Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova

LTI/forskrift/2008-06-17-591·Kunngjort 18. juni 2008·Journalnr. 2008-0520

I kraft fra: 2008-06-17

Endrerforskrift/2006-06-23-724forskrift/2006-07-14-932
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 3-4Privatskolelova – prskol § 2-3

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endring:

Ny § 23-2 skal lyde:

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna lærarstreiken våren 2008 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 4-31 andre ledd.

II

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova blir det gjort følgjande endring:

Ny § 4-34 skal lyde:

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna lærarstreiken våren 2008 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 4-28 andre ledd.

III

Endringane trer i kraft 17. juni 2008.