Forskrift om endring i forskrift om handelsverksemd med brukte eller kasserte ting mv.
I kraft fra: 2007-01-01
I
I forskrift 22. desember 1999 nr. 1379 om handelsverksemd med brukte eller kasserte ting mv. blir det gjort følgjande endringar:
§ 3 første ledd skal lyde:
Søknad om løyve etter brukthandellova i eitt politidistrikt skal sendast til og avgjerast av vedkomande politimeister. Skal det drivast handel i fleire politidistrikt, skal søknaden sendast til den politimeisteren der verksemda har sitt hovudkontor. Dei berørte politimeistrane skal uttale seg før løyve vert gitt. Politiet skal alltid sende kopi av brukthandelløyvet til den/dei aktuelle kommunane.
§ 4 andre punktum vert oppheva.
§ 7 første punktum skal lyde:
Endringar i opplysningar som tidlegare er meldt til politiet, f.eks. endringar i leiinga i eit føretak, skal meldast til politiet utan ugrunna opphald.
§ 7 andre punktum vert oppheva.
§ 9 andre ledd skal lyde:
Seljarar skal på ein tilfredstillande måte godtgjere identiteten sin, jf. § 10 tredje ledd bokstav d.
§ 9 tredje ledd andre punktum vert oppheva.
namn og adresse til den personen tingen er motteken frå, og rubrikk for å føre inn kva for legitimasjon som er framvist og merknad om at denne er funnen i orden, jf. § 9 andre ledd.
Mottak, kjøp og sal av gjenstandar meint for industriell destruksjon og/eller gjenvinning med unnatak av edle metall, bl.a. platina, sølv og gull.
§ 12 andre ledd vert oppheva.
§ 16 nytt andre punktum skal lyde:
Arrangørar av antikk- og samlarmesser, bruktmarknader og liknande plikter å sende liste over påmelde deltakarar til politiet samtidig med melding eller søknad om arrangementet etter politilova.
II
Endringane trer i kraft frå 1. januar 2007.