Hopp til innhold
Forskriftsendring
Utdannings- og forskningsdepartementet

Forskrift for graden philosophiae doctor (Ph.D.) ved Universitetet i Tromsø.

LTI/forskrift/2005-12-15-1780·Kunngjort 13. januar 2006·Journalnr. 2006-0037

I kraft fra: 2006-01-01

Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-3lov/2005-04-01-15 § 3-7lov/2005-04-01-15 § 3-9

Kapittel I. Ålmenne føresegner

§ 1 . Verkeområde

Denne forskrifta gjeld utdanninga som fører fram til graden philosophiae doctor (Ph.D.). Den gir reglar om opptak til, gjennomføring og avslutning av Ph.D.-graden ved Universitetet i Tromsø. Forskrift for eksamenar ved Universitetet i Tromsø gjeld for eksamenar i opplæringsdelen av studiet.

§ 2 . Målsetjing

Doktorgradsutdanninga skal kvalifisera for forskingsverksemd på høgt faglig nivå og for anna arbeid i samfunnet der det vert stilt høge krav til vitskapleg innsikt og analytisk tenking.

§ 3 . Ansvar for doktorgradsutdanninga

Universitetsstyret har det overordna ansvaret for utdanninga og gir reglar for organiseringa. Universitetsstyret vedtek oppretting og nedlegging av doktorgradsprogram etter forslag frå avdelingane.

Avdelingane sjølv kan fastsetja utfyllande reglar til forskrifta for program dei er fagleg ansvarlige for. Universitetsdirektøren skal ha informasjon om utfyllande reglar som vert fastsett.

§ 4 . Innhaldet i doktorgradsutdanninga

Eit sjølvstendig forskingsarbeid i aktivt samarbeid med rettleiar(ar) og andre forskarar. Ein godkjend opplæringsdel. Deltaking i aktive forskarmiljø, nasjonalt og internasjonalt. Fagleg formidling som er nært relatert til forskingsarbeidet.

Arbeidet skal munna ut i ei vitskapleg avhandling – doktoravhandlinga.

Godkjend doktoravhandling og tilfredsstillande forsvar i ein offentlig disputas. Godkjend gjennomføring av opplæringsprogrammet, eventuelt anna godkjend fagleg skulering eller kompetanse. Minst ei godkjend prøveførelesning.

Kapittel II. Opptak, studierett og permisjon

§ 5 . Opptakskrav til Ph.D.-program

For å bli tatt opp på eit doktorgradsprogram må søkjar enten ha ein integrert mastergrad på 300 studiepoeng, ein mastergrad på 120 studiepoeng som byggjer på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng, eller tilsvarande utdanning som avdelinga har godkjent som grunnlag for opptak til det programmet søknaden gjeld. Erfaringsbasert mastergrad på 120 studiepoeng gir normalt ikkje grunnlag for opptak.

Avdelingane kan fastsetja faglege minstekrav ved opptak til Ph.D.-studiet.

§ 6 . Søknaden

Utdanningsplanen, som er plan for gjennomføring av utdanninga – opplæringsdel og avhandling – med beskriving av forskingsprosjektet. Finansieringsplan. Utgreiing om kva infrastruktur som trengst. Utgreiing om behov for rettleiing og forslag til rettleiar(ar). Plan for fagleg formidling. Plan for tilknyting til forskarmiljø og eventuelle opphald ved andre forskingsinstitusjonar eller -verksemder – også utanlandske, jf. § 13. Dokumentasjon av den utdanninga som skal liggja til grunn for opptaket. Opplysningar om eventuelle immaterialrettslege restriksjonar for å verna andre sine rettar. Opplysningar om kva språk avhandlinga skal skrivast på, jf. § 15, siste ledd.

Søknaden skal skrivast på fastsett søknadsskjema.

Utdanningsplanen skal normalt utarbeidast i samarbeid med hovudrettleiar og greia ut om tema, problemstillingar og val av teori og metode.

§ 7 . Opptakskomitear

Avdelingane skal oppnemna opptakskomité som har ansvar for opptaket. Doktorgradsutval eller tilsvarande kan fungera som komité. Studentane skal ha minst 20 prosent av medlemmene i opptakskomiteen. Der dette ikkje er meir enn eitt medlem, skal studentane ha rett til å møta med ein til student med tale- og forslagsrett.

§ 8 . Avgjerd om opptak

Avgjerd om opptak skal vera basert på ei samla vurdering av søknaden. Når det er fleire søkjarar enn det er plass til, skal rangeringa skje etter ei samla vurdering av prosjektbeskrivinga og søkjarane sitt potensiale for forsking slik dette går fram av søknaden.

Opptaket kan skje med atterhald om finansiering, opptakskapasitet, utarbeiding av individuell opplæringsplan, tilleggsutdanning og immaterialrettslege avtalar.

I opptaksvedtaket skal det oppnemnast rettleiar, ansvaret for løysing av andre behov som er skissert i søknaden skal plasserast, og avtaleperioden skal fastsetjast med startdato og tidslengd. Eventuell forlenging av avtaleperioden må knytast til rettar som arbeidstakar eller avklarast spesielt.

opphavsrettslege avtalar er til hinder for publisering og open disputas dei immaterialrettslege avtalane som er inngått er så urimelege at institusjonen ikkje bør ta del i prosjektet.

§ 9 . Opptak til emne i opplæringsdelen

Kategori 1: Personar tatt opp på Ph.D.-program ved UiTø. Kategori 2: Personar som er tilsett i stipendiatstilling ved UiTø, men som enno ikkje er tatt opp på Ph.D.-program. Kategori 3: Doktorgradsstudentar frå andre universitet. Kategori 4: Personar med minimum mastergrad (eller tilsvarande) som ikkje er tatt opp på eit Ph.D.-program.

Dersom det ikkje er mange nok plassar på eit Ph.D.-emne, skal søkjarane prioriterast i rekkefølgja kategori 1 til kategori 4. Rangering/prioritering av søkjarar skjer på avdelingsnivå.

Studentar i alle kategoriane må søkja om opptak til/melda seg på Ph.D.-emne på fastsett søknadsskjema.

§ 10 . Avtale

Opptak skal formaliserast i skriftlig avtale for doktorgradsutdanninga. I del A er doktorgradsstudent og den avdelinga – eller institutt etter fullmakt frå avdelinga – han/ho er tatt opp ved avtalepartar. I del B er doktorgradsstudent, rettleiar og avdeling avtalepartar. Dersom doktorgradsstudenten er knytt til annan arbeidsplass, skal det gjerast avtale (del C) mellom universitetet og den eksterne parten. Avtalen skal regulera arbeidsvilkåra, med tid til doktorgradsarbeidet, driftsmidlar og behov for vitskapleg utstyr. Han skal sikra at doktorgradsstudenten er fast med i eit aktivt forskarmiljø og leggja til rette for at utdanninga skal kunna gjennomførast til avtala tid.

§ 11 . Studierett

Den som har teke imot tilbod om studieplass beheld studieretten i ein periode som tilsvarar to år effektiv studietid ut over normert studieprogresjon i heil- eller deltidsstudiar. Avdelingane kan utvida denne tidsramma for sitt/sine program. Utsett studiestart, permisjonar, utestenging frå universitetet og fagleg forseinking skal kjem ikkje til fråtrekk. Den som mister studieretten, kan søka om nytt opptak.

§ 12 . Permisjon

Ein doktorgradsstudent som får barn skal få permisjon frå studiet under svangerskap og til omsorg for barn, jf. lov om universiteter og høyskoler § 4-5. Militærteneste gir og rett til permisjon.

Avdelinga kan gi permisjon i til saman inntil to år i løpet av studiet på grunnlag av deltaking i internasjonale forsvarsoperasjonar, studentpolitisk arbeid, langvarig sjukdom og andre viktige faglege, sosiale eller personlege grunnar. Avdelinga får fullmakt til å utvida høvet til permisjon for sine doktorgradsstudentar i utfyllande reglar. Stipendiatar får automatisk permisjon frå studiet i samband med permisjon frå stillinga.

Kapittel III. Studiet

§ 13 . Doktorgradsutdanninga

Doktorgradsutdanninga er på 180 studiepoeng. Den skal vera lagt opp slik at den skal kunna fullførast innafor normert tidsramme, tre år effektiv tid. Avtaleperioden kan forlengast på grunn av permisjonar som følgjer av doktorgradsstudenten sine rettar som arbeidstakar.

Avdelingane skal gi alle doktorgradsstudentar tilbod om opplæring på høgt vitskapleg nivå. Dersom institusjonen eller den eininga som administrerer programmet ikkje sjølv arrangerer heile opplæringsdelen, skal forholda leggjast til rette for at doktorgradsstudenten får tilsvarande opplæring ved andre institusjonar/einingar som gir godkjend doktorgradsutdanning.

§ 14 . Opplæringsdelen

I opplæringsdelen skal det vera emne på minst 30 studiepoeng. Den skal mellom anna omfatta opplæring i vitskapsteori og etikk. Emne som skal inngå i opplæringsdelen skal normalt vera på 8000-nivå. Opplæringsdelen skal vera gjennomført og godkjent før doktorgradsstudenten leverer avhandlinga. Søknad om endringar i godkjend plan for opplæringsdelen skal utarbeidast i samråd med hovudrettleiar og avgjerast av avdelinga.

Avdelinga kan gi fritak/fagleg godkjenning for deltaking i deler av opplæringsdelen dersom tilsvarande krav er oppfylt ved anna eining eller institusjon som gir godkjend opplæring.

I emne der det ikkje finst kurstilbod, kan individuelt lesepensum godkjennast som element i opplæringsdelen.

§ 15 . Tilknyting til forskarmiljø

Hovudrettleiar har i samråd med avdelinga hovudansvar for å leggja til rette for at doktorgradsstudenten tek regelmessig del i eit aktivt forskarmiljø med seniorforskarar og andre studentar. For doktorgradsstudentar som har hovudtilknyting ved annan institusjon skal det gjerast avtale mellom universitetet og samarbeidande institusjon som regulerer arbeidsvilkåra og sikrar at doktorgradsstudenten tek del i eit aktivt forskarmiljø, jf. § 10.

§ 16 . Utstyr

Doktorgradsstudenten skal ha til disposisjon nødvendig utstyr for gjennomføring av forskingsprosjektet. Grunneining/avdeling avgjer kva som er nødvendig utstyr. For doktorgradsstudentar med ekstern finansiering og/eller arbeidsplass skal det gjerast avtale mellom institusjonen og ekstern part i samband med kvart enkelt forskingsprosjekt. Slik avtale skal vera gjort ved vedtak om opptak av doktorgradsstudenten, eller rett etterpå, jf. § 10.

Kapittel IV. Doktoravhandlinga

§ 17 . Krav til doktoravhandlinga

Avhandlinga skal vera eit sjølvstendig, vitskapleg arbeid som oppfyller internasjonale standardar innafor fagområdet. Ho skal vera med på å utvikla ny fagleg kunnskap og liggja på eit nivå som tilseier at den vil kunne publiserast som ein del av den vitskaplege litteraturen i faget.

Avhandlinga kan vera ein monografi eller ei samanstilling av fleire mindre arbeid – ei artikkelsamling. I ei artikkelsamling må det vera samanheng mellom delane og det må gjerast greie for denne samanhengen i eit samandrag.

Del av fellesarbeid vert godtatt som avhandling i den grad doktorgradsstudenten sin sjølvstendige innsats kan identifiserast og dokumenterast.

Avdelingane kan godkjenna at fleire doktorgradsstudentar kan skriva avhandling i lag.

Språket i avhandlinga skal avtalast mellom rettleiar, doktorgradsstudent og avdeling.

§ 18 . Arbeid som ikkje vert godtatt

Arbeid som har vore godtatt som grunnlag for tidlegare eksamenar, kan ikkje leverast til vurdering, med mindre arbeidet er ein mindre del av ei avhandling med fleire arbeid som heng saman.

§ 19 . Rettleiing

Doktorgradsstudenten skal få individuell rettleiing i arbeidet med doktoravhandlinga. Han/ho skal ha kontakt med sin(e) rettleiar(ar) med jamne mellomrom, og skal vera med i eit aktivt forskingsmiljø.

Minst ein av rettleiarane skal vera tilsett ved den institusjonen doktorgradsstudenten er tatt opp ved. Rettleiar(ane) skal ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse.

Dersom doktorgradsstudenten har fleire rettleiarar, skal det oppnemnast ein hovudrettleiar med primært ansvar for den faglege oppfølginga av han/henne. Hovudrettleiar skal som hovudregel vera tilsett ved institusjonen.

Både rettleiar og doktorgradsstudent pliktar å rapportera i samsvar med dei reglane avdelinga har fastsett, jf. § 21.

§ 20 . Offentleggjering

Avhandlinga skal være offentlig tilgjengeleg seinast to veker før disputasen.

Det kan ikkje leggjast restriksjonar på offentleggjering og publisering av ei doktoravhandling, med unntak for ei utsetjing av dato for offentleggjering/publisering som er avtala på førehand. Slik utsetjing kan avtalast mellom doktorgradsstudenten og finansieringskjelder/arbeidsgivar når føremålet er at desse skal kunna ta stilling til patentering/kommersialisering, jf. det som er bestemt i lov om retten til oppfinnelser som er gjort av arbeidstakere.

Finansieringskjelder/arbeidsgivar kan ikkje stilla som vilkår at heile eller deler av avhandlinga ikkje skal kunne offentleggjerast eller publiserast.

Kapittel V. Kvalitetssikring og rapportering

§ 21 . Kvalitetssikring og rapportering

Universitetet skal ha eit system for kvalitetssikring av doktorgradsutdanninga. Systemet skal omfatta tiltak for å avdekka manglande progresjon i avhandlingsarbeidet og manglar ved rettleiinga, og rutinar for å følgja opp manglar som vert avdekka. Systemet skal omfatta årleg og separat rapportering frå doktorgradsstudent og rettleiar, og vera utforma slik at ein unngår dobbeltrapportering.

Kapittel VI. Heving av avtalen

§ 22 . Friviljug avslutning

Doktorgradsstudent og avdeling kan avtala at utdanninga skal avsluttast før avtala tid. Ved slik heving av avtalen skal det fastsetjast i eigen avtale korleis spørsmål som er knytte til eventuelle tilsetjingsforhold, finansiering, rett til resultat mv. skal ordnast.

Ved friviljug avslutning fordi doktorgradsstudenten ynskjer å skifta prosjekt eller å gå over til eit anna program, skal han/ho søkja nytt opptak på grunnlag av det nye prosjektet. I denne samanhengen er overgang til fri grad (dr.philos.) det same som friviljug avslutning.

§ 23 . Tvungen avslutning

Doktorgradsstudenten har brote informasjons-, oppfølgings- eller rapporteringsplikta fleire gonger eller på vesentlege punkt. Framdrifta av forskingsprosjektet er så mykje forseinka at det skaper rimeleg tvil om doktorgradsstudenten vil kunna fullføra prosjektet innafor avtala tid, og forseinkinga skuldast forhold som han/ho sjølv har herredømme over. Gjennomføringa av opplæringsdelen er vesentlig forseinka, av grunnar doktorgradsstudenten sjølv har herredømme over. Doktorgradsstudenten har brote dei forskingsetiske retningslinjene som gjeld for fagområdet. Doktorgradsstudenten har handla på ein måte som er i strid med den tilliten som må vera mellom universitet og student under gjennomføringa, medrekna ulovlege forhold knytt til gjennomføring av utdanninga.

Vedtak om tvungen avslutning skal gjerast av avdelinga etter innstilling frå grunneining/institutt. Dersom doktorgradsstudenten er tilsett, kan avtalen berre avsluttast dersom vilkåra i tenestemannslova er oppfylt.

Kapittel VII. Vurdering av avhandlinga

§ 24 . Innlevering

Søknad om å få avhandlinga vurdert skal rettast til avdelinga. Doktorgradsstudenten må dokumentera at opplæringsdelen er fullført og godkjent. Med søknaden skal avhandlinga leverast i standardisert format og i den form – papirbasert eller elektronisk – som avdelinga bestemmer. Avdelinga bestemmer også kor mange eksemplar som skal leverast.

Doktorgradsstudenten – doktoranden – skal levera eit kort samandrag av avhandlinga på nynorsk eller bokmål saman med avhandlinga. Samandraget må kunna brukast som pressemelding.

Dersom avhandlinga vert godkjend til disputas, må doktoranden levera så mange tilleggseksemplar som avdelinga bestemmer.

Eit arbeid eller deler av eit arbeid som er godkjent for doktorgrad ved norsk eller utanlandsk institusjon tidlegare, vil ikkje bli vurdert sjølv om arbeidet er omarbeidd.

§ 25 . Oppnemning av komité

begge kjønn, så langt råd er, er representerte minst eitt av medlemmene ikkje er knytt til universitetet minst eitt av medlemmene, så langt råd er, er utanlandsk alle medlemmene har doktorgrad eller tilsvarande kompetanse.

Grunneining eller fagmiljø gjer framlegg om komité. Forslaget skal vera grunngitt og bør visa til korleis komiteen samla sett dekker fagfelt for avhandlinga.

Avdelinga peikar ut leiar mellom komitémedlemmene eller i tillegg til medlemmene. Ein som har vore doktoranden sin medforfattar, rettleiar eller andre som er inhabile etter forvaltningslova § 6, kan ikkje oppnemnast som medlem eller leiar av komiteen.

Doktoranden skal få informasjon om kven som er med i komiteen.

§ 26 . Tilbaketrekking og retting av avhandling

Eit arbeid som er levert, kan ikkje trekkjast tilbake før det er endelig avgjort om det er verdig til å forsvarast for doktorgraden. Doktoranden kan likevel retta formelle feil i avhandlinga etter innlevering. I slike tilfelle må han/ho senda inn ei oversikt over alle rettingar som er gjort seinast ein månad før disputasen.

§ 27 . Opplysningsplikt

Rettleiar kan kallast inn til møte i komiteen for å gjera greie for rettleiinga og arbeidet med avhandlinga.

Komiteen kan krevja å få lagt fram doktoranden sitt grunnlagsmateriale og utfyllande eller oppklarande tilleggsinformasjon.

Kapittel VIII. Komitéinnstillinga og behandling av innstillinga

§ 28 . Fristar

Komiteen skal gi si innstilling innan tre månader etter at dei har fått avhandlinga, med mindre avdelinga har bestemt noko anna. Dersom komiteen gir høve til omarbeiding av avhandlinga, går det ny frist frå den datoen avhandlinga vert levert på nytt.

Disputasen skal så langt mogeleg haldast innan seks månader etter at avhandlinga er levert til vurdering.

§ 29 . Innstilling

Komiteen gir innstilling om arbeidet er verdig til å forsvarast for doktorgraden. Innstillinga og eventuelle dissensar skal vera grunngitt.

Doktoranden skal få kopi av innstillinga med frist på 14 dagar til å komma med skriftlege merknader. Dersom han/ho ikkje ynskjer å fremja skriftlege merknader, skal komiteen få melding om det straks.

Komiteen si innstilling skal behandlast av avdelingsstyret. Doktoranden skal få melding om resultatet av behandlinga.

Utan omsyn til regelen i § 26 kan avdelinga gi doktoranden høve til å omarbeida avhandlinga dersom komiteen tilrår det i innstillinga. Han/ho skal få ein frist på inntil seks månader for slik omarbeiding.

§ 30 . Samrøystes innstilling

Føresett at eit fleirtal av avdelingsstyret stemmer for det, skal ei samrøystes komitéinnstilling takast til følgje. Dersom eit fleirtal finn at det – trass i ei samrøystes positiv komitéinnstilling – er velgrunna tvil om ei avhandling bør godkjennast, skal avdelinga be om nærare avklaring frå komiteen og/eller oppnemna to nye sakkunnige, som gir individuell uttale om avhandlinga. Dei sakkunnige skal ikkje vera tilsett ved universitetet, og dei skal ikkje ha hatt noko å gjera med avhandlinga tidligare.

Doktoranden sine merknader skal leggjast ved. Etter dette gjer avdelinga sjølv vedtak i saka på grunnlag av innstillinga og dei utgreiingane som er innhenta.

Avdelingsstyret kan delegera til dekan/høgskolerektor eller til komiteen å gjera vedtak i saka når komitéinnstillinga er samrøystes.

§ 31 . Delt innstilling

Dersom det er dissens i komiteen, kan avdelinga utan tilleggsvurdering gjera vedtak i saka, søkja nærare avklaring frå komiteen, eller oppnemna to nye sakkunnige, som gir individuell uttale om avhandlinga. Dei sakkunnige skal ikkje vera tilsett ved universitetet, og dei skal ikkje ha hatt noko å gjera med avhandlinga tidligare. Doktoranden sine merknader skal leggjast ved. Etter dette gjer avdelinga sjølv vedtak i saka på grunnlag av innstillinga og dei utgreiingane som er innhenta.

§ 32 . Ny levering

Ei doktoravhandling som ikkje vert godkjend, kan leverast til ny vurdering i omarbeidd form ein gong. Slik ny levering kan skje først seks månader etter at det første vedtaket vart gjort.

Kapittel IX. Disputas og kreering

§ 33 . Prøveførelesning(ar)

Etter at avhandlinga er godkjent for forsvar, men før forsvaret, skal doktoranden halde prøveførelesning(ar). Avdelinga avgjer om doktoranden skal halda ei eller to prøveførelesningar.

Ei prøveførelesing skal vera over oppgitt tema. Tema for prøveførelesning skal fastsetjast av komiteen og kunngjerast for doktoranden 14 dagar før førelesninga.

Dersom avdelinga bestemmer at det skal haldast to prøveførelesningar, skal den andre vera over eit sjølvvalt tema. I så fall skal doktoranden melda frå om tittel på prøveførelesninga over sjølvvalt tema til avdelinga ein månad før førelesinga.

Prøveførelesinga(ne) skal haldast på det språket som avhandlinga er skriven på eller eit anna språk som avdelinga godkjenner. Dei skal haldast etter at avhandlinga er levert, men før disputasen, og skal godkjennast av komiteen.

Dersom prøveførelesinga(ne) ikkje vert godkjend(e), kan ny(e) prøveførelesing(ar) haldast først etter seks månader. Så vidt mogeleg skal ny(e) prøveførelesing(ar) vurderast av den opphavlege komiteen.

§ 34 . Forsvar av avhandlinga

Når doktoranden har halde prøveførelesing(ane) og fått dei godkjende, skal han/ho forsvara avhandlinga i offentleg disputas. Tid og stad for disputasen skal offentleggjerast i god tid saman med opplysninga om korleis avhandlinga er offentleggjort.

Disputasen skjer på avhandlingsspråket eller norsk med mindre avdelinga godkjenner noko anna.

Det skal normalt være to opponentar. Dei skal være medlemmer av komiteen og vert peika ut av avdelinga. I særlige tilfelle kan det oppnemnast opponentar som ikkje har vore medlemmer av komiteen.

Disputasen vert leia av dekan/høgskolerektor eller den han/ho gir fullmakt. Den som leier disputasen, gjer kort greie for innleveringa og vurderinga av avhandlinga og for prøveførelesinga(ne). Deretter gjer doktoranden greie for siktemålet med og resultatet av den vitskaplege undersøkinga. Førsteopponent innleier diskusjonen, og andreopponent avsluttar disputasen. Avdelinga kan likevel fastsetja ei anna rekkefølgje og oppgåvefordeling mellom doktoranden og førsteopponenten. Andre som er til stades og som ynskjer å opponera ex auditorio, må gi melding om dette til leiar for disputasen innan det tidspunktet leiar fastset og kunngjer ved opninga av disputasen.

Etter disputasen sender komiteen melding til avdelinga der den gjer greie for korleis den har vurdert forsvaret av avhandlinga. Meldinga skal konkludera med om disputasen er godkjend/ikkje godkjend.

Dersom disputasen ikkje vert godkjend, kan det gjennomførast ny disputas først etter seks månader. Så vidt mogeleg skal ny disputas vurderast av den opphavlege komiteen. Disputasen skal godkjennast før doktoranden kan få diplom.

§ 35 . Kreering og diplom/vitnemål

Når avdelinga har godkjent opplæring, avhandling, prøveførelesing og disputas, vert doktoranden kreert til philosophiae doctor av universitetsstyret.

Universitetet set opp diplom og vitnemål. På diplomet skal det førast opp dato for kreering og opplysningar om kva doktorgradsprogram graden er avlagt innafor. I tillegg vert det sett opp doktorgradsvitnemål der tittel på avhandling og prøveførelesing skal stå saman med opplysningar om det faglege opplæringsprogrammet doktoranden har gjennomført.

Kapittel X. Klage

§ 36 . Klage over avslag på søknad om opptak

Avslag på søknad om opptak etter § 5 kan påklagast etter reglane i forvaltningslova §§ 28 flg. Klagen skal sendast til avdelinga. Dersom klagar ikkje får medhald går den til avgjerd i universitetet si klagenemnd.

§ 37 . Klage over underkjenning av opplæringsdelen

Avslag på søknad om godkjenning av kurs eller andre deler av opplæringsprogrammet kan påklagast etter reglane i forvaltningslova §§ 28 flg. Ved klage over sensur på emne, gjeld og uhl. § 5-3.

§ 38 . Klage over avslag på søknad om vurdering eller underkjenning av avhandling, prøveførelesing eller forsvar

Underkjenning av avhandling, prøveførelesing og forsvar kan påklagast etter reglane i fvl. §§ 28 flg. Grunngitt klage skal sendast avdelinga. Alle sider ved det påklaga vedtaket kan prøvast.

Kapittel XI. Ikraftsetjing

§ 39 . Ikraftsetjing

Forskrifta tek til å gjelda frå 1. januar 2006.