Delegering av mynde til fylkesmennene etter inndelingslova.
I kraft fra: 2007-04-19
Fylkesmannen treff vedtak i mindre saker om justering av kommunegrenser når det er semje om ei løysing, jf. § 6. Dersom kommunegrensa som saka gjeld er del av ei fylkesgrense, skal saka likevel avgjerast av departementet. Fylkesmannen fastset kommunegrenser (på land og i sjø), jf. § 7. Dersom kommunegrensa som saka gjeld er del av ei fylkesgrense, skal saka likevel avgjerast av departementet. I dei sakstypane fylkesmannen har fått delegert mynde til å fatte vedtak etter § 6 og § 7, avgjer fylkesmannen, jf. § 9, kor vidt det skal setjast i gang utgreiing på grunnlag av initiativ etter § 8. I dei sakstypane fylkesmannen har fått delegert mynde til å fatte vedtak etter § 6 og § 7, avgjer fylkesmannen kor vidt utgiftene ved utgreiinga skal berast av ein eller fleire av dei interesserte kommunane, jf. § 11. Fylkesmannen kan avvise søknad frå ein som ikkje har initiativrett, jf. § 9 andre avsnitt. Fylkesmannen kan gjennomføre lovlegkontroll med budsjettvedtak etter at utgreiing om samanslåing er sett i gang, jf. § 28.