Delegering av mynde etter lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser.
I kraft fra: 2007-01-18
I
Kongens mynde etter inndelingslova § 6 og § 7 blir delegert til departementet.
II
Kongens mynde etter inndelingslova § 17 til å fastsetje nærmare reglar for gjennomføring av vedtak etter § 6, medrekna det å gjere unntak frå gjeldande reglar i lov eller forskrift, blir delegert til departementet. Fullmakta etter føregåande punktum kan ikkje delegerast vidare.
III
Tittelen på delegeringa skal lyde: Delegering av myndighet etter lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner. Romartal I skal lyde: Kommunal- og regionaldepartementet gis fullmakt til å treffe de avgjørelser som er tillagt Kongen etter lov om kommuner og fylkeskommuner av 25. september 1992 nr. 107 § 27 nr. 1 annet ledd.
IV
Vedtak 9. desember 1994 nr. 1079 om delegering av myndighet til Kommunal- og arbeidsdepartementet etter lov om endring i kommunal inndeling § 17, blir oppheva.