Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om tilskot til avløysing.

LTI/forskrift/2006-11-08-1227·Kunngjort 14. november 2006·Journalnr. 2006-0908

I kraft fra: 2007-01-01

Endrerforskrift/1998-11-23-1086

§ 1 . Føremål

Føremålet med tilskot etter denne forskrifta er å medverke til å dekkje kostnadene til avløysing i jordbruket.

§ 2 . Tilskot til avløysing

Som tilskot etter denne forskrifta vert rekna tilskot til avløysing ved ferie og fritid, og tilskot til avløysing ved sjukdom mv. Tilskotet vert utrekna med grunnlag i føresegner om satsar og definisjonar m.m. fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

§ 3 . Grunnvilkår

er registrert som meirverdiavgiftspliktig etter lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift § 28 og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak etter same lov § 31, eller har hatt ein samla omsetnad og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 30.000 i løpet av dei siste 12 månadene før den registreringsdato som er fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret for søknad om tilskot.

Tilskot etter denne forskrifta kan berre gjevast der avløysaren er minst 16 år, og ikkje har næringsinntekt frå føretaket eller er ektemake eller sambuar til ein som har næringsinntekt frå føretaket.

§ 4 . Avgrensingar som følgje av eigartilhøve mv.

aksjeselskap eller andelslag, andre føretak som sjølve søkjer om tilskot til same produksjon, eller einkvar som er innehavar av, eller har eigarinteresser i andre føretak som søkjer om tilskot til same produksjon.

Med tilskot til same produksjon meines tilskot til husdyr, slik dette er definert i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

Tilskot etter denne forskrifta kan ikkje gjevast føretak som driv på ein slik måte at det inngår i eit driftsfellesskap med andre føretak som også søkjer om tilskot til same produksjon.

Fyrste ledd avgrensar ikkje for retten til tilskot ved ferie og fritid i tilfelle der aksjeselskap eller andelslag er eigar av landbrukseigedom. Føresegnene avgrensar heller ikkje retten til tilskot som følgje av at nokon har eigarinteresser i slike selskaper.

Føretak som blir eigd heilt eller delvis av deltakar i samdrift i mjølkeproduksjon, kan utan omsyn til det som elles følgjer av denne forskrifta, gjevast tilskot til avløysing for andre dyreslag enn dei samdrifta disponerer, dersom desse dyra ikkje inngår i driftsfellesskap med samdrifta si verksemd.

Tilskot etter denne forskrifta kan ikkje gjevast til skular og andre offentlege og private institusjonar.

§ 5 . Tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid kan gjevast føretak med husdyrhald. Tilskotet vert fastsett ut frå totalt tal husdyr som blir disponert av føretaket på det tidspunkt eller i den perioden som er fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

For enkeltpersonføretak gjevast slikt tilskot til dekking av dokumenterte lønsutgifter til avløysar, utgifter til landbruksvikar, eller utgifter til kjøp av avløysartenester frå eit avløysarlag eller ein avløysarring.

Ved overdraging av verksemd i løpet av året, blir tilskotet fordelt mellom føretaka etter den månaden overdraginga skjer. Føretaket må melde frå om endringa til kommunen. Maksimalt tilskot vert gjort gjeldande som grunnlag for tilskot frå og med månaden etter overdraginga av verksemda. Føretak som går inn i samdrift i mjølkeproduksjon i løpet av året, får behalde tilskotet som vart fastsett pr. 1. januar ut året. Føretak som går ut av slik samdrift i løpet av året får fastsett nytt avløysartilskot etter søknad pr. 1. januar året etter.

§ 6 . Generelle vilkår etter § 7 – § 10 for tilskot til avløysing ved sjukdom mv.

Tilskot til avløysing ved sjukdom mv. etter § 7 – § 10 kan gjevast føretak med husdyrhald, heilårs veksthusproduksjon, planteproduksjon eller honningproduksjon. For føretak med planteproduksjon eller honningproduksjon kan tilskot kun gjevast til avløysing i onnetida.

Slikt tilskot gjevast til dekking av dokumenterte lønsutgifter til avløysar, utgifter til landbruksvikar eller utgifter til kjøp av avløysartenester frå eit avløysarlag eller ein avløysarring.

Det kan kun gjevast eitt tilskot til avløysing ved sjukdom mv. etter § 7 – § 10 for same sjukdomsperiode mv.

ha ei næringsinntekt frå jordbruk/gartneri mv. frå føretaket på minimum 1/2 G, vera sjukmeldt mv. utover den delen det vert motteke ytingar under medisinsk rehabilitering for, eller det vert motteke ytingar under yrkesretta attføring eller teke i mot uførepensjon for, ta i mot mindre enn 75% attføring/rehabilitering og/eller uførepensjon, og vera under 70 år.

§ 7 . Tilskot ved sjukdom

Det kan gjevast tilskot dersom den personen som det vert søkt tilskot for er sjukemeldt frå arbeid i føretaket. Ved bruk av landbruksvikar er det likevel ikkje krav om at den som det vert søkt tilskot for er sjukemeldt dei tre fyrste dagane av sjukeperioden.

Når den det søkjast tilskot for har vore sjukemeldt i tilsaman 365 dagar dei tre siste åra, opphøyrer retten til tilskot. Tilskotet kan gjevast att når den som det vert søkt tilskot for har vore heilt arbeidsfør i 26 veker.

Ved delvis sjukemelding vert den maksimale dagsatsen for tilskotet og for føretaket redusert etter sjukemeldingsgraden.

§ 8 . Tilskot ved svangerskap, fødsel, og adopsjon av barn under 15 år

Det kan gjevast tilskot når den personen det vert søkt tilskot for er gravid og tek i mot svangerskapspengar.

Det kan gjevast tilskot når den det vert søkt tilskot for tek i mot foreldrepengar etter folketrygdlova. Permisjonstida må vere samanhengande. I to veker før fødsel til tre veker etter at barnet er kome heim, kan det òg ytast tilskot til faren i inntil 14 samanhengande dagar dersom han bur saman med mora til barnet, og ho ikkje tek i mot tilskot for desse dagane. Same rett gjeld òg ved adopsjon.

Elles gjeld reglane i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven) § 14-4 til § 14-18 så langt dei høver.

§ 9 . Tilskot ved sjukt barn

Det kan gjevast tilskot når den personen det vert søkt tilskot for har barn under 16 år med kronisk sjukdom eller følgjer sjukt barn under 12 år eller funksjonshemma barn under 16 år til behandling på sjukehus, institusjon eller spesialist.

Tilskotet kan gjevast inntil 20 dagar pr. år for kvar av foreldra. For einslege foreldre kan det gjevast tilskot i inntil 40 dagar pr. år.

§ 10 . Tilskot ved dødsfall

Det kan gjevast tilskot for attlevande ektemake/sambuar, barn eller foreldre til avdøde som oppfylte vilkåra i § 3 og § 6.

Tilskotet vert gjeve i inntil 8 veker etter dødsfallet. Det vert ikkje avkorta for sjukepengar i dette høvet, jf. § 11.

§ 11 . Reduksjon i tilskot ved sjukdom mv.

Ytingar som søkjar kan få – frå folketrygda, i pensjon, i godtgjersle for tapt arbeidsforteneste og i løn – skal trekkjast frå tilskotet. Slikt trekk skal likevel berre gjerast når summen av føretaket sin dagsats og ytingane nemnd ovanfor, er større enn den maksimale dagsatsen for tilskotet.

§ 12 . Søknad og utbetaling

Søknad skal sendast på søknadsskjema fastsett av Statens landbruksforvaltning. Søknadsfristen for tilskot til avløysing ved ferie og fritid er 20. januar. Søknadsfristen for tilskot til avløysing ved sjukdom mv. er 3 månader etter siste dag som gjev rett til tilskot.

Føretak som søkjer om tilskot må oppgje organisasjonsnummer.

Tilskotet kan ikkje overdragast til eige eller pant.

Tilskotet vert utbetalt til søkjaren, avløysarlag eller til avløysarring.

§ 13 . Administrasjon, dispensasjon og klage

Vedtak om tilskot etter denne forskrifta gjerast av kommunen. Fylkesmannen kan i særskilte høve dispensera frå reglane i denne forskrifta.

Vedtak som er gjort av kommunen kan klagast til fylkesmannen. Vedtak som er gjort av fylkesmannen kan klagast til Statens landbruksforvaltning.

Statens landbruksforvaltning kan gje nærare føresegner til denne forskrifta, herunder nærare krav til dokumentasjon og rapportering.

§ 14 . Opplysningsplikt og kontroll

Føretak som vert gjeve tilskot etter denne forskrifta er pliktig til å gje alle dei naudsynte opplysningar som kommunen, fylkesmannen eller Statens landbruksforvaltning gjer krav på.

Kommunen, fylkesmannen og Statens landbruksforvaltning fører tilsyn med at utbetaling av tilskot etter denne forskrifta er rett, og kan under dette føreta stadleg kontroll hos føretak som mottek tilskot. Føretaket er pliktig til å yte bistand ved kontroll.

§ 15 . Retting og avkorting av tilskotet mv.

Feil i utbetalt tilskot kan rettast, anten ved etterbetaling eller ved krav om attendebetaling frå den som mottek tilskot. Feil utbetalt tilskot kan også motreknast i seinare utbetalingar av tilskot.

Dersom søknaden om tilskot er sendt inn for seint eller inneheld urette opplysningar, kan kommunen gjere ei avkorting i tilskotsbeløpet, eller avslå utbetaling.

Dersom føretaket driv eller har drive si verksemd i strid med reglane for jordbruksverksemd, kan heile eller delar av tilskotet som tilfell føretaket avkortast.

Det kan krevjast forseinkingsrente i medhald av lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. for det beløp som krevjast betalt attende.

§ 16 . Kva tid forskrifta tek til å gjelde

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2007. Frå same tid blir forskrift 23. november 1998 nr. 1086 om tilskott til avløysing oppheva.