Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og likestillingsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om vedgåing av farskap uten moras medverknad.

LTI/forskrift/2006-05-31-621·Kunngjort 16. juni 2006·Journalnr. 2006-0480

I kraft fra: 2006-07-01

Endrerforskrift/2005-12-13-1475

I

I forskrift 13. desember 2005 nr. 1475 om vedgåing av farskap uten moras medverknad blir det gjort følgjande endringar:

Overskrifta til forskrifta skal lyde:

Forskrift om vedgåing av farskap utan at mora medverkar til det

§ 1 første stykket skal lyde:

Denne forskrifta gjeld sambuarar som er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregisteret at dei bur saman når farskapen vert vedgått.

§ 2 første og andre stykket skal lyde:

Når sambuaren til mora har vedgått farskapen etter barnelova § 4 tredje stykket, skal vedgåinga sendast til Sentralkontoret for folkeregistrering.

Sentralkontoret skal utan vesentleg opphald sende melding til tilskotsfuten (Arbeids- og velferdsetaten) der mora er busatt, som utan vesentleg opphald sendar mora melding om at farskapen til barnet hennar er vedgått. Melding skal ikkje sendast før barnet er fødd. Meldinga skal sendast på ein måte som sikrar at mora får kunnskap om vedgåinga.

§ 3, § 4 og § 5 skal lyde:

Vedgåinga til sambuaren til mora gjeld jamvel om mora er usamd i farskapen.

Dersom mora er usamd i farskapen, må ho melde frå til tilskotsfuten innan 3 månader frå ho tok imot meldinga. Med «usamd» meines mellom anna at mora meiner at mannen som har vedgått farskapen ikkje er faren, at ho ikkje er sambuar med mannen eller at det heftar feil ved sakshandsaminga.

Dersom mora ikkje melder frå innan fristen, kan ho sjølv seinare reise sak for retten etter barnelova § 6 med påstand om endring av farskapen.

Når tilskotsfuten får melding i frå mora om at ho er usamd i farskapen, skal tilskotsfuten utan vesentleg opphald oversende saka til det organ i Arbeids- og velferdsetaten som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer som gir tilbod om blodprøve og DNA-analyse av barnet, foreldra og kvar mann som kan vere far. Det offentlege ber kostnadene knytte til blodprøver og DNA-analyse.

Dersom DNA-analysen viser at sambuaren til mora er biologisk far til barnet, skal tilskotsfuten sende melding til mora om at saka er avslutta. Mora skal i meldinga få informasjon om at ho kan reise sak om endring av farskap etter barnelova § 6.

Dersom DNA-analysen viser at sambuaren til mora ikkje er biologisk far til barnet, skal tilskotsfuten leggje til rette for at farskapen kan endrast etter barnelova § 7. Dersom DNA-analysen viser at moras sambuar ikkje er biologisk far til barnet og farskapen ikkje kan endrast etter barnelova § 7, kan det organ i Arbeids- og velferdsetaten som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer reise sak for retten etter barnelova § 6 siste punktum. Det same gjeld dersom DNA-analyse ikkje ligg føre.

Denne forskrifta tek til å gjelde 1. januar 2006 og gjeld for barn fødd etter denne dato. Farskap etter barnelova § 4 tredje stykket må verte vedgått etter at forskrifta her tek til å gjelde.

II

Endringane gjeld frå 1. juli 2006.