Forskrift om opptak, studium og vurdering i mastergradsstudier ved Noregs veterinærhøgskole
I kraft fra: 2008-07-01
§ 1. Bruksområde, definisjonar, vedtaksmynde
§ 1-1 . Bruksområde
Forskrifta gjeld for mastergrad av 120 studiepoengs omfang, jf. forskrift om krav til mastergrad § 3.
§ 1-2 . Definisjonar
I denne forskrifta betyr «lova» lov 1. april 2005 nr. 15: Lov om universiteter og høyskoler.
Student: Som student vert rekna den som gjennom opptak i samsvar med § 3-6 og § 3-7 i lova er teken opp til masterstudium ved Noregs veterinærhøgskole. Studierett: Rettar og plikter knytta til det å vere teken opp som student. Utdanningsplan: Individuell plan som blir utarbeida mellom student og høgskolen for gjennomføring av studium/studieprogram av 60 studiepoengs omfang eller meir, i samsvar med lova § 4-2. Utdanningsplanen baserer seg på studieplanen og skal tydeleggjere kva rettar og plikter høgskolen har andsynes studenten, og kva rettar og plikter studenten har andsynes institusjon og medstudentar.
Faglærar: Har ansvar for å undervise i eit fag eller emne. Rettleiar: Har ansvar for å rettleie studenten i gjennomføring av masteroppgåva. Fagansvarleg: Er ansvarleg for heile studieprogrammet på det einskilde masterstudium.
Studium: Eit studium er ei sjølvstendig eining med innhald i samsvar med vedteken studieplan. Eit studium er til vanleg samansett av fleire emne som blir avslutta med eksamen. Eit studium fører fram til avsluttande eksamen eller grad. Studieplan: Plan som fastset opptakskrav, læringsmål, fagleg innhald, organisering, undervisings- og læringsformer, studiekrav, vurderingsformer og pensum for eit studium. Studieplanen har omtale av emne som inngår i studiet. Emneomtale: Omtalar læringsmål, faglege komponentar og korleis læringsarbeidet og vurderinga i emnet blir organisert. Emneomtalane inngår i studieplanen. Studiepoeng: Mål på omfanget av eit studium. Eit fullt studieår er normert til 60 studiepoeng.
Eksamen eller deleksamen: Eksamen er prøving med påfølgjande vurdering. Som eksamen blir rekna alle skriftlege, kliniske og munnlege prøver som gir grunnlag for fastsetjing av karakter på vitnemål eller karakterutskrift. Ordinær eksamen: Den eksamen eller deleksamen som ordinært blir skipa til i det aktuelle semesteret. Ny eksamen: Eksamen som blir skipa til for kandidatar som ikkje har fått godkjent ordinær eksamen. Utsett eksamen: Eksamen som blir skipa til for eksamenskandidatar som har levert fråsegn frå lækjar eller hatt anna dokumentert gyldig fråvær. Studiekrav: Obligatorisk arbeid som må vere gjennomført og godkjent før ein framstiller seg til eksamen. Studiekrav er krav for å gå opp til eksamen og kan ikkje vere del av eksamen. Døme på studiekrav er skriftlege oppgåver, munnlege framføringar, kurs, øvingar, ekskursjonar og obligatorisk undervising. Studiekrav skal framgå av studieplanen. Masteroppgåve: Sjølvstendig arbeid med eigen rettleiar. Diploma Supplement: Vitnemålstillegg på engelsk. Det skal innehalde navn og personalia for studenten og ein kortfatta omtale av m.a. studiets innhald, opptakskrav og av dei kvalifikasjonar studiet gir. Det inneheld også omtale av det norske utdanningssystemet. DS er berre gyldig når det blir brukt saman med originalvitnemålet.
§ 1-3 . Vedtaksmynde
Administrerande direktør har det øvste ansvaret for alle administrative vedtak etter denne forskrifta. Dersom vedtaksmynde i saker i denne forskrifta blir lagt til ein annan instans, skal dette eksplisitt omtalast i dei paragrafar som det er aktuelt for.
§ 2. Grad
Noregs veterinærhøgskole tildeler graden mastergrad på grunnlag av fullført mastergradsstudium ved høgskolen.
§ 3. Studieplan
§ 3-1 . Studieplan
Det skal vere godkjent studieplan for alle mastergradstudier som Noregs veterinærhøgskole gjev tilbod om.
§ 3-2 . Utforming og oppbygging av studieplanar
Alle studieplanar skal innehalde informasjon om: Målgruppe Opptakskrav Studiets lengde og omfang Læringsmål for studiet Emne (namn på emnet, omfang av emnet, emneomtale) Vurdering i emnet (undervegsvurdering, sluttvurdering) Eventuelle valgemne Progresjon i studiet (samanheng mellom emna) Omtale av korleis studiet er organisert (heiltid/deltid, blokker etc.) og kva arbeids- og undervisingsformer som inngår Karaktersystem (det må kome fram korleis eventuelle delvurderingar tel med og blir vekta i samla karakter) Tilvising til aktuell litteratur.
§ 3-3 . Godkjenning av nye studieplanar
Styret fattar vedtak om godkjenning av nye studieplanar.
§ 3-4 . Revisjon av studieplanar
Alle studieplanane ved høgskolen skal årleg reviderast i regi av studieutvalget.
§ 3-5 . Publisering av studieplanar
Alle studieplanane ved Noregs veterinærhøgskole skal publiserast elektronisk.
§ 4. Søknad og opptak
§ 4-1 . Søknadsfristar
Søknadsfrist for ikkje-europeiske søkarar er 1. februar. Søknadsfrist for europeiske søkarar er 15. mars. Ein person må søka innan fastsett frist for å få opptak til studiet.
§ 4-2 . Opptaksgrunnlag
Generelt opptaksgrunnlag for masterstudier av 120 studiepoengs omfang framgår av forskrift om krav til mastergrad. I samsvar med denne forskrifta blir det for opptak kravt: bachelorgrad eller cand.mag.-grad eller annan grad eller yrkesutdanning av minimum 3 års omfang eller annan grad eller yrkesutdanning som i samsvar med § 3-4 i lov om universiteter og høyskoler er godkjent som jamgod med ovannemnde gradar eller utdanningar. Innan eitt av de ovannemnde utdanningsløpa må det inngå fordjuping i fag, emne eller emnegruppe av minimum 80 studiepoengs omfang innan fagområdet for mastergraden eller integrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innan fagområdet for mastergraden.
§ 4-3 . Krav til engelskkunnskapar
Søkarar med utanlandsk utdanning må dokumentere at dei stettar krav til engelskkunnskaper i forskrift om opptak til grunnutdanningar ved universitet og høgskolar.
§ 4-4 . Opptak på grunnlag av realkompetanse
Høgskolen kan gi søkarar som er 25 år eller eldre i opptaksåret opptak på grunnlag av realkompetanse, jf. lova § 3-6 og forskrift fastsett av departementet. Vurdering av realkompetanse vert gjort på grunnlag av innsend dokumentasjon.
§ 4-5 . Rangering av søkarar
Karakterpoeng. Det blir rekna ut vekta gjennomsnittskarakter for dei emne som inngår i det faglege grunnlaget for opptak (minstekravsutdanning). For søkarar med bokstavkarakterar blir følgjande omregningsskala nytta som grunnlag for utrekning av vekta gjennomsnitt: A=5, B=4, C=3, D=2, E=1. Vekta gjennomsnittskarakter blir multiplisert med 10. Søkarar som det ikkje kan reknast poeng for blir rangert i høve til dei søkarar det er rekna poeng for etter skjøn.
§ 4-6 . Regelverk for arbeid i opptakskomité
Ein opptakskomité skal foreta vedtak om opptak til masterstudiane ved høgskolen og rangere søkarar det ikkje kan reknast poeng for. Opptakskomiteen skal oppnemnast av rektor, og skal ha følgjande samansetjing: dei fagansvarlege for kvar enkelt mastergradsstudium og ein studentrepresentant. Studiesjef eller den ho/han oppnemner er sekretær for opptakskomiteen. Opptak til masterstudiane ved høgskolen skal gjennomførast innan 15. mai. Opptak blir ikkje føreteke i løpet av studieåret.
§ 4-7 . Klage over avslag på søknad om opptak
Klage over enkeltvedtak i samband med opptak til masterstudiane ved høgskolen skal handsamast av høgskolens klagenemnd.
§ 4-8 . Innpassing
Tidlegare utdanning kan inngå i mastergrad ved Noregs veterinærhøgskole, jf. lova § 3-4. Søknad om godkjenning av tidlegare utdanning skal sendast høgskolen etter at opptak er føreteke. Tidlegare utdanning som det blir søkt om godkjenning for må vere på høgre nivå vere innhalds- og omfangsmessig likeverdig med den del av masterutdanninga ho skal erstatte kunne erstatte heile emne eller emnegrupper i det aktuelle masterstudiet, ikkje berre deler av emne. Tidlegare utdanning som det blir søkt om godkjenning for kan ikkje samtidig vere del av det faglege grunnlaget for opptak (minstekravsutdanning). Dersom tidlegare utdanning blir godskrive og godkjent må studenten ha avlagt minimum 60 nye studiepoeng på det respektive masterstudiet for å få tildelt vitnemål og grad.
§ 5. Studierett
§ 5-1 . Studierett/tap av studierett
Opptak til eit mastergradsstudium gjev studierett; dvs. tilgang til undervising og eksamen i emne som inngår i studiet og eventuell praksis og andre obligatoriske eller valfrie element i studiet. Ein student har tapt studieretten dersom han/ho ikkje fyller dei vilkåra som er knytte til det enkelte masterstudium ved studiestart. Slike vilkår skal gå fram av tilbods- eller opptaksbrevet som studenten får. Ein student som taper studieretten av slike grunnar må søke om nytt opptak. har brukt opp alle freistnadene på å greia ein eksamen. utan løyve avbryt studiet for lengre tid enn 3 månader. ikkje gjennomfører studiet i løpet av maksimalt 3 år, så sant det ikkje i utdanningsplanen er inngått avtale om forlenga studietid. ikkje har betalt semesteravgift innan dei frister som er fastsette.
§ 5-2 . Semesteravgift
Alle som er opptekne til mastergradsstudier ved høgskolen skal betale semesteravgift innan 1. oktober i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret. Semesteravgifta skal betalast over giro, og studenten må sørge for å få gyldig semestermerke på studiekortet sitt ved å vise kvittering for betalt semesteravgift. Styret i Studentsamskipnaden i Oslo fastset storleik på semesteravgifta.
§ 5-3 . Utdanningsplan
Ein student med opptak til masterstudium må stadfeste utdanningsplanen sin for det aktuelle semesteret innan 1. november. Ein student må sjølv ta initiativ til endring av utdanningsplanen sin dersom det oppstår forhold som gjer dette nødvendig.
§ 5-4 . Progresjon
Retten til å halde fram på eit masterstudium kan regulerast med særskilde krav til studiepoengsproduksjon for kvart enkelt studieår. Slike krav skal framgå av studieplanen.
§ 5-5 . Særskild tilrettelegging av studiesituasjonen
Ein student kan søke om særskild tilrettelegging av studiesituasjonen. Behovet må dokumenterast med attest frå lækjar eller annan sakkunnig. Det er ein føresetnad at tilrettelegging er praktisk mogeleg for høgskolen og ikkje går ut over fagleg kvalitet.
§ 5-6 . Permisjon og studieavbrot
Etter grunngjeven søknad frå student kan rektor, eller den rektor gir fullmakt, innvilge vedkomande permisjon frå studiet for ein periode på inntil eitt år. Fødsel og omsorg for born gir rett til permisjon, jf. lova § 4-5. Permisjon kan også gjevast på grunn av andre omsorgsoppgåver, sjukdom, verneplikt, krevande verv i studentorganisasjonar og andre særskilde forhold. Det blir ikkje gitt permisjon for å ta anna utdanning eller for å gå over i arbeid. Ein student som har fått permisjon, har ikkje dei rettar som er definert som studierett i denne forskrifta. Ein student som har permisjon, har ikkje høve til å gå opp til eksamen. Vedtak i permisjonssaker er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Klageorgan er klagenemnda ved høgskolen.
§ 6. Studieår og undervisning
§ 6-1 . Studieåret
Studieåret er på 40 veker, til vanleg fordelt med 18 veker i haustsemesteret og 22 veker i vårsemesteret. Joleferie og påskeferie (frå og med måndag etter palmesundag til og med 2. påskedag) er ikkje del av studieåret. Undervising og eksamen/avsluttande vurdering skal til vanleg avviklast innan studieåret.
§ 6-2 . Frammøte/obligatorisk undervisning
Det er ikkje generell frammøteplikt til undervisinga ved Noregs veterinærhøgskole. Krav om obligatorisk frammøte i undervising eller andre aktivitetar skal gå fram av studieplan/emneplan.
§ 6-3 . Studiekrav
Gjennom studieplanen skal studentane informerast om kva studiekrav i form av kurs, demonstrasjonar, ekskursjonar og liknande, i tillegg til skriftlege, praktiske og munnlege prøver, som er obligatoriske og krev aktiv deltaking for at emnet skal godkjennast som gjennomført. Faglærar er ansvarleg for godkjenning av studiekrav og for å utarbeide liste over alle som ikkje har fått godkjent studiekrava. Slik liste skal leverast SFA seinast to veker før eksamen tek til.
§ 7. Eksamen og vurdering
§ 7-1 . Eksamen
For å kunne framstille seg til eksamen må studenten vere registrert og oppmeldt til eksamen innan dei fristar høgskolen fastset. Studentar må kunne framvise dokumentasjon på betalt semesteravgift ved eksamen. For å kunne framstille seg til eksamen må studenten ha gjennomgått og fått godkjent dei studiekrav som studieplan/emnebeskrivelse føreset, og fylgt eventuell obligatorisk undervising. I særskilte tilfelle kan instituttleiar eller den han/ho gjev vedtaksmynde gje dispensasjon frå dei fastsette krava. Ein student er normalt automatisk oppmeldt til ordinær eksamen og til ny eller utsett eksamen. Ein student har sjølv ansvar for å kontrollere at han/ho er oppmeld til eksamen, korrigere eventuelle feil og til å halde seg orientert om tid og stad for eksamen. Ein student kan trekke seg frå eksamen seinast fire veker før eksamen tek til. Den som trekker seg frå eksamen etter fastsett frist og som ikkje har gyldig grunn til det, blir rekna for å ha framstilt seg til eksamen. Gyldig grunn kan vere sjukdom og andre sterke velferdsgrunnar. Dokumentasjon på slike grunnar skal sendast studiesjef innan tre dagar etter at eksamen er halde. I tvilstilfelle avgjer studiesjef kva som kan godtakast som gyldig grunn. Eksamensform og omfang av og vekting mellom ulike eksamenar eller deleksamenar som dannar grunnlag for sluttvurdering med fastsetjing av endeleg karakter, skal gå fram av studieplanen for det enkelte masterstudiet.
§ 7-2 . Eksamen under særskilde vilkår
Studentar som av medisinske eller andre grunner har behov for særordning i samband med skriftleg eksamen, må søke om dette seinast to veker før eksamen. Ved akutte lidingar som oppstår etter denne fristen, må søknad sendast snarast råd. Søknaden må dokumenterast med attest frå lækjar eller attest frå andre sakkunnige. Studiesjef avgjer søknader om særordning ved eksamen. Særordning kan gjevast m.a. til studentar som har kroniske eller akutte lidingar, fysiske funksjonshemmingar, gravide som har behov for kvile, mødre som ammar, studentar med lese-/skrivevanskar. Særordning kan vere særskild fysisk tilrettelegging, særskilde hjelpemiddel, utvida tid til eksamen og vedlegg av attestasjon med eksamenssvaret. For skriftleg eksamen som varer fire timar eller mindre, blir det normalt gitt ½ time ekstra tid, medan det blir gitt ein time ekstra tid for skriftleg eksamen som varer meir enn fire timar. Tilrettelegging av særordning skal ikkje medføre at kandidatane blir prøvd på kvalitativt ulike måtar og skal ikkje medføre at faglege krav blir svekka.
§ 7-3 . Eksamensplan. Tidspunkt for eksamen
Eksamensplan med tid for eksamen skal vere fastsett i semesterplanen. Stad for eksamen og eventuelle justeringar i fastsett eksamensplan skal vere kunngjorde, via studentweben Arena, seinast ein månad før eksamen blir skipa til.
§ 7-4 . Målform
Eksamensoppgåver blir gjeve på engelsk. Eksamenssvar skal leverast på engelsk. Etter grunngjeven søknad kan eksamenssvar leverast på andre språk. Studiesjef avgjer slike søknader.
§ 7-5 . Eksamensfreistnader
Ein student blir ikkje gjeve høve til meir enn totalt tre eksamensfreistnader i kvart einskilde fag når vedkomande tidlegare har oppnådd eit ikkje-godkjent resultat. Etter grunngjeven søknad frå studenten kan rektor etter innstilling frå studiesjef i særlege høve gjera unntak frå desse reglane og innvilge eit fjerde eksamensforsøk. Ei mastergradsoppgåve som har fått eit ikkje-godkjent eksamensresultat, kan berre leverast på ny som eit nytt eksamensforsøk ei gong, og då innan avtala tidspunkt og i omarbeidd form. Ein student som har fått godkjent eksamen, blir ikkje gitt høve til å avlegge den aktuelle eksamenen på nytt.
§ 7-6 . Ny eksamen
Ein student som ikkje har fått godkjent ein eksamen, skal gå opp til ny eksamen i ikkje-godkjent eksamen eller deleksamen på det tidspunktet høgskolen fastset. Det skal gå minimum 4 veker frå sensuren er falle til ny eksamen blir halde.
§ 7-7 . Krav til sjølvstendig arbeid (mastergradsoppgåve)
Det sjølvstendige arbeidet (mastergradsoppgåva) skal ha eit omfang på 60 studiepoeng. Mastergradsoppgåva skal til vanleg utførast individuelt. Etter søknad kan det gjevast løyve til at to studentar samarbeider om ei oppgåve, men det er ein føresetnad at den einskilde sine deler av den samla oppgåva kan identifiserast og vurderast for seg, og at desse delane har eit omfang tilsvarande 60 studiepoeng. Emne for mastergradsoppgåva skal godkjennast av fagleg ansvarleg for det einskilde mastergradsstudiet. Mastergradsoppgåva skal leverast SFA i 4 eksemplar innan fastsette fristar. Nærare retningslinjer og reglar for mastergradsoppgåver ved Noregs veterinærhøgskole blir fastsette av administrerande direktør.
§ 8. Sensur, karakter og vitnemål
§ 8-1 . Sensur
Eksamen, prøve, vurdering av oppgåve eller anna vurdering der resultatet inngår på vitnemålet eller blir innrekna i karakter for mastergradsstudiet, skal vere sensurert av to sensorar oppnemnde av rektor. Ved vurdering av mastergradsoppgåva skal ein av disse alltid vere ekstern. Sensur av ordinær eksamen skal føreligge innan tre veker. Sensur av mastergradsoppgåver skal føreligge innan fem veker. Ved ny sensur (klagesensur) skal det vere minst to nye sensorar, der minst ein er ekstern, jf. lova § 3-9. Ein ekstern sensor skal til vanleg ikkje vere sensor samanhengande i same fag eller emne ved høgskolen i meir enn fem år. Ekstern sensor kan ikkje vere tilsett eller ha hatt undervisningsoppgåver av vesentleg omfang ved høgskolen innan det aktuelle fagområdet i same studieår som eksamen blir skipa til. Ekstern sensor må ha minst ein av følgjande kvalifikasjonar: Vere tilsett på minimum førsteamanuensisnivå ved annan utdannings- eller forskingsinstitusjon. På annan måte ha dokumentert vitskapelig kompetanse på tilsvarande nivå. Ha røynsle som sensor i vedkomande fag, emne eller kurs ved universitet eller høgskole. Gjennom yrkespraksis vere særleg kvalifisert innan vedkomande fag.
§ 8-2 . Karakterskala
Ved karakterfastsetjing av den einskilde eksamen skal det anten brukast ein seksdelt gradert karakterskala med karakterane A til E for greidd og F for ikkje greidd eller ein todelt karakterskala med karakterane «greidd/ikkje greidd». Ved karakterfastsetjing av mastergradsoppgåve skal seksdelt karakterskala (A-F) nyttast. Kva karakterskala som skal nyttast ved andre eksamenar, skal framgå av studieplanen. Følgjande kvalitative omtale av dei einskilde karaktertrinna i bokstavkarakterskalaen skal leggast til grunn for karaktergjevinga: Karakter Nemning Omtale A Framifrå Framifrå prestasjon som skil seg klårt ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. B Mykje god Mykje god prestasjon. Kandidaten viser mykje god vurderingsevne og sjølvstende. C God Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten viser god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda. D Nokså god Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten viser ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. E Tilstrekkelig Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten viser lita vurderingsevne og lite sjølvstende. F Ikkje greidd Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende. Når karakterskalaen greidd/ikkje greidd blir nytta, skal dette vere eit sjølvstendig vurderingsuttrykk utan samanheng med den graderte skalaen (A-F). Det skal framgå av studieplanen korleis omrekning av deleksamenar som skal inngå i utrekninga av ein samla karakter for eit fag eller emne skal føregå.
§ 8-3 . Vitnemål og Diploma Supplement
Vitnemål og Diploma Supplement for avslutta grad blir utskreve. For andre eksamenar tildeler høgskolen karakterutskrift, jf. lova § 3-11.
§ 9. Grunngjeving og klage
§ 9-1 . Klage over formelle feil
Ein student som har vore oppe til eksamen eller prøve, kan klage over formelle feil som vedkomande meiner er blitt gjort ved oppgåvegjeving, eksamensavvikling eller gjennomføring av sensur. Slik klage må framsetjast innan tre veker etter at han eller ho er eller burde vore kjent med det forhold som klaga er grunna på. Slik klage skal vere skriftleg og grunngjeven, skal sendast høgskolen og skal avgjerast av høgskolen si klagenemnd. Det skal innhentast relevant informasjon frå eksamensansvarlege som skal vedleggast klaga. Dersom klagenemnda finn at det er gjort formelle feil som kan ha hatt innverknad for studenten sin prestasjon eller vurderinga av denne, skal sensurvedtaket opphevast. Dersom feila kan rettast opp ved ny sensur av innleverte arbeid, skal ny sensurering gjennomførast. I motsett fall skal det skipast til ny eksamen eller prøve med nye sensorar. Karakterfastsetting ved ny sensurering etter denne paragrafen kan påklagast etter reglane i lova § 5-3. Dersom klagenemnda finn at det er gjort formelle feil, og det er rimeleg å tru at dette kan ha hatt innverknad for ein eller fleire kandidatar sine prestasjonar eller vurderinga av desse, kan det gjerast vedtak om gjennomføring av ny sensur eller ny eksamen eller prøve. Blir ei klage over formelle feil ved ein skriftleg eksamen eller prøve avvist, eller ho blir realitetsbehandla og ikkje teke til følgje, kan studenten likevel klage over karakterfastsettinga, jf. § 9-2.
§ 9-2 . Klage over karakterfastsetjing
Ein student kan klage skriftleg over karakteren for eigen prestasjon ved skriftleg eksamen. Ved kontinuerleg vurdering undervegs i studiet har studenten klagerett over fastsetjing av karakter når samla vurdering av emnet er gjort kjent, jf. lova § 5-3. Klaga skal stilast til Noregs veterinærhøgskole og sendast til Studie- og forskingsadministrativ avdeling. Dersom endeleg karakter er fastsett på grunnlag av både skriftleg og munnleg prøve og klagar får medhald i sensuren over den skriftlege del av eksamen, skal det skipast til ny munnleg prøve for fastsetjing av endeleg karakter. Klagefrist er tre veker etter at eksamensresultat er kunngjort. Er krav om grunngjeving for karakterfastsetjing (jf. § 9-3) eller klage over formelle feil (jf. § 9-1) sett fram, blir klagefristen rekna frå studenten har fått grunngjeving eller endeleg avgjerd av klagen ligg føre. Er klage over karakterfastsetjing formelt i orden, skal det føretakast ny sensurering. Ved ny sensurering skal det nyttast to sensorar oppnemnde av rektor. Minst ein av desse skal vere ekstern. Sensorane skal vurdere eksamenssvaret på fritt grunnlag og skal ikkje ha tilgang til resultatet på ordinær eksamen, dei ordinære sensorane si grunngjeving for karakterfastsetjinga eller klagen frå studenten. Eventuell endring i karakterfastsetjing kan gjerast både til gunst og ugunst for klagaren. Karakterfastsetjing ved ny sensurering etter denne paragrafen kan ikkje påklagast. Vurdering av munnleg prestasjon eller munnleg/praktisk eksamen eller liknande som etter sin art ikkje let seg etterprøve, kan ikkje påklagast.
§ 9-3 . Rett til grunngjeving
Ein student har rett til å få grunngjeving for karakterfastsetjinga av prestasjonane sine. Når karakteren er fastsett, skal studenten ha tilgang til eventuelle skriftlege retningslinjer for vurderinga. Ved munnleg eksamen eller munnleg/praktisk eksamen må krav om grunngjeving setjast fram for sensorane straks etter at karakteren er gjort kjent. Ved skriftleg eksamen må krav om grunngjeving setjast fram innan ei veke frå studenten fekk kjennskap til karakteren, likevel ikkje meir enn tre veker frå karakteren blei kunngjort. Krav om grunngjeving skal setjast fram for ansvarleg instituttleiar eller den som instituttleiaren har delegert dette til. Grunngjeving skal normalt vere gitt innan to veker etter at studenten har bede om dette. I grunngjevinga skal det gjerast greie for dei generelle prinsippa som er lagt til grunn for vurderinga og for vurderinga av kandidaten sin prestasjon. Grunngjeving skal gjevast munnleg eller skriftleg etter sensor sitt val. Dersom sensorane av tungtvegande grunnar ikkje kan halde fristen på to veker, skal studenten og Studie- og forskingsadministrativ avdeling gjevast melding innan tovekersfristen om når grunngjeving bli gjeve. I samband med arbeidet med grunngjeving for karakterfastsetjing kan sensorane heve karakteren dersom dei finn dette rettferdiggjort.
§ 10. Annullering av eksamen. Utestenging
Dersom det ved eksamen oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk, skal studenten på eit høveleg tidspunkt og snarast mogeleg gjerast merksam på mistanken og at dette vil bli rapportert. Dette gjeld også student som eventuelt yter hjelp. Studenten vel sjølv om ho/han vil halde fram eller avbryte eksamen. Fusk eller forsøk på fusk ved eksamen kan medføre annullering av eksamen, utestenging fra institusjonen og tap av retten til å gå opp til eksamen ved institusjonar under lova i inntil eitt år, jf. lova § 4-7 og § 4-8. Klagenemnda ved høgskolen handsamar saker om fusk ved eksamen. Ved eksamenar der studenten har tilgang til bruk av ulike kjelder, vil plagiering og brot på reglar om kjeldetilvisingar bli rekna som fusk eller forsøk på fusk. Klagenemnda ved høgskolen kan foreta vedtak om bortvising eller utestenging i inntil eitt år dersom ein student oppfører seg på ein måte som verkar grovt forstyrrande for medstudentar eller for verksemda ved institusjonen, jf. lova § 4-8.
§ 11. Utfyllande reglar
Administrerande direktør vert gjeven fullmakt til å fastsetje utfyllande reglar til denne forskrifta og til å foreta mindre justeringar i forskrifta.
§ 12. Iverksetjing og oppheving av tidlegare forskrifter
§ 12-1 . Iverksetjing
Denne forskrifta gjeld frå 1. juli 2008.
§ 12-2 . Oppheving av tidlegare forskrifter
Forskrift 19. oktober 2006 nr. 1249 om opptak, studium og vurdering i mastergradsstudier ved Noregs veterinærhøgskole.