Hopp til innhold
Forskriftsendring
Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Forskrift om mellombels unnatak frå konkurranselova for avtaler om klinisk veterinærvakt

LTI/forskrift/2008-05-23-481·Kunngjort 23. mai 2008·Journalnr. 2008-0429

I kraft fra: 2008-05-23 – 2008-12-31

§ 1 . Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å avgrense bruken av forboda i konkurranselova slik at det kan lagast rammeavtaler og avtaler om organisering av og godtgjering for deltaking i klinisk veterinærvakt. Slike avtaler kan nyttast når kommunane og veterinærane skal forhandle om godtgjering og vilkår for deltaking i og organisering av slik vakt.

§ 2 . Unnatak for samarbeid mellom veterinærar om avtaler med kommunar om etablering og drift av klinisk veterinærvakt

Konkurranselova § 10 og § 11 vert ikkje nytta på avtaler, avgjerder, samordna praksis mellom veterinærar, eller einsidige handlingar gjort av veterinærar eller deira organisasjonar. Dette gjeld berre når handlingane er naudsynte for å kunne forhandle fram og gjennomføre avtaler mellom desse og kommunane for å oppfylle ansvaret kommunane har for å syte for ei veterinærvaktordning etter lov 15. juni 2001 nr. 75 om veterinærer og annet dyrehelsepersonell med seinare endringar. Vilkår som svarar til dei som er tekne inn i avtala mellom KS og Den norske veterinærforening reknast som naudsynte etter andre punktum.

§ 3 . Plikt til å påvise heimel

På førespurnad frå konkurransestyresmaktene pliktar alle som vil nytte unnataket i § 2 å gjere greie for kva for avtale nemnd i § 2, som regulerer forholdet.

§ 4 . Virketid

Forskrifta trer i kraft straks og gjeld til 31. desember 2008.