eining godkjend av styret for Høgskulen i Volda eller Utdannings- og forskingsdepartementet som studentar kan få opptak til og studierett på. Eit studieprogram har eit definert innhald i ein studieplan og fører fram til avsluttande eksamen eller grad.
Med emne meiner ein ei eining innanfor eit studieprogram. Emne har knytt til seg pensum og vurdering, og gir utteljing i form av studiepoeng.
Med eksamen meiner ein prøving med påfølgjande vurdering, der resultatet av vurderinga står på vitnemål/karakterutskrift eller vert rekna inn i ein karakter som står på vitnemål/karakterutskrift.
Med eksamensdel meiner ein prøving med påfølgjande vurdering, der resultatet av vurderinga vert rekna inn i ein karakter som står på vitnemål/karakterutskrift.
Ei sensureining er det arbeidet/materialet som ein eksamenskarakter blir sett på grunnlag av.
Ei mappe er ei samling tekstar og/eller andre produkt som er produserte gjennom ein viss periode. Heile mappa eller utvalde element frå mappa kan danne grunnlag for eksamen. Prosessen for å velje ut kva element i mappa som skal telje med i mappeeksamenen skal gå fram av emneomtalen. Mappeeksamenen er ei sensureining.
Med arbeidskrav meiner ein alle former for prøving som ikkje er eksamen, men som er vilkår for å gå opp til eksamen.
Med studieplan meiner ein ei konkretisering av innhaldet i eit studieprogram. Ein studieplan er sett saman av ein studieomtale og tilhøyrande emneomtalar.
Studiepoeng (stp.) er eit mål for omfanget av studieprogram og emne. 60 studiepoeng svarer til fulltids arbeidsinnsats i eit heilt studieår.
Med student meiner ein ein person som er teken opp til eit studieprogram ved HVO.
Med studierett til eit studieprogram meiner ein tilgang til undervisning og eksamen i emne som inngår i programmet og eventuelt også praksis og andre obligatoriske eller valfrie element i programmet.
§ 1-2 . Vedtaksmynde
I saker der vedtaksmyndet i denne forskrifta ikkje eksplisitt er lagt til nokon annan instans, er det direktøren eller den han gir fullmakt som har avgjerdsrett.
Direktøren godkjenner retningslinjer med grunnlag i forskrifta.
Studieutvalet er høyringsinstans for alle nye retningslinjer med grunnlag i forskrifta.
Kapittel 2. Gradar
§ 2-1 . Bachelorgraden
Høgskulen i Volda tildeler bachelorgraden på grunnlag av fullført 3-årig rammeplanfesta utdanning (180 stp.) som ifølgje rammeplan eller forskrift gir bachelorgrad.
Høgskulen i Volda tildeler bachelorgraden på grunnlag av fullført 3-årig integrert utdanning utan rammeplan (180 stp.) som ifølgje vedtak i styret for Høgskulen i Volda gir bachelorgrad.
ei eining på minimum 80 stp. i eit fagområde, der minimum 20 stp. er på fordjupingsnivå, eller eit integrert studium på 120 stp. ei eining på minimum 30 stp. i eit anna fagområde enn i punktet ovanfor.
§ 2-2 . Høgskulekandidat
Høgskulen i Volda tildeler graden høgskulekandidat på grunnlag av fullført 2-årig integrert utdanning (120 stp.) som ifølgje vedtak i styret for Høgskulen i Volda gir graden høgskulekandidat.
§ 2-3 . Allmennlærar
Høgskulen i Volda tildeler graden allmennlærar (240 stp.) på grunnlag av gjeldande rammeplan.
§ 2-4 . Mastergrad
Høgskulen i Volda tildeler mastergraden etter reglane i gjeldande Forskrift om krav til mastergrad.
Kapittel 3. Studieprogram- og emnestruktur
§ 3-1 . Utforming av studieplanar
Studieutvalet fastset malar for utforming av studieprogram- og emneomtalar.
Emne skal normalt vere på 15 stp. Utdanningar som følgjer rammeplanar der andre emnestorleikar er definert, og der berre ei studentgruppe tek studiet, er unnatekne frå dette punktet.
100-emne er på grunnivå (grunnemne) 200-emne er på fordjupingsnivå (fordjupingsemne) 300-emne er på mastergradsnivå.
Alle fordjupingsemne må byggje på grunnemne. Emneomtalane viser kva grunnemne som er forkrav til fordjupingsemne. Masteremne byggjer normalt på fullført bachelorstudium eller tilsvarande.
Eit studieprogram kan ha både lukka og opne emne. Lukka emne kan berre takast av studentar som har studierett på eitt eller fleire definerte studieprogram. Opne emne kan takast også av andre studentar enn primærmålgruppa.
§ 3-2 . Etablering av studieprogram
Studieutvalet godkjenner etablering av studieprogram på inntil 30 stp.
Styret godkjenner etablering av studieprogram på meir enn 30 stp.
§ 3-3 . Nedlegging av studieprogram
Studieutvalet godkjenner nedlegging av studieprogram på inntil 30 stp.
Styret godkjenner nedlegging av studieprogram på meir enn 30 stp.
§ 3-4 . Godkjenning av studieplanar
Nye studie- og emneomtalar skal godkjennast av avdelingsstyret på den avdelinga studieprogrammet/emnet er knytt til.
Nye studie- og emneomtalar skal godkjennast av studieutvalet etter godkjenninga i avdelingsstyret.
Revisjonar av eksisterande studie- og emneomtalar skal godkjennast av avdelingsstyret på den avdelinga studieprogrammet/emnet er knytt til.
§ 3-5 . Publisering av studieplanar
Alle studieplanar blir publisert i studiehandboka på Internett etter godkjenning. Studiesjefen er ansvarleg redaktør for studiehandboka på Internett.
Kapittel 4. Studieår og fristar
§ 4-1 . Studiekalender
Direktøren vedtek for kvart studieår ein studiekalender som inneheld tidfesting av og fristar for opptak, undervisning, eksamen, betaling av studentavgifter og andre høve som gjeld for alle studentane ved HVO.
§ 4-2 . Manglande oppfylling av fristar
Manglande oppfylling av fristar knytt til betaling av student-/studieavgifter og registrering kan føre til inndraging av studierett.
Kapittel 5. Generelt om opptak
§ 5-1 . Generelt om opptak
Jf. lova § 3-6 og § 3-7.
Styret vedtek kva studieprogram som skal lysast ut og kor stor kapasitet kvart studieprogram skal ha.
§ 5-2 . Opptak til grunn- og fordjupingsstudium
Opptak til grunnstudium er regulert av gjeldande versjon av forskrift om opptak til universiteter og høyskoler.
Opptak til fordjupingsstudium skjer normalt tilsvarande opptak til grunnstudium, men med krav om at søkjarar må ha fullført særskilde opptakskrav som er knytte til kvart fordjupingsstudium.
Kapittel 6. Opptak til masterstudiet i nynorsk skriftkultur
§ 6-1 . Opptaksgrunnlag
Opptaksgrunnlaget til masterstudiet i nynorsk skriftkultur er fullført bachelorstudium. Studieplanen viser kva fag/fagområde som gir grunnlag for opptak.
Kapittel 7. Opptak til masterstudiet i samfunnsplanlegging og leiing
§ 7-1 . Opptaksgrunnlag
Minst tre år høgare utdanning med minst 80 studiepoeng i samfunnsfag/samfunnsplanlegging og leiing. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.
Søkjarar med anna 3 års høgare utdanning (bachelorgrad eller tilsvarande) kan takast opp til einskildemne i masterstudiet.
§ 7-2 . Opptak til avsluttande oppgåveemne
Alle studentar på masterstudiet må søkje opptak til det avsluttande emnet «Forskingsmetode og masteroppgåve». Søkjarane blir rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på dei emna søkjarane har gjennomført i masterstudiet sitt. Søkjarane må ha C eller betre på dei obligatoriske emna. Studentar på masterstudiet har fortrinn framfor dei som er tekne opp til einskildemne.
Kapittel 8. Opptak til masterstudiet i yrkesretta spesialpedagogikk
§ 8-1 . Opptaksgrunnlag
allmennlærarutdanning førskulelærarutdanning faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning
Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna 3-årig relevant profesjonsutdanning til studiet, kan takast opp etter særskild vurdering.
30 prosent av studieplassane er reserverte for allmennlærarstudentar ved Høgskulen i Volda som vel spesialpedagogikk som det 4. året i utdanninga si. Dersom fleire ønskjer faget, blir dei rangerte og tekne opp på same måten som ordinære søkjarar.
§ 8-2 . Rangering av søkjarane
Gamal type bokstavkarakterar: Sg=5; Mg=4; G=3; Ng=2. Talkarakterar: 1,0-2,0=5; 2,1-2,5=4; 2,6-2,9=3; 3,0-3,4=2; 3,5-4,0=1. Bokstavkarakterar: A=5; B=4; C=3; D=2; E=1. Stått=3.
Det vert gjeve tilleggspoeng med eitt poeng pr. år inntil 5 år for pedagogisk praksis frå barnehage, skule eller annan pedagogisk institusjon etter avslutta grunnutdanning.
Det vert gjeve tilleggspoeng for høgare utdanning ut over opptaksgrunnlaget med eitt poeng pr. 30 studiepoeng og inntil 90 studiepoeng totalt.
Dersom fleire søkjarar står likt, skal rangeringa avgjerast ved loddtrekking.
§ 8-3 . Opptak til metode- og oppgåveemne
Kvart føregåande emne (emne 1-5) tel normalt 20% av grunnlaget. For studentar som har fått godskriven 1. avdeling spesialpedagogikk, erstattar dette 2 emne, og 1. avdeling tel med det 40% av grunnlaget. For studentar som har fått godskriven 2. avdeling spesialpedagogikk, erstattar dette 3 emne, og 2. avdeling tel med det 60% av grunnlaget. For studentar som søkjer emne 5 og 6 i same semester, vert opptaket basert på gjennomsnittet frå karakterane som er oppnådde i emna 1-4, dvs. kvart emne tel då 25% av grunnlaget. Godskriving av 1. avdeling tel i slike tilfelle 50% av grunnlaget.
Ved rangering av søkjarar til emne 6 og emne 7 nyttar ein same karakteromrekninga som ved opptaket til masterstudiet.
Studentar som har gjennomført emne 6 med godkjent resultat kan ta til direkte på emne 7.
Kapittel 9. Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning
§ 9-1 . Opptaksgrunnlag for allmennfagleg variant
Studentar med allmennfagleg kompetanse vert tekne opp på grunnlag av fullført allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang, dvs. minimum 180 studiepoeng. (Allmennfagleg kompetanse er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning i allmennfag i grunnskulen, i vidaregåande opplæring eller i vaksenopplæringa.)
§ 9-2 . Rangering ved opptak til allmennfagleg variant
Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag og med minst eitt relevant skulefag. Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad og med to relevante skulefag, der minimum 140 studiepoeng (60 + 80) er samla i desse to faga. Søkjarar med tre års utdanning og med to relevante skulefag, der 150 studiepoeng er samla i desse to faga. (t.d. årsstudium og årsstudium med fordjuping). Søkjarar med tre års utdanning og med tre relevante skulefag, med minimum 180 studiepoeng samla i desse tre faga. (t.d. tre årsstudium). Søkjarar med tre års utdanning og med to relevante skulefag, med minimum 120 studiepoeng samla i desse to faga. (t.d. to årsstudium).
20% av studieplassane på den allmennfaglege varianten vert reserverte for studentar som fullfører eit bachelorstudium ved HVO. Desse skal rangerast på grunnlag av vekta gjennomsnittskarakter frå bachelorstudiet.
§ 9-3 . Opptaksgrunnlag for yrkesfagleg variant
Fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års yrkespraksis. (Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring.) Generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis. Lengre yrkespraksis og god yrkesteoretisk utdanning kan etter individuell vurdering kompensere for kravet om generell studiekompetanse.
§ 9-4 . Rangering ved opptak til yrkesfagleg variant
Søkjarar med fullført masterstudium/hovudfag, og med relevant skulefag for vidaregåande skule. Søkjarar med bachelor-/cand.mag.-grad, og med relevant skulefag for vidaregåande skule. Søkjarar som tilfredsstiller krava til generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis.. Studentane i denne gruppa vert prioriterte etter utdanning og yrkespraksis.
§ 9-5 . Søkjarar med andre opptaksgrunnlag
Søkjarar som ikkje kjem inn under dei nemnte kriteria for allmennfag eller yrkesfag kan søkje om opptak etter særskild vurdering.
Kapittel 10. Opptak på grunnlag av realkompetanse
§ 10-1 . Generelt om realkompetanseopptak
Ein kan søkje om realkompetansevurdering til alle studium ved Høgskulen i Volda.
§ 10-2 . Opptaksgrunnlag ved realkompetanseopptak
Søkjarane må vere 25 år eller eldre i opptaksåret.
Søkjarane kan ikkje ha generell studiekompetanse til studium der opptakskravet er generell studiekompetanse.
Søkjarar til studium på høgare grad må minimum ha generell studiekompetanse.
Søkjaren må kunne grunngi kvifor han søkjer studiet, motivasjon og eiga oppfatning av kva det vil krevje å gjennomføre studiet.
Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere kunnskap i norsk.
Ved studium som har særskilde opptakskrav må desse krava vere oppfylte, enten ved realkompetanse eller på annan måte.
Søkjaren må ha til saman 5 års fulltids yrkespraksis. Utdanning, organisasjonsarbeid eller liknande kan erstatte inntil 2 av desse 5 åra. Minst 3 år må vere relevant praksis i høve til den utdanninga det vert søkt opptak til. Omsorg for eigne barn kan telje med inntil 2 år der dette er relevant for studiet.
§ 10-3 . Rangering av realkompetansesøkjarar
Realkompetansesøkjarar skal rangerast i høve til poengberekna søkjarar ved hjelp av skjønnsmessig vurdering. For å få tilbod om opptak, krev ein likeverdig dugleik og kunnskap med søkjarar som får tilbod etter rangering på grunnlag av poengberekning.
Omfang og relevans av tidlegare utdanning og yrkespraksis/organisasjonsarbeid m.m. i høve til utdanninga det vert søkt opptak til. Kunnskap og nivå i høve særskilde opptakskrav. Søkjaren sin motivasjon og eiga oppfatning om kva han trur studiet vil krevje. Grunngjevinga til søkjaren om kvifor han kan gjennomføre studiet.
§ 10-4 . Opptak av realkompetansesøkjarar
Det skal ikkje setjast av ei eiga kvote av studieplassane til dei som søkjer på grunnlag av realkompetanse.
Alle opptak på grunnlag av realkompetanse skal handsamast av dei avdelingsvise opptakskomiteane.
Opptakskomiteen skal danne seg eit heilskapleg bilete av kvar søkjar, og på individuelt grunnlag vurdere søkjaren sin faglege føresetnad til å kunne fullføre ei høgskuleutdanning. Opptakskomiteen kan, om dei ønskjer det, kalle inn søkjaren til intervju og eventuelt til opptaksprøve.
Opptakskomiteen kan i spesielle høve, etter ei heilskapleg vurdering, gi ein søkjar studieplass sjølv om ikkje alle vilkåra for opptak er oppfylte.
Godkjent realkompetanse gjeld berre for eit særskild studium ved ein bestemt lærestad. Ein kan difor ikkje søkje om bytte til ein annan studieplass ved same lærestaden, eller til studieplass ved ein annan lærestad.
Søkjarar som får godkjent realkompetanse for eit studium, men som ikkje får tilbod om studieplass i hovudopptaket, blir sett på venteliste. Eventuelle tilbod til dei på venteliste skal vurderast opp mot dei andre søkjargruppene.
Kapittel 11. Opptakskomitear
§ 11-1 . Samansetjinga av opptakskomitear
ein representant frå avdelingsleiinga (leiar for opptakskomiteen) grunneiningsleiar/studieleiar (varierer etter kva saker komiteen handsamar) to studentrepresentantar ein representant frå administrasjonen.
Studiesjefen eller den ho peikar ut er sekretær for opptakskomiteane.
§ 11-2 . Saksfeltet for opptakskomitear
realkompetanseopptak og avkortingssaker på grunnlag av realkompetanse. søknadar om særskild vurdering. søknadar om dispensasjon frå generell studiekompetanse.
Opptakskomiteen kan handsame saker knytt til undervisningsopptak.
Kapittel 12. Studieløp
§ 12-1 . Studierett
Ein student kan innan fastsett frist søkje om å få utsett studiestarten sin med eitt år, eventuelt eitt semester der studieopplegget gjer det mogleg.
Retten til å halde fram ved eit studieprogram kan regulerast med særskilde krav for kvart einskilt studieprogram. Slike krav skal gå fram av studieplanen for studieprogrammet.
Studieretten til eit studieprogram fell normalt bort ved fullføring av studieprogrammet eller oppnåing av graden som studieprogrammet fører til.
Eit studieprogram kan, etter avtale med HVO, gjennomførast med redusert progresjon dersom studieopplegget gjer dette mogleg.
§ 12-2 . Utdanningsplanar og utdanningsrettleiing
Studentar på studieprogram på 60 stp. eller meir skal ha ein utdanningsplan, jf. lova § 4-2. Utdanningsplanen viser innhaldet og progresjonen i den planlagde utdanninga for studenten.
Studentar på studieprogram på inntil 60 stp. kan ha ein utdanningsplan.
Dekanen ved kvar avdeling peikar ut utdanningsrettleiar for studentar på studieprogram på 60 stp. eller meir. Utdanningsrettleiarane gjennomfører utdanningssamtalar med sine studentar.
Studentar har kvart semester rett til ein utdanningssamtale om utdanningsplanen sin. Utdanningssamtalen kan gjennomførast individuelt eller i grupper. Dersom ein av partane ønskjer det, skal samtalen gjennomførast individuelt.
Studenten kan skifte utdanningsrettleiar. Slikt skifte kan i regelen ikkje skje oftare enn ein gong kvart semester, og grunngjeven søknad om skifte skal rettast til dekanen ved avdelinga.
Utdanningsrettleiaren kan be om at dekanen peikar ut ny utdanningsrettleiar for studenten, dersom han/ho ikkje har høve til å følgje opp rettleiingsavtalen. Dekanen kan ved behov og på eige initiativ peike ut ein ny utdanningsrettleiar for studenten.
§ 12-3 . Godskriving
Ein student kan få godskrive emne tekne ved HVO eller ved andre institusjonar i eit studieprogram, jf. lova § 3-4.
Studiesjefen avgjer søknadar om godskriving i samråd med den studieprogramansvarlege.
Ved godskriving skal det vurderast om studenten får dobbel utteljing for same faginnhald og dermed skal ha studiepoengutteljinga i eitt eller fleire av emna i studieprogrammet redusert.
§ 12-4 . Praksis
Vurderingsuttrykket for praksis skal gå fram av studieplanen.
For dei utdanningane som er styrt av rammeplan, gjeld rammeplanen sine føresegner om praksis.
For å kunne starte i praksis kan det vere krav om at bestemte emne, eksamenar eller arbeidskrav skal vere fullførte med godkjent resultat.
Medisinske eller sterke velferdsgrunnar kan gi grunnlag for særordningar knytt til gjennomføring av praksis. Avdelingsstyret, eller den avdelingsstyret gir fullmakt, avgjer søknadar om dispensasjon.
I dei tilfella det er tvil om godkjenning av praksis, skal prosessen som fører fram til eit vedtak om godkjenning/underkjenning av praksis i størst mogleg grad vere skriftleg og dokumenterbar.
Avdelingsstyret, eller den avdelingsstyret gir fullmakt, avgjer om praksisopplæring skal godkjennast eller ikkje.
Ved ikkje godkjend praksis er det normalt høve til å framstille seg på nytt ein gong til ny eller alternativ prøving og vurdering.
Avdelingsstyra vedtek retningslinjer som spesifiserer kriteria for gjennomføring og vurdering/godkjenning av praksis. I alle studieprogram/emne med rettleidd praksis vedtek avdelingsstyret i tillegg retningslinjer som spesifiserer kriteria for oppfølging av og tilbakemelding på praksis.
§ 12-5 . Særskild tilrettelegging av studiesituasjonen
Ein student kan søkje om særskild tilrettelegging av studiesituasjonen, så sant studieopplegget gjer dette mogleg. Behovet må dokumenterast med attest frå lege eller annan sakkunnig. Det skal gå fram av attesten kva som trengst av særskild tilrettelegging.
Ved varige behov for tilrettelegging skal studenten normalt fremje søknaden første gong i tilknyting til at studenten takkar ja til studieplassen etter opptaket.
Ein student som får behov for særskild tilrettelegging av studiesituasjonen etter å ha starta på studieprogrammet, skal søkje snarast råd etter at behovet oppsto.
Studiesjefen avgjer i samråd med dekan søknadar om særskild tilrettelegging av studiesituasjonen.
§ 12-6 . Permisjon
Studentar som for ein avgrensa periode ikkje har høve til å følgje undervisning og ta eksamen på studiet dei er tekne opp på, kan søkje permisjon frå studiet.
Om fødselspermisjon, jf. lova § 4-5.
Det blir normalt ikkje gitt permisjon for å ta til på eit anna studieprogram eller for å gå over i arbeid.
Permisjon blir innvilga for eitt eller fleire semester, men normalt ikkje lenger enn to år. Det blir ikkje gitt permisjon for kortare periodar enn eitt semester. Ved nokre utdanningar, der praksis tilseier ei slik ordning, blir det ikkje gitt permisjon for kortare periodar enn eitt år.
Retten til permisjon gjeld normalt berre for ordinære studieprogram med oppstart kvart år. På studieprogram som ikkje har oppstart kvart år blir søknadar om permisjon vurdert særskilt i kvart tilfelle.
Ein student som ikkje følgjer normal studieprogresjon må til ei kvar tid følgje gjeldande studieplan og dei eksamensordningane som går fram av denne.
Ein student i permisjon kan innan oppmeldingsfristen i kvart semester annullere permisjonen sin. Annulleringa skal skje ved skriftleg melding til høgskulen, og studenten skal i samband med annulleringa betale semesteravgift.
Kapittel 13. Semesteravgift og andre studie- og studentavgifter
§ 13-1 . Semesteravgift
Om reglar for betaling av semesteravgift til studentsamskipnaden, jf. lov 28. juni 1996 nr. 54 om studentsamskipnader.
§ 13-2 . Materiellpengar
Direktøren fastset storleiken på materiellpengar til Høgskulen i Volda.
§ 13-3 . Rett til semesterkvittering
Betalt semesteravgift og materiellpengar etter § 13-1 og § 13-2 vil, saman med gyldig studierett, gi rett til semesterkvittering som stadfestar at ein er student eit gitt semester.
§ 13-4 . Studieavgifter
Styret kan vedta at studentar på studieprogram som ikkje er dekt av § 7-1 (1) i lova skal betale studieavgift som heilt eller delvis dekkjer kostnadane knytt til studieprogrammet.
Andre studie- og studentavgifter enn i § 13-1 og 13.4.1 skal godkjennast av styret.
Kapittel 14. Undervisning
§ 14-1 . Undervisningspåmelding- og opptak
For kvart semester blir det gjennomført eit undervisningsopptak der studentar melder seg på undervisning i emna dei planlegg å ta.
For å kunne melde seg på undervisning kan det vere krav om at bestemte emne, eksamenar eller arbeidskrav skal vere fullførte med godkjent resultat.
Styret vedtek kor stor kapasitet emna har. På emne med avgrensa kapasitet kan det gjennomførast eit opptak til undervisning i emna.
Studentar på studieprogram der emnet er obligatorisk. Studentar på studieprogram der emnet kan inngå som valbart emne. Studentar på studieprogram der emnet kan inngå som valfritt emne. Studentar på andre studieprogram og emnestudentar.
Opptakspoengutrekning til einskildemne etter mønster av poengutrekninga for studieprogrammet som emnet er ein del av. Poeng rekna ut på grunnlag av karakterar frå tidlegare høgare utdanning (frå HVO og eventuelt også frå andre institusjonar). Motivasjonssøknad. Arbeids- eller opptaksprøver.
Opptakskomiteen ved kvar avdeling avgjer søknadar om emneopptak på grunnlag av motivasjonssøknadar og arbeids- eller opptaksprøver.
Dersom eit emne har ledig kapasitet kan studentar på andre studieprogram enn primærmålgruppa søkje på dei ledige plassane.
Studentar må svare på eventuelle tilbod om undervisning innan dei fastsette fristane for å behalde retten til undervisning og eksamen på dei aktuelle emna.
§ 14-2 . Arbeidskrav
Vurderingsuttrykket for arbeidskrav skal vere godkjent/ikkje godkjent.
I alle emne med arbeidskrav skal det normalt ligge føre ein semesterplan som spesifiserer fristar for gjennomføring/innlevering av arbeidskrav.
Den emneansvarlege er ansvarleg for godkjenning av arbeidskrav, eventuelt for koordineringa av slik godkjenning der fleire fagtilsette er involvert.
Dersom studenten av særskilde grunnar ikkje kan gjennomføre/levere eit arbeidskrav som planlagt, pliktar han å sende søknad til dekan innan rimeleg tid før fristen for arbeidskravet går ut. Med særskilde grunnar meiner ein medisinske grunnar eller andre velferdsgrunnar som fører til forseinkingar for studenten sitt arbeid. Slike søknader skal vere dokumenterte med attest frå lege eller annan sakkunnig.
Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre arbeidskravet.
Ved klage på underkjenning av eit arbeidskrav skal arbeidskravet normalt sendast til ein annan fagperson ved HVO for ny vurdering, dersom den fagpersonen som underkjende arbeidskravet opprettheld vedtaket sitt.
Studentar som ikkje får gå opp til eksamen på grunn av manglande oppfylling av arbeidskrav må melde seg opp til emnet på nytt ved neste ordinære avvikling.
§ 14-3 . Frammøte
Studieplanane skal vise kva undervisning, aktivitetar og arbeidsoppgåver som har obligatorisk frammøte. Semesterplanen i kvart emne skal vise korleis dei obligatoriske delane fordeler seg i studieåret.
Ein krev normalt 80% frammøte i den obligatoriske delen av eit emne. Ved meir fråvær skal emnet normalt takast på nytt.
Dersom studenten av særskilde grunnar ikkje klarer å innfri kravet til 80% frammøte, pliktar han å sende søknad til dekanen til vurdering og avgjerd. Med særskilde grunnar meiner ein medisinske grunnar eller andre velferdsgrunnar. Slike søknader skal vere dokumenterte med attest frå lege eller annan sakkunnig.
Ved undervisning med obligatorisk frammøte skal den emneansvarlege syte for at det blir ført logg over frammøtet til kvar student. Studenten skal sjølv halde seg orientert om fråværet sitt.
Dersom ein student ikkje får godkjent frammøtet i eit emne, mister han retten til å gå opp til eksamen i emnet.
Etter søknad kan dekan gi studenten fritak frå obligatorisk frammøte/deltaking for å ivareta valde tillitsverv i styringsskipnaden ved HVO og Studentsamskipnaden for Sunnmøre eller verv i nasjonale eller internasjonale studentorganisasjonar.
§ 14-4 . Teieplikt
Om teieplikt for studentar, jf. lova § 4-6.
Kapittel 15. Kjeldebruk
§ 15-1 . Krav om kjelde- og sitatbruk
ikkje ha vore brukt ved annan eksamen ved HVO utan at studieplanen krev det. ikkje ha vore brukt i eksamen ved institusjonar innanlands eller utanlands. ikkje referere til eller vere basert på andre sitt arbeid utan at dette er oppgitt. ikkje referere til eller vere basert på eige tidlegare arbeid utan at dette er oppgitt. gi opp alle kjelder som har vore nytta.
§ 15-2 . Eigenmelding om kjelde- og sitatbruk
Direktøren kan vedta at studentar skal levere eigenmelding om kjelde- og sitatbruk for arbeid dekt av punkt 15.1.
Kapittel 16. Eksamen
§ 16-1 . Eksamensordning
Studentar skal normalt vurderast individuelt. Gruppeeksamen kan berre gjennomførast for avgrensa delar av eit studieprogram.
Når alle arbeidskrav i eit emne er godkjende, kan alle eller eit utval arbeidskrav gå inn som del av eksamen i emnet. Der arbeidskrav går inn som del av ein eksamen skal godkjenninga av arbeidskrava ikkje leggje føringar for sensuren av eksamenen.
Ved eksamen utan tilsyn kan einskildstudentar eller grupper av studentar kallast inn til tilleggseksamen. Tilleggseksamenen skal normalt vere ein individuell eksamen. Direktøren avgjer om slik eksamen skal arrangerast.
Etter søknad kan alternative eksamensordningar i særlege høve nyttast for studentar som på grunn av kroniske lidingar, sterke funksjonshemmingar eller sterke velferdsomsyn ikkje kan gjennomføre eksamen med ordinær eksamensordning.
§ 16-2 . Eksamenstidspunkt
Eksamen skal normalt arrangerast innanfor vedteken eksamensperiode.
Ny og utsett eksamen vert normalt arrangert innan utgangen av semesteret etter ordinær eksamen. Det vert normalt arrangert berre ein utsett og ein ny eksamen for kvar ordinære eksamen. Dekanen avgjer i samråd med studiesjefen om det skal arrangerast ny og utsett eksamen.
§ 16-3 . Eksamensstad
Eksamensstad er normalt Høgskulen i Volda, inkludert HVO sitt datanettverk og e-læringsverktøy.
For einskildemne kan eksamen arrangerast desentralisert. Direktøren avgjer om og kvar desentralisert eksamen skal arrangerast. Direktøren kan krevje at studentar som går opp til desentralisert eksamen etter dette punktet dekkjer dei faktiske meirkostnadane ved ei slik eksamensavvikling.
§ 16-4 . Ny og utsett eksamen
Pensum ved ny og utsett eksamen skal vere det same som ved den siste ordinære eksamenen som vart arrangert ved høgskulen.
Eksamensforma ved ny og utsett eksamen skal normalt vere den same som ved ordinær eksamen. Dekan kan i samråd med studiesjefen gjere unntak frå denne regelen, dersom utsett eller ny eksamen med ordinær eksamensform er uråd å gjennomføre.
Kandidatar som får karakterane F/ikkje stått på semesteroppgåver, prosjektoppgåver og liknande kan bruke den same problemstilling/eksamenssvaret ved eitt nytt eksamensforsøk. Dersom kandidatane får karakteren F/ikkje stått også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling.
Ny og utsett eksamen i emne som ikkje lenger er aktive ved høgskulen kan arrangerast i inntil eitt år etter den siste ordinære eksamenen i emnet ved høgskulen. Ved slik eksamen gjeld same pensum som ved den siste ordinære eksamenen.
§ 16-5 . Hjelpemiddel/fusk
Oversyn over lovlege hjelpemiddel ved eksamen skal gå tydeleg fram av eksamensoppgåva. Dersom oppgåveteksten ikkje nemner hjelpemiddel ved eksamen, tyder dette at ingen hjelpemiddel er lovlege.
Ved eksamen under tilsyn blir bruk av ulovlege hjelpemiddel sett på som fusk. Har studenten ulovlege hjelpemiddel til disposisjon etter at eksamen er sett i gang, vert det sett på som fusk.
Studentar har ikkje høve til å nytte mobiltelefonar eller anna kommunikasjonsutstyr ved eksamen under tilsyn, utan at dette går fram av oppgåveteksten eller er innvilga i samband med eksamen under særlege vilkår.
Kapittel 17. Eksamensrett
§ 17-1 . Oppmelding til eksamen
Oppmelding til ordinær eksamen skjer normalt i samband med godkjenning av utdanningsplan. For studentar utan utdanningsplan skjer oppmelding til ordinær eksamen i samband med semesterregistrering.
For å kunne gå opp til eksamen kan det vere krav om at bestemte emne, eksamenar eller arbeidskrav skal vere fullførte med godkjent resultat, eller det kan vere krav om å ha følgt obligatorisk undervisning og/eller praksis. Det kan også vere krav av andre typar, til dømes innlevering av individuell pensumliste.
Studentar som var lovleg hindra i å gå opp til ordinær eksamen kan melde seg opp til utsett eksamen.
Studentar som ikkje har greidd ordinær eksamen og studentar som trekte seg under ordinær eksamen kan melde seg opp til ny eksamen. Dersom det vert arrangert ny eksamen, kan også studentar som ikkje møtte til ordinær eksamen og studentar som ønskjer å forbetre karakteren sin melde seg opp.
Ein student har rett til å framstille seg til eksamen i det same emnet 3 gonger.
Ein student kan melde seg av ein eksamen innan ein fastsett frist før eksamenen.
§ 17-2 . Eksamensforsøk
Dersom ein student melder seg av eksamen etter at den fastsette avmeldingsfristen er ute, trekkjer seg under eksamen eller ikkje møter til eksamen, vert han rekna for å ha framstilt seg til eksamen.
Studentar som er lovleg hindra frå å gå opp til eksamen, vert rekna for ikkje å ha framstilt seg til eksamen. Med «lovleg hindra» meiner ein her dokumentert sjukdom eller sterke velferdsgrunnar som gjer det vanskeleg eller uråd å gjennomføre eksamenen.
§ 17-3 . Gjennomføring av eksamen
Dersom ein student har levert eit eksamenssvar til ein eksamen utan tilsyn, kan han fram til innleveringsfristen er ute erstatte det eksamenssvaret som allereie er levert med eit nytt eksamenssvar.
Dersom ein student meiner at ein gruppeeksamen ikkje reflekterer hans eige kunnskapsnivå, kan han innan 2 timar etter eksamenen/innleveringsfristen søkje om å få gå opp til individuell tilleggseksamen. Resultatet av tilleggseksamenen vil påverke berre denne studenten sitt resultat ved gruppeeksamenen og vil ikkje telje som eit eige eksamensforsøk.
Ein student som har vore oppe til eksamen kan ikkje unndra seg sensur etter at eksamenssvaret er levert.
Ved eksamenar under tilsyn kan studentar som ikkje rettar seg etter høgskulen sine retningslinjer for eksamen visast bort frå eksamenslokalet.
§ 17-4 . Eksamen under særlege vilkår
Ein student som av medisinske eller sterke velferdsgrunnar har vanskar med å gjennomføre eksamen på ordinær måte, kan søkje om særskild tilrettelegging av eksamen. Tilrettelegginga skal kompensere for dei ulempene som ligg til grunn for søknaden, samtidig som studentane i størst mogleg grad skal prøvast likt.
Studiekalenderen angir frist for søknad om særskild tilrettelegging av eksamen. Det kan gjerast unntak frå fristen ved akutt sjukdom eller liknande. Behovet må dokumenterast med attest frå lege eller annan sakkunnig. Det skal gå fram av attesten kva som trengst av særskild tilrettelegging. Det skal normalt søkjast for kvar eksamensperiode, men dersom grunnlaget for søknaden er av ein permanent karakter, kan det gjerast unntak frå dette.
Ved særlege omstende kan ein student få høve til å ta eksamen andre stader i landet. Direktøren kan vedta at studenten skal dekkje ekstrautgifter i samband med den desentraliserte eksamensavviklinga.
§ 17-5 . Fritak for eksamen
Ein student kan søkje om fritak frå eksamen eller arbeidskrav når det kan godtgjerast at tilsvarande eksamen eller arbeidskrav er greidd ved HVO eller ein annan institusjon, eller på bakgrunn av dokumentert realkompetanse, jf. lova § 3-5.
Studiesjefen avgjer søknadar om fritak for eksamen i samråd med den emneansvarlege.
Kapittel 18. Privatistar
§ 18-1 . Rett til privatisteksamen
Personar som ikkje er tekne opp på eit studieprogram kan søkje om å få ta eksamen i einskildemne ved høgskulen dersom dei fyller dei generelle opptakskrava til studieprogram ved HVO og forkrava til det særskilde emnet, jf. lova § 3-10. Studiesjefen avgjer i samråd med dekanen søknadar om privatisteksamen. Ein kan lempe på krava til tidlegare utdanning dersom det er sannsynleggjort at søkjaren er kvalifisert.
§ 18-2 . Eksamensordning ved privatisteksamen
Studiesjefen fastset i samråd med dekanen eksamensordning ved privatisteksamen. Eksamen for privatistar skal normalt vere ein eksamen under tilsyn.
§ 18-3 . Eksamensavgifter ved privatisteksamen
Privatistar skal betale eksamensavgift som dekkjer HVO sine meirutgifter ved eksamenen.
Privatistar skal betale semesteravgift til Studentsamskipnaden det semesteret dei går opp til eksamen.
Dersom ein privatist er lovleg hindra frå å gå opp til eksamen kan han ta utsett eksamen utan å betale ny eksamensavgift.
§ 18-4 . Vitnemål til privatistar
Det skal gå fram av vitnemålet/karakterutskrifta om ein person har teke eksamen i eit emne som privatist, jf. lova § 3-11 (3).
Kapittel 19. Resultat av eksamen
§ 19-1 . Karaktersystemet
Karaktersystemet går fram av lova § 3-9 (6).
Ved karaktersamanslåing skal talekvivalentar nyttast for å rekne ut ein gjennomsnittskarakter, med A som den høgaste verdien og E som den lågaste. Ved samanslåing skal avrunding gjerast til næraste karakter. I tvilstilfelle skal avrunding gjerast til gunst for studenten.
Vurderingsuttrykket stått/ikkje stått kan berre nyttast for avgrensa delar av eit studieprogram.
Når karakter i eit emne vert fastsett på grunnlag av fleire eksamenar, skal alle vere greidd før endeleg karakter vert gitt. Ein student som har greidd ein eksamensdel skal normalt ikkje måtte ta denne på nytt sjølv om ein eller fleire andre eksamensdelar i same emnet ikkje er greidde.
Når ein student har teke den same eksamenen fleire gonger, vert den beste karakteren gjeldande.
Karakterar blir normalt kunngjort i Studentweb.
§ 19-2 . Sensur
Avdelingsstyret er ansvarleg for å nemne ut sensorar til alle eksamenar. Avdelingsstyret avgjer kva emne som skal ha ekstern sensur i eit gitt semester og korleis eventuell ekstern sensur skal gjennomførast.
Alle eksamenar skal vurderast av minst to sensorar. Ved intern sensur skal alle eksamenssvar vurderast av minst to sensorar. Ved ekstern sensur kan avdelingsstyret avgjere om alle eller berre eit utval eksamenssvar skal vurderast av den eksterne sensoren. Den eksterne sensoren kan ikkje vurdere færre enn ein tredel av eksamenssvara.
Det skal vere ekstern sensur på alle eksamenar på høgare grad.
Alle emne skal ha hatt ekstern sensur minst ein gong i løpet av ein periode på tre år.
Ved sensurering av masteroppgåver skal studenten sin rettleiar ikkje vere med på å fastsetje karakteren på oppgåva.
Ved eksamenar der studentane ikkje har klagerett skal alltid minst to sensorar vurdere alle eksamenssvara, jf. lova § 5-3 (5).
Til ordinære eksamenar skal det normalt utarbeidast sensorrettleiing, der kriteria for karaktersetjinga ved eksamenen går fram. Sensorrettleiinga er offentleg etter at den ordinære sensuren er avslutta. Sensorrettleiinga skal også nyttast ved klagesensur. Jf. lova § 5-3 (3).
Det skal gå klart fram av sensurlista kva sensorar som har vore med på sensurvedtaket for kvart einskilt eksamenssvar. Alle sensorane som har vore med på fatte eit sensurvedtak skal signere den aktuelle sensurlista.
Dersom usemje om fastsetjing av karakterar gjer det uråd å kome fram til ein felles sensur, skal sensurarbeidet sendast attende til eksamenskontoret med melding om kva punkt det er usemje om. Arbeidet vil bli sendt til ein ny sensor for avgjerd.
Sensur skal gjennomførast anonymt så langt dette er praktisk råd.
§ 19-3 . Særskilt ved ekstern sensur
Eksterne sensorar kan ikkje vere tilsett ved Høgskulen i Volda eller ha ansvaret for undervisninga i emne ved HVO.
Om den eksterne sensoren skal evaluere vurderingsordninga i emnet. Om den eksterne sensoren skal vurdere og godkjenne eksamensoppgåvene til eksamenen/eksamenane. Om den eksterne sensoren skal vere med i utarbeidinga av sensorrettleiing. Kor mange eksamenssvar den eksterne sensoren skal vere med på å vurdere.
Uttale om kriteria som har vore nytta i utveljinga av eksamenssvar, dersom han ikkje var med på vurderinga av alle eksamenssvara. Uttale om sensorrettleiinga. Eventuell evaluering av vurderingsordninga i emnet. Eventuell uttale om eksamensoppgåvene til eksamenen/eksamenane.
§ 19-4 . Grunngjeving/klage
Om grunngjeving for og klage over fastsetjing av karakterar, jf. lova § 5-3.
Om klage over formelle feil ved eksamen, jf. lova § 5-2.
Ved klagehandsaming skal klagekommisjonen ha tilgang til alt relevant materiale som dokumenterer klagen og den opphavlege sensuren.
Ein student har berre klagerett på heile sensureiningar, ikkje på einskilddelar innanfor ei sensureining. Ein har ikkje klagerett på ei sensureining dersom ein av delane i eininga er dekt av lova § 5-3 (5).
Ved klage på gruppeeksamenar må alle medlemmene i gruppa samtykke i og skrive under på klagen.
§ 19-5 . Forbetring av eksamensresultat
Studentar som har levert bacheloroppgåve, semesteroppgåve, prosjektoppgåve eller tilsvarande innanfor eit emne, kan levere oppgåva igjen innanfor same emnet dersom oppgåva er ny eller så omarbeidd at den kan vurderast som ei ny oppgåve. Dersom studenten leverer ein omarbeidd oppgåve må dette dokumenterast.
Ein student som har levert inn masteroppgåve i eit studieprogram kan levere masteroppgåve igjen innanfor same studieprogrammet dersom oppgåva er ny eller så omarbeidd at den kan vurderast som ei ny oppgåve. Dersom studenten leverer ein omarbeidd oppgåve må dette dokumenterast.
Studentar har normalt ikkje rett til rettleiing ved forbetring av eksamensresultat.
Kapittel 20. Annullering av eksamen eller prøve/utestenging og bortvising
§ 20-1 . Annullering av eksamen eller prøve
Jf. lova § 4-7.
§ 20-2 . Utestenging og bortvising
Jf. lova § 4-8.
Kapittel 21. Dokumentasjon for fullført utdanning
§ 21-1 . Generelt om vitnemål og karakterutskrift
Jf. lova § 3-11.
§ 21-2 . Rett til vitnemål/karakterutskrift
Studentar som oppnår ein grad eller fullfører ei yrkesutdanning får vitnemål. Grunnlaget for graden/yrkesutdanninga skal gå fram av vitnemålet. Det skal samtidig skrivast ut Diploma Supplement.
Studentar som fullfører studieprogram eller eksamenar som ikkje gir vitnemål kan få karakterutskrift.
Ein student som tilfredsstiller krava til ein grad eller ei yrkesutdanning, kan få vitnemål dersom minst halvparten av graden/yrkesutdanninga rekna etter studiepoeng er gjennomført ved høgskulen. Dersom ein mindre del av utdanninga teken ved høgskulen, vert det vurdert i kvart tilfelle kva institusjon som skal skrive ut vitnemålet.
Studentar som allereie er blitt tildelte ein grad etter punkt 2.1.1, 2.1.2, 2.2 eller 2.4 kan bli tildelt graden på nytt dersom dei fullfører eit nytt studieprogram som gir slik grad. Studentar som allereie er blitt tildelte ein grad etter punkt 2.1.3 kan bli tildelt graden på nytt dersom dei fullfører ei ny studieeining som stettar krava i punkt 2.1.3.1. Normalt skal minst 80 av studiepoenga som inngår i grunnlaget for den nye graden ikkje ha vore nytta i ein tidlegare grad.
Ved klage på karakter som skal gå inn på vitnemål eller karakterutskrift kan høgskulen halde tilbake vitnemålet/karakterutskrifta til klagen er handsama. Dersom ein student har fått utskrive vitnemål eller karakterutskrift som etter klagehandsaming ikkje lenger er gyldig, skal studenten snarast råd levere inn att vitnemålet/karakterutskrifta.
Normalt vert det utskrive berre eitt vitnemål for kvar student og kvart studieprogram. Det kan skrivast ut duplikatvitnemål, men direktøren kan krevje at studentar som får utskrive duplikatvitnemål dekkjer dei faktiske kostnadane ved utskrivinga.
§ 21-3 . Utforming av vitnemål/karakterutskrift
Direktøren fastset utforminga av vitnemål og karakterutskrifter.
Ved godskriving av ekstern utdanning skal det gå fram av dokumentasjonen for fullført utdanning når og ved kva institusjon utdanninga er teken.
Dersom studenten i løpet av eit studieprogram som gir vitnemål fullfører emne i tillegg til studieprogrammet, kan desse emna bli ført på vitnemålet som overskytande emne.
Ein student som tek eksamen i emne med innhald som delvis overlappar kvarandre, skal ha utteljinga i studiepoeng for eit av emna redusert. Studiepoengsreduksjonen vert gjort i det emnet som gir det gunstigaste resultatet for studenten.
Kapittel 22. Klagenemnd ved Høgskulen i Volda
§ 22-1 . Om klagenemnda
Jf. lova § 5-1 og forvaltningslova kapittel VI.
§ 22-2 . Saksfeltet til klagenemnda
Jf. lova § 5-1 (1).
Styret delegerer til klagenemnda å handsame saker etter lova § 4-7 om annullering av eksamen eller prøve.
Styret delegerer til klagenemnda å handsame saker etter lova § 4-8 om utestenging og bortvising.
Styret delegerer til klagenemnda å handsame saker etter lova § 4-9 om utestenging grunna straffbare forhold.
Styret delegerer til klagenemnda å handsame saker etter lova § 4-10 om utestenging etter skikkavurdering.
Styret delegerer til klagenemnda å handsame saker etter lova § 5-2 om klager over formelle feil ved eksamen.
Klagenemnda sine vedtak i klagesaker kan ikkje påklagast.
Kapittel 23. Iverksetjing/oppheving av tidlegare forskrifter
§ 23-1 . Iverksetjing
Denne forskrifta blir sett i verk frå og med 1. januar 2006.
§ 23-2 . Oppheving av forskrifter
Forskrift om opptakskrav og rangeringsreglar til praktisk-pedagogisk utdanning ved Høgskulen i Volda (juni 2005). 1
Forskrift om opptak og rangeringsreglar til masterstudiet i spesialpedagogikk (juni 2005). 1
Forskrift 29. oktober 2002 om bachelorgraden ved Høgskulen i Volda. 1
Forskrift 8. august 2002 nr. 923 om eksamen ved Høgskulen i Volda.
Forskrift 16. mars 2000 nr. 300 om opptak til pedagogisk arbeid på småskolesteget, 1. 10 vekttal, ved Høgskulen i Volda.
Forskrift 16. mars 2000 nr. 301 om opptak til 1. avdeling spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda.
Forskrift 17. desember 1998 nr. 1326 om prosjekt- og klientpraksis ved sosionom- og barnevernspedagogutdanningane ved Høgskulen i Volda.
Forskrift 18. april 1996 om klagenemnd ved Høgskulen i Volda. 1
Reglement for studentframmøte ved Høgskulen i Volda, vedteke 18. april 1996. 1
1 Forskriftene er ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.