Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilskot til avløysing

LTI/forskrift/2007-10-22-1168·Kunngjort 23. oktober 2007·Journalnr. 2007-0913

I kraft fra: 2008-01-01

Endrerforskrift/2006-11-08-1227

I

I forskrift 8. november 2006 nr. 1227 om tilskot til avløysing blir det gjort følgjande endring:

§ 7 skal lyde:

Det kan gjevast tilskot dersom den personen som det vert søkt tilskot for er sjukemeldt frå arbeid i føretaket.

Når den det søkjast tilskot for har vore sjukemeldt i tilsaman 365 dagar dei tre siste åra, opphøyrer retten til tilskot. Tilskotet kan gjevast att når den som det vert søkt tilskot for har vore heilt arbeidsfør i 26 veker.

Ved delvis sjukemelding vert den maksimale dagsatsen for tilskotet og for føretaket redusert etter sjukemeldingsgraden.

II

Endringa trer i kraft frå og med 1. januar 2008.