Forskrift om opptak til Masterstudie ved Bergen Arkitekt Skole
I kraft fra: 2008-03-10
§ 1 . Verkeområde
Forskrifta gjeld opptak til mastergradsstudiet i arkitektur ved Bergen Arkitekt Skole.
§ 2 . Definisjonar
Student: Student er den som er tatt opp til studiet ved BAS på grunnlag av dei opptakskrav som BAS stiller og som har betalt studieavgift for gjeldande semester.
Studieprogram: BAS sitt studieprogram er basert på eit femårig studieløp etter modellen 3+2 år som gir totalt 300 studiepoeng.
Studiepoeng: Mål på arbeidsomfang i studiet: 60 studiepoeng tilsvarar eitt års studium på full tid.
§ 3 . Opptaksrammer
Styret fastset opptaksramme for det einskilde studieprogrammet.
Bergen Arkitekt Skole tek normalt opp studentar for studiestart i haustsemesteret.
§ 4 . Opptakskapasitet
Det vert tatt opp inntil 30 studentar årleg til masterstudiet i arkitektur, her under inntil 6 stk. til master i arkitektur med fordjuping i landskap.
§ 5 . Generelle opptakskrav
For opptak til mastergradsstudiet ved BAS vert det stilt krav om generell studiekompetanse eller realkompetanse i høve til forskrift 10. oktober 2005 nr. 1191 om opptak til universiteter og høyskoler § 3-1, skriftleg søknad og intervju gjennomført etter nærare reglar fastsett av institusjonen.
§ 6 . Organisering av opptak
(1) Bergen Arkitekt Skole er ikkje med i Samordna opptak. BAS står sjølv for opptaket til høgskulen. Opptak skjer etter at søkjar har følgt BAS sin 3-stegsprosedyre: Interessemelding, søknad på eige skjema innan søknadsfrist og intervju.
(2) BAS har ein opptakskomité som gjennomfører opptaket. Opptakskomiteen skal ha føljande samansetjing: lærarrepresentant(ar), studentrepresentant(ar), 1 representant frå Bergen Arkitektforening (BAF) og 1 landskapsarkitekt for LA-søkjarar. Dei ulike partane utpeikar sjølv kandidatar til opptakskomiteen som godkjennast av rektor.
(3) Poenggjeving og rangering skjer etter regler fastsett av institusjonen. Poeng vert gitt i høve til 7 kriterier spesifisert i opptaksprosedyre og basert på skriftleg søknad og intervju, jf. forskrift 10. oktober 2005 nr. 1191 om opptak til universiteter og høyskoler § 4-1, punkt (3) d) 2.
§ 7 . Hospitantar
Personar med utdanning frå annan høgare arkitektutdanning i Noreg eller utlandet kan søkje om opptak som hospitant. Søknadsfristen for hospitantar er den same som for det ordinære masterstudiet.
§ 8 . Søknadsfrist
Frist for å søkja opptak ved BAS er 1. april. Søkjarar som avsluttar utdanning eller tek påkrevd eksamen etter søknadsfristen, må òg søkje innan fristen. Vitnemål må ettersendast så snart det ligg føre.
Opptakskomiteen er ikkje pliktig til å vurdere søknader som er poststempla etter søknadsfristen.
§ 9 . Søknadsskjema
Søknad om opptak skal skrivast på eige skjema som ein får tilsendt frå BAS etter først å ha sendt ein skriftleg interessemelding med førespurnad om å få tilsendt søknadsskjema.
§ 10 . Svar på søknad
Alle søkjarar får skriftleg svar på søknaden.
§ 11 . Stadfesting av studieplass
Dei som vert tatt opp må innan dato nemnt i BAS sitt svarbrev, returnere signert studiekontrakt og betale inn studieavgift fastsett av høgskolerådet til BAS sin konto oppgitt i svarbrevet.
§ 12 . Klage
Eventuell klage på avgjerd i opptaksspørsmål skal i første omgang rettast til BAS v/opptakskomiteen. Dersom vedtaket ikkje vert omgjort har søkjar høve til å oppretthalde klagen. Klagen vert då avgjort av skulen si klagenemnd.
§ 13 . Ikrafttreding
Forskrifta trer i kraft straks.
Samstundes vert gjeldande opptaksreglement for BAS oppheva.