Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

LTI/forskrift/2008-05-23-934·Kunngjort 22. august 2008·Journalnr. 2008-0743

I kraft fra: 2008-08-22

Endrerforskrift/2006-06-23-724
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 2-3

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endring:

Ny § 1-14 skal lyde:

Elevane i grunnskolen skal følgje opplæringa i alle fag slik det er fastsett i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, jf. § 1-1. Dette gjeld likevel ikkje fullt ut i faga matematikk, engelsk, framandspråk, naturfag og samfunnsfag for elevar på ungdomstrinnet som har tilstrekkeleg kompetanse til å følgje opplæringa i eitt eller fleire av desse faga på vidaregåande nivå i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet, og som får slik opplæring. Desse elevane skal i dei aktuelle faga ha vurdering både etter kapittel 3 og 4. Elevar som følgjer opplæring på vidaregåande nivå etter andre punktum, kan få disponere inntil 60 % av timane i faget «Utdanningsval» til denne opplæringa.

II

Endringa trer i kraft på tidspunktet for kunngjeringa.