Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om løyve til å gå opp som privatist til eksamen mv. ved Noregs veterinærhøgskole

LTI/forskrift/2008-04-10-410·Kunngjort 6. mai 2008·Journalnr. 2008-0386

I kraft fra: 2008-07-01

Hjemmellov/2005-04-01-15 § 3-10

Kap. 1. Definisjonar

§ 1-1 .

Lova: I denne forskrifta tyder «lova» lov 1. april 2005 nr. 15: Lov om universiteter og høyskoler.

§ 1-2 .

Student: Som student vert rekna den som gjennom opptak i samsvar med § 3-6 og § 3-7 i lova er oppteken til eit studium ved Noregs veterinærhøgskole.

§ 1-3 .

Privatist: Som privatist vert rekna den som går opp til eksamen etter vedtak i lova, § 3-10, utan å vere oppteken til eit studium ved Noregs veterinærhøgskole.

Kap. 2. Rettar

§ 2-1 .

Privatistane sine rettar ved NVH er normalt avgrensa til deltaking i offentlege førelesingar og løyve til å gå opp til eksamen i samsvar med lova. Med førelesing er meint formidling av kunnskapar til samla studentgruppe i emnet/emna, og der eigenaktiviteten til deltakarane som regel er avgrensa til enkeltspørsmål og kommentarar.

§ 2-2 .

Unntaksvis kan studie- og forskingsadministrativ avdeling (SFA), etter samråd med det instituttet som har ansvar for det aktuelle emnet, gje privatistar løyve til deltaking og undervising i vedkomande emne sjølv om det i sin karakter ikkje er offentleg.

§ 2-3 .

Dei rettane privatistar kan få innvilga med heimel i paragrafane 2-1 og 2-2, blir berre gitt under føresetnad av at det er ledig kapasitet i dei ulike undervisningslokala som blir nytta og at nødvendige ressursar er stilt til rådvelde.

Kap. 3. Oppmelding

§ 3-1 .

Privatistar må søke SFA om deltaking i emne som i sin karakter ikkje er offentlege, jf. § 2-2.

§ 3-2 .

Privatistar må søke om løyve til å gå opp til eksamen, og dei må melde seg opp innan fastsette fristar. Oppmeldinga må innehalde dokumentasjon på at privatisten tilfredsstiller krav til den generelle og eventuell særskilde kompetansen som krevst for opptak til vedkomande studium.

Kap. 4. Eksamensavgift

§ 4-1 .

I emne med inntil 30 studiepoeng: kr 3000,-.

§ 4-2 .

Styret kan endre satsen for eksamensavgifta når kostnadene ved eksamensgjennomføringa endrar seg.

§ 4-3 .

Eksamensavgifta må vere betalt innan fastsett frist. Privatistar som ikkje har betalt avgifta innan fristen, har ikkje tilgang til eksamen.

§ 4-4 .

Ein privatist som uansett grunn trekker seg frå eksamen som krev særskild tilrettelegging – t.d. klinisk eksamen – seinare enn fire veker før eksamensdato, må betale eksamensavgift på nytt dersom vedkomande melder seg opp til same eksamen igjen.

Kap. 5. Krav for å gå opp til eksamen

§ 5-1 .

Privatistar har normalt ikkje høve til å ta eksamen i emne som har krav på godkjende øvingar, semesteroppgåver eller andre obligatoriske aktivitetar.

§ 5-2 .

Privatistar, som i samsvar med § 2-2 har fått løyve til å delta i emne som i sin karakter ikkje er offentlege, har også høve til å ta eksamen i emnet.

§ 5-3 .

Privatistar som ikkje stettar fastsette krav nedfelt i studie- og emneplan har ikkje tilgang til eksamen.

§ 5-4 .

Privatistar blir ikkje gitt høve til fleire enn tre eksamensforsøk i eitt og same emne.

§ 5-5 .

Studentar som har mista studieplassen sin ved NVH grunna tre stryk til eksamen i eitt og same emne eller pga .manglande progresjon, blir ikkje gitt høve til å melde seg opp til eksamen som privatist, jf. § 5-4 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Noregs veterinærhøgskole.

Kap. 6. Registrering m.m.

§ 6-1 .

Privatistar skal registrere seg og betale avgifter som blir kravd for å gå opp til eksamen ved NVH.

§ 6-2 .

Privatistar må betale semesteravgift. Betalt semesteravgift gir rett til studentkort og tilgang til dei velferdstilbod som blir gitt av Studentsamskipnaden i Oslo (SiO).

Kap. 7. Vedtaksmynde

§ 7-1 .

I saker der vedtaksmynde ikkje er lagt til styret, skal vedtak i samsvar med denne forskrifta treffast av rektor eller den han/ho gjev fullmakt.

Kap. 8. Klage

§ 8-1 .

Klage på vedtak etter denne forskrifta skal sendast Noregs veterinærhøgskole.

Klagefristen er 3 veker, jf. § 29 i forvaltningslova.

Klageorgan er klagenemnda ved høgskolen.

Kap. 9. Iverksetjing

§ 9-1 .

Forskrifta er gjeldande f.o.m. 1. juli 2008.