Hopp til innhold
Forskriftsendring
Barne- og likestillingsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om fastsetjing og endring av fostringstilskot.

LTI/forskrift/2007-04-13-406·Kunngjort 17. april 2007·Journalnr. 2007-0296

I kraft fra: 2007-05-01

I

I forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot blir det gjort følgjande endring:

§ 4 skal lyde:

Inntekta for kvar av foreldra skal setjast til personinntekt og positiv netto kapitalinntekt som overstig kr 10.000,- per år.

Har ein part inntekt frå sjølvstendig næringsverksemd, skal kapitalinntektsdelen av næringsinntekta reknast med i kapitalinntekta til og med inntektsåret 2005. Kapitalinntektsdelen er næringsinntekt minus utrekna personinntekt, underskot i næring i inntektsåret, framført underskot frå tidlegare år og godtgjering for arbeid til deltakar i deltakarlikna selskap.

Har ein part inntekt frå enkeltpersonføretak, skal kapitalinntektsdelen av næringsinntekta reknast med i kapitalinntekta frå inntektsåret 2006. Kapitalinntektsdelen er næringsinntekt minus utrekna personinntekt, underskot i næring i inntektsåret og framført underskot frå tidlegare år.

For personleg deltakar i aksjeselskap eller deltakarlikna selskap skal alle utdelingar frå selskapet til deltakaren reknast med ved fastsetjinga av positiv netto kapitalinntekt etter første leddet. Det gjeld også den delen av utdelinga som er skjerma for skattlegging hos deltakaren. For deltakar i deltakarlikna selskap skal ikkje den løpande fordelinga av selskapsoverskotet eller utdeling for å dekkje ordinær skatt takast med. Særskild godtgjering til deltakar i deltakarlikna selskap etter selskapslova § 2-26 første ledd blir rekna som personinntekt etter første leddet.

Når tilskotsmottakaren mottek kontantstøtte for tilskotsbarnet, utvida barnetrygd eller ekstra småbarnstillegg, skal dette leggjast til i inntekta til tilskotsmottakaren. Det same gjeld den fastsette fordelen av frådrag i skatteklasse 2. Denne skal setjast til 28 prosent av differansen mellom skatteklasse 1 og 2. Skattefordelen skal setjast til halvparten når inntekta til bidragsmottakaren er i grenseområdet for når skatteplikt skal utløysast. Det skal ikkje takast omsyn til toppskatt ved fastsetjinga. Dersom nokre av ytingane i dette stykket er fordelte mellom foreldra som følgje av avtale om delt bustad o.a., skal ytingane leggjast til i kvar av foreldra si inntekt som tilskotsmottakarar slik dei er fordelte.

Inntekta skal fastsetjast etter skjønn når ein part ikkje legg fram etterspurd dokumentasjon, eller dersom det er grunn til å tru at parten held tilbake opplysningar som kan ha noko å seie for avgjerda. Det same gjeld når ein part er utan inntekt, eller inntekta er vesentleg lågare enn det han eller ho burde oppnå ut frå utdanning og evner, utan at parten kan gi ein rimeleg grunn til at han eller ho ikkje har inntekt eller at inntekta ikkje er høgare. Inntekta blir ikkje rekna for å vere vesentleg lågare dersom ein part har ei inntekt som er opp til 20 prosent lågare enn det han eller ho elles burde kunne oppnå.

II

Endringa gjeld frå 1. mai 2007.