Forskrift om vern av produktnemninga Hardangerpærer som beskytta geografisk nemning.
I kraft fra: 2006-08-25
§ 1 . Beskytta produktnemning
Hardangerpærer.
§ 2 . Rettmessig brukar
Hardanger Fruktprodukt.
§ 3 . Vilkår for bruk av produktnemninga
Produktbeskriving Hardangerpærer er pærer (Pyrus) dyrka i Hardanger av sortane Clara Frijs, Herzogin Elsa, Ingeborg, Moltke og Philip. Hardangerpærer skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte sorten når det gjeld storleik, farge og smak, og tilfredsstille dei minimumskrava til storleik og stivelseinnhald som er gitt i tabell 1. Hardangerpærer skal vere feilfrie og ha stilk. Tabell 1: Spesifikasjonar Hardangerpærer Pæresort Storleik (mm) Oppløyst tørrstoff (%) Clara Frijs 60-85 12,0 Herzogin Elsa 60-85 12,0 Ingeborg 60-85 12,0 Moltke 60-85 12,0 Philip 60-85 12,0 Geografisk område Hardangerpærer skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger, som omfattar kommunane Jondal, Kvam, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Odda. Produksjonsmetode Produksjon av Hardangerpærer skal byggje på moderne dyrkingsteknikkar. Trea skal plantast som eitt år gamle «piske» eller to år gamle greinete tre, med ein planteavstand på 1-2 m i rada og 3,5-5 m mellom radene. Under trea er det oftast ei vegetasjonsfri stripe. Trea skal formast som ein «fri spindel» eller «slank spindel», med gjennomgåande midtstamme og korte fruktberande greiner. Plantevernmiddel skal berre brukast i tråd med prinsippet om integrert plantevern. Det kan brukast dryppvatningsanlegg. Prognose for første haustedato skal fastsetjast av uavhengige fagfolk saman med fruktlageret på bakgrunn av analysar av stivelseinnhald og trykkfastleik i 6 pærer frå om lag 20 felt i heile Hardanger. Slik haustetidspunktprøve skal gjennomførast om lag 1-2 veker før normal haustetid. Pærene skal vere nedkjølte innan 2 dagar etter haustinga og lagrast på kjølelager ved -1-0 °C. Pærene skal tilfredsstille spesifikasjonane i tabell 1. Utanom dei krava til merking som er gitt i næringsmiddellovgivinga, skal pakningar med Hardangerpærer vere merkte med namn og nummer på produsenten og namn på pakkeriet. Uavhengige fagfolk skal minst 5 gonger i året kontrollere ved stikkprøvar at pærer som blir selde under produktnemninga Hardangerpærer, tilfredsstiller krava i denne forskrifta. Produktmerking Hardangerpærer kan merkjast med figurmerket for beskytta opphavsnemning.
§ 4 . Iverksetjing
Forskrifta blir sett i verk straks.
Vedlegg. Beskriving av produktopphav og tilknyting til det geografiske området
Dyrking av pærer i Hardanger har tradisjonar heilt tilbake til siste halvdel av 1700-talet. «Skolelærde menn» innførte pæretre frå andre land og spreidde dei vidare til interesserte bønder. Bøndene lærte seg å pode, og nye sortar kom til, bl.a. vart keisarinnepære foredla fram i 1790-åra. Denne sorten var dominerande i Hardanger i over hundre år. Dei pærene som blir dyrka i dag, tilhøyrer alle tradisjonelle sortar, og mange har vore dyrka i Hardanger i over 100 år.
Klimaet og jordsmonnet i Hardanger sikrar god kvalitet på pærene. Pærer dyrka i Hardanger er kjenneteikna av god kvalitet, fin smak og tiltalande farge. Dette kan knytast til klimaet og jordsmonnet i området, som gir høgt innhald av og god balanse mellom viktige smakskarakteristiske fruktsyrer og -sukker.
For å sikre store avlingar har pærer tradisjonelt vore dyrka på svært store tre i tung og fuktig jord. Nyare undersøkingar utført i Hardanger har vist at pærer godt kan dyrkast på mindre og meir effektive tre på lett grusjord, slik som ein gjer med eple.
Skredjorda er mineralrik og gir sunne og produktive tre. Jorda har god evne til både å halde på vatn og å magasinere varme, noko som gir gode vekstvilkår for trea og god fruktvekst.