Hopp til innhold
Forskriftsendring
Arbeids- og sosialdepartementet

Forskrift om kontroll med retten til supplerande stønad.

LTI/forskrift/2005-12-16-1513·Kunngjort 20. desember 2005·Journalnr. 2005-1217

I kraft fra: 2006-01-01

§ 1 . Plikt til å møte personleg på trygdekontoret

Ein person som får supplerande stønad etter lov 29. april 2005 nr. 21 kan bli innkalla til personleg frammøte på trygdekontoret opptil to gonger i året. Det same gjeld ektemake, sambuar eller registrert partnar som ikkje har fylt 67 år. Frammøte etter første eller andre punktumet kjem i tillegg til personleg frammøte ved søknad om stønad eller forlenga stønad.

§ 2 . Plikt til å gi opplysningar som verkar inn på stønadsretten

Personar som vert pålagte frammøte på trygdekontoret etter § 1, skal ved frammøtet vise pass eller anna reisedokument for kontroll av opphald i utlandet i stønadsperioden. Ved frammøtet skal dei òg gi opplysningar om eventuelle endringar i inntekt, formue, sivilstand, personar dei forsørgjer og andre tilhøve som verkar inn på retten til supplerande stønad.

§ 3 . Stans av stønad ved manglande svar eller frammøte

Dersom ein person ikkje følgjer opp eit pålegg om personleg frammøte etter § 1, kan trygdekontoret stanse utbetalinga av supplerande stønad frå og med den neste kalendermånaden. Dette gjeld dersom personen ikkje tar kontakt med trygdekontoret seinast tre veker etter at innkallinga til kontrollsamtale vart sendt ut eller ikkje møter på trygdekontoret til avtalt tid. Dersom det manglande frammøtet berre gjeld ektemake, sambuar eller registrert partnar under 67 år, skal stans av stønaden vere avgrensa til auken i stønad på grunn av forsørging av person som nemnd.

§ 4 . Ikraftsetjing

Forskrifta her gjeld frå 1. januar 2006.