Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift for graden philosophiae doctor (Ph.D.) ved Universitetet i Tromsø.

LTI/forskrift/2006-06-21-1689·Kunngjort 3. april 2007·Journalnr. 2007-0251

I kraft fra: 2006-06-21

Endrerforskrift/2005-12-15-1780
Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-3lov/2005-04-01-15 § 3-7lov/2005-04-01-15 § 3-9

I

I forskrift 15. desember 2005 nr. 1780 for graden philosophiae doctor (Ph.D.) ved Universitetet i Tromsø blir det gjort følgande endringar:

§ 1 andre punktum skal lyde:

Ho gir reglar om opptak til, gjennomføring og avslutning av Ph.D.-graden ved Universitetet i Tromsø.

§ 3 andre ledd siste punktum skal lyde:

Universitetsdirektøren skal ha informasjon om utfyllande reglar som vert fastsette.

§ 4 første ledd skal lyde:

eit sjølvstendig forskingsarbeid i aktivt samarbeid med rettleiar(ar) og andre forskarar. ein godkjend opplæringsdel. deltaking i aktive forskarmiljø, nasjonalt og internasjonalt. fagleg formidling som er nært relatert til forskningsarbeidet.

§ 5 første og nytt andre ledd skal lyde:

For å bli tatt opp på eit doktorgradsprogram må søkjar enten ha ein integrert mastergrad på 300 studiepoeng, ein mastergrad på 120 studiepoeng som byggjer på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng, eller tilsvarande utdanning som avdelinga har godkjent som grunnlag for opptak til det programmet søknaden gjeld.

Erfaringsbasert mastergrad på 120 studiepoeng kan gi grunnlag for opptak til Ph.D.-studiet. I tilfelle der opptakskomiteen skal ta stilling til ein søknad om opptak til Ph.D.-studiet der erfaringsbasert mastergrad på 120 studiepoeng er grunnlag for søknaden, skal fakultetet på førehand ha henta inn ei ekstern vurdering av om det sjølvstendige arbeidet i mastergraden har så høg kvalitet – fagleg, metodisk og vitskapsteoretisk – at det kan vera grunnlag for opptak til Ph.D.-studiet. Slik vurdering skal gjerast av minst ein professor/førsteamanuensis frå eit relevant fagområde ved eit anna universitet. Opptakskomiteen skal leggja avgjerande vekt på den eksterne vurderinga.

§ 5 noverande andre ledd blir nytt tredje ledd.

§ 11 tredje og fjerde punktum skal lyde:

Utsett studiestart, permisjonar, utestenging frå universitetet og fagleg forseinking kjem ikkje til fråtrekk. Den som mister studieretten, kan søkja om nytt opptak.

§ 13 første ledd andre punktum skal lyde:

Ho skal vera lagt opp slik at ho skal kunna fullførast innafor normert tidsramme, tre år effektiv tid.

§ 14 første ledd andre punktum skal lyde:

Han skal mellom anna omfatta opplæring i vitskapsteori og etikk.

§ 14 andre ledd skal lyde:

Avdelinga kan gi fritak/fagleg godkjenning for deltaking i delar av opplæringsdelen dersom tilsvarande krav er oppfylt ved anna eining eller institusjon som gir godkjend opplæring.

§ 31 andre punktum skal lyde:

Dei sakkunnige skal ikkje vera tilsette ved universitetet, og dei skal ikkje ha hatt noko å gjera med avhandlinga tidligare.

§ 33 første ledd første punktum skal lyde:

Etter at avhandlinga er godkjend for forsvar, men før forsvaret, skal doktoranden halda prøveførelesning(ar).

§ 34 sjette ledd skal lyde:

Dersom disputasen ikkje vert godkjend, kan det gjennomførast ny disputas først etter seks månader. Så vidt mogeleg skal ny disputas vurderast av den opphavlege komiteen. Disputasen skal godkjennast før doktoranden kan få diplom.

II

Endringane trer i kraft straks.