Forskrift om vedgåing av farskap uten moras medverknad.
I kraft fra: 2006-01-01
§ 1 .
Denne forskrifta gjeld sambuarar som er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregisteret at dei bur saman når farskapet vert vedgått.
Som sambuarar reknast to personar som lever saman i eit ekteskapsliknande forhold.
§ 2 .
Når moras sambuar har vedgått farskapen etter barnelova § 4 tredje stykket, skal vedgåinga sendast til Sentralkontoret for folkeregistrering.
Sentralkontoret skal utan vesentleg opphald sende melding til tilskotsfuten (trygdekontoret) der mora er busatt, som utan vesentleg opphald sendar mora melding om at farskapen til barnet hennar er vedgått. Melding skal ikkje sendast før barnet er fødd. Meldinga skal sendast på ein måte som sikrar at mora får kunnskap om vedgåinga.
Meldinga skal gje opplysningar om farskapen og framgangsmåten dersom mora er usamd i farskapen, samt opplyse at mora og faren har felles foreldreansvar.
§ 3 .
Vedgåinga til sambuaren til mora gjeld sjølv om mora er usamd i farskapen.
Dersom mora er usamd i farskapen, må ho melde frå til tilskotsfuten innan 3 månader frå ho mottok meldinga. Med «usamd» meines mellom anna at mora meiner at mannen som har vedgått farskapen ikkje er faren, at ho ikkje er sambuar med mannen eller at det heftar feil ved sakshandsaminga.
Dersom mora ikkje meld frå innan fristen, kan ho sjølv seinare reise sak for retten etter barnelova § 6 med påstand om å endre farskapen.
§ 4 .
Når tilskotsfuten får melding i frå mora om at ho er usamd i farskapen, skal tilskotsfuten utan vesentleg opphald oversende saka til fylkestrygdekontoret som gir tilbod om blodprøve og DNA-analyse av barnet, foreldra og kvar mann som kan være far. Det offentlege ber kostnadene til blodprøver og DNA-analyse.
Dersom DNA-analysen viser at morens sambuar er biologisk far til barnet, skal tilskotsfuten senda melding til mora om at saken er avslutta. Mora skal i meldinga få informasjon om at ho kan reise sak om endring av farskap etter barnelova § 6.
Dersom DNA-analysen viser at morens sambuar ikkje er biologisk far til barnet, skal tilskotsfuten legge til rette for at farskapet kan endrast etter barnelova § 7. Dersom DNA-analysen viser at moras sambuar ikkje er biologisk far til barnet og farskapen ikkje kan endrast etter barnelova § 7, kan fylkestrygdekontoret reise sak for retten etter barnelova § 6 siste punktum. Det same gjeld dersom DNA-analyse ikkje ligg føre.
§ 5 .
Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 2006 og gjeld for barn fødd etter denne dato. Farskap etter barnelova § 4 tredje stykket må verte vedgått etter at forskrifta her tek til å gjelde.