Hopp til innhold
Forskriftsendring
Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Forskrift om forbod mot bonusprogram i innanriks luftfart

LTI/forskrift/2007-06-20-684·Kunngjort 22. juni 2007·Journalnr. 2007-0587

I kraft fra: 2007-08-01

HjemmelKonkurranseloven – krrl § 14forskrift/2004-04-16-631

§ 1 . Forbod mot bonusprogram

Det er forbode for flyselskap å tilby opptening som del av bonusprogram på ruter i innanriks luftfart.

§ 2 . Definisjonar

Bonusprogram: Ordning der flypassasjerar kan tene opp rett til gode gjennom å gjere reiser med eitt eller fleire flyselskap, med unntak av gode som vert gitt ved ein enkelt eller fleire samtidige reisebestillingar og som ikkje er avhengig av framtidig reisebestilling. Gode: Pengesum og einkvar type vare eller teneste, medrekna flyreiser, hotellovernatting, leigebil, auka servicenivå, tilgang til bestemte fasilitetar mv. Innanriks luftfart: Lufttransport av passasjerar mellom lufthamner i Noreg. Rute: Strekninga mellom to lufthamner.

§ 3 . Fullmakter

Konkurransetilsynet kan fastsetje nærmare føresegner om gjennomføring og utfylling av forskrifta og kan gjere unntak frå denne.

§ 4 . Ikrafttreding

Forskrifta trer i kraft 1. august 2007.

Merknader til føresegnene i forskrifta

Til § 1 Forbod mot bonusprogram

Paragrafen fastset eit generelt forbod mot at flyselskap tilbyr opptening i bonusprogram på ei eller fleire ruter i norsk innanriks luftfart. Det kan elles nemnast at det på anbodsrutene i alle høve er forbode med opptening av bonuspoeng i fylgje konsesjonen.

Forbodet må sjåast i samanheng med definisjonane av omgrepa «bonusprogram», «gode» og «innanriks luftfart» og «rute» i § 2.

Til § 2 Definisjonar

I bokstav a vert bonusprogram definert. Av definisjonen går det fram at det er den suksessive oppteninga av gode som er å forstå som opptening under eit bonusprogram. Gode som vert gitte ved ein enkelt eller fleire samtidige reisebestillingar, og som ikkje er knytte til framtidige reiser, vert såleis ikkje omfatta av definisjonen. Forbodet omfattar derfor ikkje auka servicegrad som følgje av billettkategori, kvantumsrabattar, tilleggsytingar mv. Men dette vil ikkje vere tillate dersom desse goda er avhengig av ei eller fleire framtidige reisebestillingar.

I bokstav b vert det gitt ein nærmare definisjon av omgrepet «gode» som vert nytta i bokstav a. Det vert presisert at òg opptening av rett til ein pengesum vil vere å forstå som opptening under eit bonusprogram. I tillegg vil alle typar varer og tenester vere omfatta. Eksemplifiseringa er såleis ikkje uttømmande, men omfattar ytingar som typisk vert tilbodne under bonusprogram.

Omgrepet «innanriks luftfart» vert definert i bokstav c . Dette omfattar alle strekningar mellom lufthamner i Noreg, medrekna ruter til og frå Svalbard. Flyruter frå norske til utanlandske lufthamner vert såleis ikkje omfatta.

«Rute» vert definert i bokstav d . Omgrepet skal forståast i samsvar med vanleg språkbruk som strekninga mellom to lufthamner.

Til § 3 Fullmakter

Forskrifta gir Konkurransetilsynet fullmakt til å fastsetje nærmare føresegner om gjennomføring og utfylling av forskrifta og til å gjere unntak frå denne.

Til § 4 Ikrafttreding

Forskrifta trer i kraft 1. august 2007.