Forskrift om endring i forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av småfe.
I kraft fra: 2006-07-04
I
I forskrift 14. mars 2005 nr. 232 om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av småfe blir følgjande endringar gjort:
Heimelsfeltet skal lyde:
Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 14. mars 2005 med heimel i lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 7 andre ledd, § 12, § 15 og § 19 tredje ledd, jf. delegeringsvedtak 19. desember 2003 nr. 1790. Jf. EØS-avtala vedlegg I (direktiv 91/68/EØF, direktiv 2001/10/EF, forordning (EF) nr. 1326/2001, forordning (EF) nr. 260/2003, direktiv 2003/50/EF, vedtak 2003/708/EF, direktiv 2003/85/EF, direktiv 2004/68/EF og vedtak 79/542/EØF).
§ 2 skal lyde:
Forskrifta gjeld dei dyrehelsemessige vilkåra ved innførsel og utførsel innanfor EØS, samt innførsel og transitt av levande småfe gjennom EØS frå tredjeland.
Godkjent tredjeland: Eit tredjeland, eller eit område i eit tredjeland, som er gitt løyve til å eksportere levande småfe til EØS, jf. § 18.
§ 3 andre ledd nr. 20 blir nytt nr. 21.
§ 8 nytt tredje ledd skal lyde:
Det er forbode å sende dyr som er vaksinert mot munn- og klauvsjuke frå eit EØS-land til eit anna.
§ 8 nåværande tredje til femte ledd blir nye fjerde til sjette ledd.
§ 18, § 19, § 20, § 21 og ny § 22 skal lyde:
Ein kan berre innføre småfe frå tredjeland, eller område i tredjeland, som er oppført på liste over godkjente tredjeland i vedlegg B til denne forskrifta.
Småfe til avl og produksjon som blir innført til EØS frå godkjente tredjeland må oppfylle helsekrava som er stilt opp i helsesertifikatet i vedlegg D del 1. Småfe som blir innført til EØS frå godkjente tredjeland og som føres direkte til slakteri for slakting, må oppylle helsekrava som er stilt opp i helsesertifikatet i vedlegg D del 2.
Dyra skal også oppfylle krava som gjeld for det aktuelle godkjente tredjelandet i samsvar med vedlegg B kolonne 5 og 6.
Ein skal ikkje handle med småfe som ikkje tilfredstiller krava i forskrift 30. mars 2004 nr. 595 om forebygging, kontroll med og utryddelse av overførbare spongiforme encefalopatiar (TSE).
Med småfe skal det følgje eit originalt helsesertifikat som er stempla og skrive ut av lokal offentleg veterinær i avsendarlandet. Sertifikatet skal bekrefte at dyra oppfyller krava i kapittel III og i det medfølgjande sertifikatet. Sertifikatet skal også bekrefte at dyra oppfyller eventuelle tilleggskrav som gjeld, jf. vedlegg C kolonne 5 og 6.
Sertifikatet skal vere utforma tilsvarande den malen som er angitt for gjeldande dyr i samsvar med vedlegg B kolonne 4, og skal samtidig innehalde attestasjon for eventuelle tilleggsgarantiar eller andre særskilte krav etter vedlegg B kolonne 5 og 6.
Sertifikatet skal vere på minst eit av språka som blir nytta i avsendar- og mottakarlandet og skal ha eit individuelt identifikasjonsnummer. Det skal vere slik utforma at det utgjer ein integrert heilskap.
Kvart helsesertifikat må berre omfatte dyr som blir transportert med same transportmiddel, og som skal frå ei og same driftseining til ein mottakar.
Offentleg veterinær skal skrive ut helsesertifikatet på dagen for lastinga. Helsesertifikatet er gyldig i 10 dagar.
Sertifikatet kan innehelde erklæringar som andre EU-rettsakter krev, som gjeld folkehelse, dyrehelse eller dyrevelferd.
Dyra skal etter innførsel isoleras og undersøkes i samsvar med forskrift 27. juni 2002 nr. 732 om bekjempelse av dyresjukdommer og forskrift 31. januar 1995 nr. 107 om overvåkning av og kontroll med forekomsten av salmonella hos levende dyr.
Dyr som skal det skal takast prøve av i samsvar med denne forskrift, skal frå første prøvetaking fram til sending vere isolert frå klauvdyr som ikkje skal sendast til EØS, eller som har lågare helsestatus. Testinga skal utføres i samsvar med vilkåra i vedtak 79/542/EØF vedlegg I del 3C. Offentleg veterinær i utreiselandet skal godkjenne og føre tilsyn med isolatet.
Småfe skal ikkje transporterast på transportmiddel samen med klauvdyr som ikkje skal førast ut til EØS eller samen med klauvdyr som har ein lågare helsestatus.
Under transporten til EØS skal dyra ikkje lossa av transportmiddelet eller transporterast på veg eller jernbane i ein tredjestat eller i ein del av tredjestat som ikkje er godkjend for eksport av tilsvarande dyr til EØS.
Transporten av dyra skal ikkje overstige 10 dagar unnateke ved sjøtransport, da kan 10-dagersperioden forlengjast med dei dagane sjøreisa varer. I tillegg til helsesertifikatet skal kapteinen på skipet då gje ei erklæring tilsvarande vedlegg F.
I løpet av de siste 24 timane før dyr sendes til EØS, skal offentlig veterinær kontrollere at dyra er friske og at transportreglene i direktiv 91/628/EØF er oppfylt, særlig med omsyn til vatning og fôring. Dyra skal ikkje ha vist kliniske teikn på sjukdom, og dei skal være funnet egna til å gjennomføre heile transporten.
Dersom dyr blir transportert via ein oppsamlingssentral, skal oppsamlingssentralen på førehand være godkjend av Kommisjonen og oppfylle krava i vedlegg E.
Småfe som er innført til slakt straks etter innførselen, skal sendes direkte til mottaksslakteriet. Dyra skal slaktast snarast og senast innan fem arbeidsdagar etter innførselen.
Småfe som er innført til avl eller produksjon, dyr til dyrepark og liknande og jakt- eller viltreservat skal sendast direkte til den endelege besetninga der dei skal vere i minst 30 dagar før dei kan flyttes frå bedrifta, unntatt i dei tilfella kor dei vert sende direkte til eit slakteri.
Nåværande § 22 – § 28 blir nye § 23 – § 29.
«Kapittel IV. Avsluttande vilkår» skal bestå av § 23 – § 29.
Vedlegg B skal lyde:
(direktiv 2004/68/EF art. 3 nr. 1 jf. art. 20, jf. vedtak 79/542/EØF vedlegg I, del 1 (sist endra ved vedtak 2004/882/EF.) * Land Områdekode Området Sertifikatmodell Tilleggskrav Særlige vilkår 1 2 3 4 5 6 BG – Bulgaria BG-0 Hele landet – BG-1 Provinsene Varna, Dobrich, Silistra, Choumen, Targovitchte, Razgrad, Rousse, V.Tarnovo, Gabrovo, Pleven, Lovetch, Plovdic, Smolian, Pasardjik, distriktet Sofia, byen Sofia, Pernik, Kustendil, Blagoevgrad, Sliven, Starazagora, Vratza, Montana og Vidin OVI-X, OVI-Y A CA – Canada CA-1 Hele landet unntatt regionen Okanagan Valley i British Columbia som følgjer: – frå eit punkt på grensa mellom Canada og USA som ligg 120° 15″ lengde, 49° bredde – mot nord til et punkt som ligg 119° 35″ lengde, 50° 30° bredde – mod nordaust til et punkt som ligg 119° lengde, 50° 45″ bredde – mod syd til et punkt på grensa mellom Canada og USA som ligg 118° 15″ lengde, 49° bredde OVI-X A CH – Sveits CH-0 Hele landet OVI-X, OVI-Y CL – Chile CL-0 Hele landet OVI-X GL- Greenland GL-0 Hele landet OVI-X V HR – Kroatia HR-0 Hele landet OVI-X, OVI-Y IS – Island IS-0 Hele landet OVI-X, OVI-Y I MK- Den Tidligere Jugoslavske Republikk Makedonia **** MK-0 Hele landet X NZ – New Zealand NZ-0 Hele landet OVI-X, OVI-Y I PM – Saint Pierre og Miquelon PM-0 Hele landet OVI-X, OVI-Y RO – Romania RO-0 Hele landet OVI-X, OVI-Y V XM- Montenegro *** XM-0 Hele tollområdet a X XS-Serbia *** XS-0 Hele tollområdet a X
*: Jf. likevel eventuelle særlige sertifikatkrav fastsett ved relevant EU-avtale med tredjestat.
***: Utan Kosovo, jf. FNs Sikkerhetsråds resolusjon nr. 1244 av 10. juni 1999.
****: Den Tidligere Jugoslavske republikk Makedonien; forebels kode som ikkje har noko å seia for landets endelege namn som det skal treffast vedtak om når dei forhandlingane som er i gang i FN er avslutta.
a: Serbia og Montenegro er ein statsunion beståande av to republikkar som har kvart sitt tollsystem og difor er oppførde kvar for seg.
Sertifikatmodell (jf. kolonne 4 i lista ovanfor): OVI-X: Standard helsesertifikatmodell for småfe til avl eller produksjon. § 18 og § 19 jf. vedlegg D del 1. OVI-Y: Standard helsesertifikatmodell for slaktedyr. § 18 og § 19 jf. vedlegg D del 2.
Tilleggskrav (jf. kolonne 5 i lista ovanfor): A: Dyra skal være testa i samsvar med regla i helsesertifikatmodell OVI-X pkt. 10.6a for bluetongue og epizootisk heamoragisk syke.
Særlige vilkår (jf. kolonne 6 i lista ovanfor og fotnotar i det enkelte helsesertifikat): I: Område der førekomst av BSE hos småfe som er født i området vurderast som høyst usannsynleg når det gjelder dyr som skal eksporterast til EØS følgt av eit helsesertifikat utfylt etter standardsertifikatmodell OVI-X eller OVI-Y. V: Område med godkjend status som offisielt fri for tuberkulose når det gjelder småfe som skal eksporterast til EØS følgt av eit helsesertifikat utfylt etter standardsertifikatmodell OVI-X. X: Gjeld til den 31. desember 2006 for transitt til medlemsstater frå Bulgaria eller Romania gjennom dette området av dyr for omgående slakting som vert transportert på lastebilar som er plombert med plombe og løpenummer. Løpenummeret skal vere angitt i helsersertifikatet og plomba skal vere intakt ved ankomst til angitte grensekontrollstasjon der dyra vert tekne inn i EØS. Plombenummeret skal og vere registrert i Traces. Helsesertifikatet skal, før forsendinga kommer i transitt i eit tredjeland, stemplast på utførseslsstaden i Bulgaria eller Romania av offentleg veterinær og påførast: «BERRE TIL TRANSITT TIL EU/EØS FRÅ BULGARIA/ROMANIA (det ikkje relevante strykast) GJENNOM DEN TIDLIGARE JUGOSLAVSKE REPUBLIKK MAKEDONIA/MONTENEGRO/SERBIA (det ikkje relevante strykast).»
Nytt vedlegg D skal lyde:
(pdf)
Nytt vedlegg E skal lyde:
Den skal vere under tilsyn av offentleg veterinær. Kvar oppsamlingssentral skal ligge midt i eit område med diameter på 20 km kor det ifølgje offentlege opplysningar ikkje har vore noe tilfelle av munn- og klauvsjuke i minst 30 dagar før den tas i bruk som godkjent oppsamlingssentral. Oppsamlingssentralen skal, før kvar gang den tas i bruk, vere reingjort og desinfisert med eit desinfeksjonsmiddel som i eksportlandet er offentleg godkjent som effektivt for å slå ned sjukdom som oppgitt i vilkår 2) over. Avhengig av kapasiteten, skal oppsamlingssentralar ha: lokal som berre skal brukast til dette føremål, lokal og utstyr, som er enkle å gjere reine og desinfisere, og skikka for lasting, lossing og oppstalling av dyra med tilstrekkeleg god standard, for vatning og fôring av dyra, og for å kunne gje all slags nødvendig behandling og stell, skikka lokal for inspeksjon og isolasjon, utstyr skikka til reingjering og desinfisering av lokal og transportmiddel, lokal som er skikka for lagring av fôr, strø og gjødsel, eit system som er skikka for oppsamling og forsvarleg handtering av avløpsvatn, og eit kontorlokale til den offentlege veterinæren. Når oppsamlingssentralen er i drift skal den ha tilstrekkeleg mange veterinærar til at alle oppgåver kan utførast. Oppsamlingssentralane skal berre ta i mot dyr som er individuelt merka, slik at sporing kan sikrast. Oppsamlingssentralens eigar eller den som er ansvarleg for oppsamlingssentralen, skal derfor forsikre seg om at dyra er riktig merka og følgjast av dei helsedokument og -sertifikat som krevjast for gjeldande dyreart og -kategori. Denne personen skal dessutan føre opp følgjande opplysningar i eit register eller ein database og ta vare på dei i minst tre år: dyreeigars namn, dyras opphavsbesetning, mottaksdato og dato for sending, talet på og identifikasjon av dyra, eller registreringsnummeret til opphavsbesetningen, dyras tiltenkte mottaksplass, transportørens organisasjonsnummer eller registreringsnummer og registreringsnummer på alle transportmiddel som leverar og hentar dyr ved sentralen. Alle dyr som passerar gjennom oppsamlingssentralane skal oppfylle helsekrava som gjeld for import av den aktuelle dyrekategorien til EØS. Dyr som skal eksporterast til EØS og som passerar gjennom ein oppsamlingssentral må, innan 6 dagar etter at dei kom til sentralen, lastast og sendast direkte til eksportlandets grense: utan å ha kome i kontakt med klauvdyr som ikkje oppfyller helsekrava som gjeld for import av den aktuelle dyrekategorien til EØS; vere inndelt i sendingar slik at ingen sending inneheld både dyr til avl eller produksjon og dyr som skal slaktast straks etter importen; i transportmidddel eller containere som før lasting er gjort reine og desinfisert med eit desinfeksjonsmiddel som i eksportlandet er offentleg godkjent som effektivt for å slå ned sykdom som oppgitt i vilkår 2) over, og som er konstruert slik at gjødsel, urin, strø eller fôr ikkje kan renne ut eller falle av under transport. Om vilkåra for eksport av dyr til EØS krev at ein test skal vere gjort innan ein bestemt tidsperiode før lasting, inkluderast all tid på oppsamlingssentralen i denne tidsperioden, opp til 6 dagar, etter at dyra har kome til den godkjente oppsamlingsssentralen. Eksportlandet skal peike ut dei oppsamlingssentralane som er godkjende for avls- og produksjonsdyr og dei som er godkjent for slaktedyr, opplyse om namn og adresser på disse til Kommisjonen og medlemsstatenes sentrale styresmakter, og oppdatere denne informasjonen med jamne mellomrom. Eksportlandet fastsett prosedyren for offentleg tilsyn med godkjende oppsamlingssentralar og skal sørgje for at slikt tilsyn blir utført. Oppsamlingssentralane skal ha regelmessig tilsyn som kontrollerar at vilkåra for godkjenning oppfyllast. Om vilkåra ikkje er oppfylde og godkjenninga trekkast tilbake eller opphevast, kan tildeling av ny godkjenning berre skje om offentleg veterinærstyresmakt har kontrollert at oppsamlingssentralen overheld samtlege vilkår oppgitt i dette vedlegget.
1 jf. vedtak 79/542/EØF vedlegg I del 3 B.
Nytt vedlegg F skal lyde:
(pdf)
II
Endringane trer i kraft straks.