Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og likestillingsdepartementet

Forskrift om nærare føresegner om oppnemning av tilsynsperson, utøving av tilsynet og godtgjering for dette.

LTI/forskrift/2006-12-07-1360·Kunngjort 8. desember 2006·Journalnr. 2006-1023

I kraft fra: 2007-01-01

§ 1 .

Den statlege regionale familievernmyndigheten har ansvar for at det blir oppnemnd tilsynsperson i samband med samvær, i dei tilfelle retten pålegg det etter barnelova § 43 tredje stykket, anna punktum. Den forelder som skal ha samvær under tilsyn, vender seg til næraste offentlege familievernkontor.

Tilsynspersonen kan vere ein tilsatt fagperson ved familievernkontoret, eller ein som kontoret inngår avtale med. Tilsynspersonen må vere egna i forhold til domspremissane for tilsynet.

§ 2 .

Pålegg om å oppnemne tilsynsperson kan omfatte inntil 16 timer samvær per år.

§ 3 .

Tilsynsperson som ikkje er tilsatt i Barne-, ungdoms- og familieetaten, mottar godtgjering som dekker tapte lønnsinntekter.

Sjølvstendig næringsdrivande får dekt tapt arbeidsforteneste, normalt utrekna etter gjennomsnittleg tap per dag.

Reiseutgifter vert dekt etter reglane i «Særavtale for reiser innenlands etter statens regning».

§ 4 .

Utøvinga av tilsynet skal skje i samsvar med rettens premisser for samvær under tilsyn. Tilsynspersonen har ingen oppgåver eller myndigheit utover å vera til stades, dersom det ikkje går fram av domspremissane. Med mindre retten har fastsett det, skal ikkje tilsynspersonen gi skriftleg referat om gjennomføringa av samværet under tilsyn.

§ 5 .

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2007.