Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova
I kraft fra: 2007-08-01
I
I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:
§ 3-2 første ledd skal lyde:
Skolen skal halde god kontakt med foreldra eller dei føresette. Kontaktlæraren skal minst to gonger i året ha ein planlagd og strukturert samtale med foreldra eller dei føresette om korleis eleven arbeider til dagleg og gjere greie for korleis eleven står i forhold til kompetansemåla i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra eller dei føresette om utviklinga til eleven i lys av § 1-2 i opplæringslova, generell del og prinsipp for opplæringa i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Samtalen skal munne ut i ei oppsummering, mellom anna med sikte på å bli einige om kva det særskilt skal leggjast vekt på i det vidare arbeidet. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen.
§ 3-4 overskrifta skal lyde:
§ 3-4 . Vurdering utan karakter i fag
§ 3-4 andre ledd skal lyde:
Både på barne- og ungdomstrinnet skal ein gi vurdering utan karakter i form av ei beskrivande vurdering av korleis eleven står i forhold til kompetansemåla i faga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet med sikte på at eleven på beste måte skal kunne nå desse måla. Det skal kunne dokumenterast at vurdering er gitt.
Ny § 3-4a skal lyde:
Læraren skal jamnleg ha dialog med eleven om utviklinga i lys av § 1-2 i opplæringslova, generell del og prinsipp for opplæringa i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
§ 3-8 skal lyde:
Det skal nyttast talkarakterar på ein skala frå 1-6. Berre heile talkarakterar skal nyttast.
Karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget. Karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget. Karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget. Karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget. Karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget. Karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget.
§ 4-1 skal lyde:
Elevar, lærlingar og lærekandidatar i offentleg vidaregåande opplæring har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet.
Det skal leggjast vekt på å gi god tilbakemelding og rettleing til elevane, lærlingane og lærekandidatane. Det skal også leggjast til rette for at dei kan gjere god eigenvurdering.
Skoleeigaren har ansvaret for at rettane blir oppfylte.
For vaksne i opplæring som er organisert for dei, gjeld reglane i § 4-36 til § 4-45. For vaksne som følgjer ordinær opplæring i den vidaregåande skolen, gjeld dei andre reglane om vurdering i kapittel 4.
§ 4-5 overskriften og første ledd skal lyde:
I vidaregåande opplæring skal ein gi vurdering utan karakter i form av ei beskrivande vurdering av korleis eleven, lærlingen og lærekandidaten står i forhold til kompetansemåla i faga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet med sikte på at dei på beste måte skal kunne nå desse måla. Lærekandidatar skal ha vurdering og rettleiing i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. § 6-37 tredje ledd og opplæringslova § 5-5 første ledd. Det skal kunne dokumenterast at vurdering er gitt.
Ny § 4-5a skal lyde:
Læraren skal jamnleg ha dialog med eleven om utviklinga i lys av § 1-2 i opplæringslova, generell del og prinsipper for opplæringa i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
§ 4-8 skal lyde:
Det skal nyttast talkarakterar på ein skala frå 1-6. Berre heile talkarakterar skal nyttast.
Bestått svarer til karakterane 2-6. Departementet kan i spesielle tilfelle bestemme ei anna grense for bestått. Fag med karakteren 1 i standpunktvurdering er bestått når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Dette gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen. Læreplanverket for Kunnskapsløftet fastset dei faga der det ikkje skal nyttast talkarakterar.
Karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget. Karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget. Karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget. Karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget. Karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget. Karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget.
I enkelte fag kan det i staden for talkarakterar brukast vurderinga bestått/ikkje bestått. Kva fag dette gjeld, er fastsatt i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. For å få karakteren bestått skal vurderinga minst tilsvare karakteren 2.
Ny § 4-31a skal lyde:
Førstegongsvitnemål, jf. § 7-2 i forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høgre utdanning, blir gitt til den som innanfor normal tid har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse.
Førstegongsvitnemål kan berre bli utstedt ein gong til den personen det gjeld. Dette gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på grunnlag av klage.
at vedkommande innanfor denne perioden gjennomfører ein internasjonal utveksling som medfører tap av opplæringstid, folkehøgskole, verneplikt eller omsorgsarbeid med eit omfang på minst ni månader at vedkommande innanfor denne perioden har gjort omval av Vg1 eller Vg2 at vedkommande har hatt fråver på grunn av langvarig sjukdom at vedkommande har fått rett til ekstra opplæringstid etter reglane i opplæringslova § 3-1 femte ledd
3-årig faglærarutdanning for tospråklege, jf. godkjent plan. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
3-årig faglærarutdanning for tospråklege, jf. godkjent plan. Tilsetjing kan skje for undervisning der lærareren har same morsmål som eleven.
II
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova gjøres følgende endringer:
3-2 første ledd skal lyde:
Skolen skal halde god kontakt med foreldra eller dei føresette. Kontaktlæraren skal minst to gonger i året ha ein planlagd og strukturert samtale med foreldra eller dei føresette om korleis eleven arbeider til dagleg, og gjere greie for korleis eleven står i forhold til kompetansemåla i faga i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra eller dei føresette om utviklinga til eleven i lys av privatskolelova § 1-1 andre ledd og den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Samtalen skal munne ut i ei oppsummering, mellom anna med sikte på å bli einige om kva det særskilt skal leggjast vekt på i det vidare arbeidet. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen.
§ 3-4 overskriften skal lyde:
§ 3-4 . Vurdering utan karakter i fag
§ 3-4 andre ledd skal lyde:
Både på barne- og ungdomstrinnet skal ein gi vurdering utan karakter i form av ei beskrivande vurdering av korleis eleven står i forhold til kompetansemåla i faga i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3, med sikte på at eleven på beste måte skal kunne nå desse måla. Det skal kunne dokumenterast at vurdering er gitt.
Ny § 3-4a skal lyde:
Læraren skal jamnleg ha dialog med eleven om utviklinga i lys av privatskolelova § 1-1 andre ledd og den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3.
§ 3-8 skal lyde:
Det skal nyttast talkarakterar på ein skala frå 1-6. Berre heile talkarakterar skal nyttast.
Karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget. Karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget. Karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget. Karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget. Karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget. Karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget.
§ 4-1 skal lyde:
Elevar i vidaregåande skolar som driv verksemd etter privatskolelova, har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Denne retten gjeld likevel ikkje vidaregåande skolar som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande offentlege skolar.
Det skal leggjast vekt på å gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane. Det skal også leggjast til rette for at elevane kan gjere god eigenvurdering.
Elevar i skolar godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning og som nyttar alternative vurderingsformer godkjende av departementet, har rett til vurdering etter skolen sitt godkjende system for vurdering. Det same gjeld elevar i internasjonale skolar. Skolane må likevel følgje § 4-4, § 4-5, § 4-7, § 4-9, § 4-10, § 4-11, § 4-12, § 4-20, § 4-21, § 4-27, § 4-28 og § 4-30. Elles gjeld føresegnene i kapittel 4 så langt dei passar, dersom anna ikkje er fastsett i godkjenninga.
Skolen sitt styre har ansvaret for at rettane til elevane blir oppfylte.
§ 4-5 overskriften og første ledd skal lyde:
I vidaregåande opplæring skal ein gi vurdering utan karakter i form av ei beskrivande vurdering av korleis eleven står i forhold til kompetansemåla i faga i den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3, med sikte på at dei på beste måte skal kunne nå desse måla. Det skal kunne dokumenterast at vurdering er gitt.
Ny § 4-5a skal lyde:
Læraren skal jamnleg ha dialog med eleven om utviklinga i lys av privatskolelova § 1-1 andre ledd og den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3.
§ 4-8 skal lyde:
Det skal nyttast talkarakterar på ein skala frå 1-6. Berre heile talkarakterar skal nyttast.
Bestått svarer til karakterene 2-6. Departementet kan i spesielle tilfelle bestemme ei anna grense for bestått. Fag med karakteren 1 i standpunktvurdering er bestått når eksamenskarakteren er 2 eller betre. Dette gjeld ikkje dersom eksamenskarakteren er for ein tverrfagleg eksamen. Den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3 fastsett kva for fag som ikkje nyttar talkarakterar.
Karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget. Karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget. Karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget. Karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget. Karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget. Karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget.
I enkelte fag kan det i staden for talkarakterar brukast vurderinga bestått/ikkje bestått. Kva for fag dette gjeld, er fastsett i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. For å få karakteren bestått skal vurderinga minst tilsvare karakteren 2.
Ny § 4-28a skal lyde:
Førstegongsvitnemål, jf. § 7-2 i forskrift 31. januar 2007 nr. 173 om opptak til høgre utdanning, blir gitt til den som innanfor normal tid har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse.
Førstegongsvitnemål kan berre bli utstedt ein gong til den personen det gjeld. Dette gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter (ar) på grunnlag av klage.
at vedkommande innanfor denne perioden gjennomfører ein internasjonal utveksling som medfører tap av opplæringstid, folkehøgskole, verneplikt eller omsorgsarbeid med eit omfang på minst ni månader at vedkommande innanfor denne perioden har gjort omval av Vg1 eller Vg2 at vedkommande har hatt fråver på grunn av langvarig sjukdom at vedkommande har fått rett til ekstra opplæringstid etter reglane i opplæringslova § 3-1 femte ledd.
III
Endringane trer i kraft frå og med 1. august 2007.