Forskrift om endring i forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning.
I kraft fra: 2007-03-27
I
I forskrift 22. juni 1984 nr. 1302 om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning blir det gjort følgjande endringar:
§ 4 skal lyde:
Vert setervollen hausta, eller er han gjerda inn og vert nytta til beite av garden setra ligg til, reknar ein setra for å vere «i bruk» i høve til § 22 i fjellova.
§ 6 tredje ledd skal lyde:
Kommunen handsamar og avgjer søknaden etter gjeldande forskrift om nydyrking i dei tilfelle der søknaden omfattar fulldyrking eller overflatedyrking etter forskrifta. Gjeld søknaden kultivering, og eventuelt inngjerding, til beitebruk, skal kommunen gje fråsegn om dei forholda som er nemnde i § 5 i forskrifta om nydyrking.
§ 14 første ledd skal lyde:
På seter som ikkje er i bruk, men som ikkje er fallen i det fri, kan seterbrukaren halde husa ved like på ordinært vis. Seterbrukaren kan etter samtykke frå Statskog og fjellstyret utvide seterhusa eller setje opp eit nytt seterhus på visse vilkår, som til dømes at hus som alt står skal rivast. § 13 andre stykket i denne forskrifta gjeld tilsvarande.
§ 16 tredje og nytt fjerde ledd skal lyde:
§ 20 i denne forskrifta gjeld tilsvarande for løyve etter første stykket.
Fjellstyret gjer vedtak om at husa skal fjernast om korkje utvising eller løyve er aktuelt.
Kapittel 6 (§ 19, § 20 og § 21) overskriften skal lyde:
§ 22 første ledd skal lyde:
Med samtykke frå Statskog og fjellstyret kan brukaren byggje om eller reie om uthus til bustad eller for utleige når det ikkje er aktuelt å ta opp att bruken av husa til seterformål og endringa av bruken ikkje vil vere ei hindring for seterdrifta på denne eller andre setrer. Det skal opprettast særskild avtale om avgift, som vert fastsett av Statskog.
§ 25 skal lyde:
Einskildvedtak gjort av Statskog i medhald av denne forskrifta, og som ikkje skal avgjerast ved skjøn, kan påklagast til Statens landbruksforvaltning etter reglane i kap. VI i forvaltningslova.
II
Endringane trer i kraft straks.