Forskrift om endring i forskrift om frakttilskott på slakt.
I kraft fra: 2007-01-01
I
I forskrift 8. januar 1998 nr. 16 om frakttilskott på slakt gjøres følgende endringer:
Innledningsteksten før § 1 skal lyde:
Ordninga bør virke utjamnande på priser til produsent og forbrukar. Ordninga bør virke slik at den stimulerer til å minimalisere fraktkostnadene. Ordninga bør vere enkel å praktisere.
Av dei midlar Stortinget til ei kvar tid løyver til frakttilskott på slakt i medhald av jordbruksavtalen, vert det betalt ut tilskott etter desse føresegnene:
§ 1 skal lyde:
For slaktedyr som blir levert til listeførde godkjente slakteri, kan det gis tilskott til nedskriving av kostnadene ved transport frå leverandøren sin næraste jernbanestasjon, stoppested for båt eller bilrute til den staden kjøparen har si verksemd.
Tilskottet skal ikkje vere større enn dei faktiske og turvande kostnadene ved billegaste forsvarlege sendemåte med frådrag av eigenandel på 15 øre pr. kg for gris, 25 øre pr. kg for storfe og hest, og 35 øre pr. kg for småfe.
Lengste avstand for innfrakt er 150 km i Sør-Noreg og 200 km i Nord-Noreg.
Tilskott etter denne paragrafen kan av Statens landbruksforvaltning fastsetjast til ein fast øresats pr. kg for kvart slakteri.
§ 2, § 3, § 4 og § 5 oppheves.
§ 6 og § 7 skal lyde:
Tilskott etter desse føresegner blir gitt berre for slaktedyr av storfe, gris, sau, geit og hest.
Statens landbruksforvaltning kan listeføre slakteri som er godkjent av Mattilsynet.
Statens landbruksforvaltning fører tilsyn med at dei verksemder som er listeførde følgjer desse reglane eller dei reglane som blir gitt i medhald av dei. Brot på reglane kan føre med seg at verksemda blir stroken av lista.
§ 9, § 10 og § 11 skal lyde:
Den som får utbetalt tilskott pliktar å skaffe fram det materialet og dei opplysningane som Landbruks- og matdepartementet eller den departementet gir fullmakt, finn nødvendig for å kontrollere at tilskottet er gitt i samsvar med reglane.
For mykje utbetalt tilskott skal betalast tilbake. Det kan krevjast renter av den summen som skal betalast tilbake.
Landbruks- og matdepartementet kan gi utfyllande reglar om gjennomføringa av desse føresegnene.
Landbruks- og matdepartementet kan i særlege høve gjere unntak frå desse føresegnene.
II
Endringene trer i kraft fra 1. januar 2007.