Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kultur- og kirkedepartementet

Forskrift om endringar i forskrift om film og videogram

LTI/forskrift/2007-07-12-895·Kunngjort 17. juli 2007·Journalnr. 2007-0745

I kraft fra: 2007-08-01

I

I forskrift 20. desember 1999 nr. 1515 om film og videogram blir det gjort følgjande endringar:

§ 3-4 nytt andre ledd skal lyde:

Det skal ikkje betalast avgift for omsetning av videogram som berre inneheld musikkstoff. Medietilsynet avgjer i tvilstilfelle om eit videogram berre inneheld musikkstoff.

Ny § 7-9 skal lyde:

Videogram som berre inneheld musikkstoff skal ikkje registrerast. Medietilsynet avgjer i tvilstilfelle om eit videogram berre inneheld musikkstoff.

Ny § 8-5 skal lyde:

Videogram som berre inneheld musikkstoff skal ikkje merkast. Medietilsynet avgjer i tvilstilfelle om eit videogram berre inneheld musikkstoff.

II

Endringane tek til å gjelde 1. august 2007.