Hopp til innhold
Forskriftsendring
Fiskeridepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tildeling og drift ved havbeiteverksemd (havbeiteforskrifta)

LTI/forskrift/2008-06-17-827·Kunngjort 25. juli 2008·Journalnr. 2008-0701

I kraft fra: 2008-08-01

I

I forskrift 28. august 2003 nr. 1110 om tildeling og drift ved havbeiteverksemd (havbeiteforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:

§ 2 og § 3 skal lyde:

Forskrifta gjeld havbeite. § 16 fjerde ledd bokstav d, § 20 andre ledd bokstav c, e og h, § 21, § 22 og § 23 gjeld ikkje for pigghuder.

Akvakultur: Produksjon av akvatiske organismar. Produksjon omfattar eit kvart tiltak for å påverke vekta, storleiken, talet, eigenskapane eller kvaliteten til akvatiske organismar. Auka dødstal: Dødstal som er signifikant høgare enn det ein vurderer som normalt for havbeitelokaliteten under rådande forhold. Kva ein vurderer som auka dødstal avgjeras i samarbeid mellom oppdrettar og Mattilsynet. Havbeite: Akvakultur av krepsdyr, blautdyr og pigghuder i form av botnkultur utan at dyra vert haldne i fangenskap. Hausting: Systematisk gjenfangst av eit utsett havbeitedyr. Fjerning av dyr i samband med prøveuttak, kontroll, røkting o.a. er ikkje å sjå på som hausting. Lokalitet: Eit geografisk avgrensa område nærare fastsett i løyvet, der innehavar av løyvet har eksklusiv rett til utsett og gjenfangst av den utsette arten.

§ 16 fjerde ledd skal lyde:

opphav til dyr og kor mange dyr som skal setjast ut, tidspunkt for utsett, kva for ein lokalitet eller lokalitetar eller delar av lokalitet det skal setjast ut på, eventuelle nye delområde av den godkjende lokaliteten som skal takast i bruk det neste året, planlagt tidspunkt, metodar og omfang av gjenfangst av havbeitedyr, planlagde tiltak i samband med sjukdomsutbrot, til dømes brakklegging av lokaliteten, planlagt bruk av eventuelle anlegg og innretningar, og eventuelt vedlikehald av desse, planlagde tiltak i samband med predatorkontroll, og eventuelle planar om fôring og andre tiltak etter særskilt søknad jf. § 10.

§ 20 andre og tredje ledd skal lyde:

Journalen skal oppbevarast hos innehavar av løyve i minst 4 år, og kan krevjast framlagt av dei styresmaktene som er tillagt mynde etter denne forskrifta.

Ved kvart enkelt utsett: art, tal, opphav, alder og storleik på dei utsette dyra, tidspunkt for utsetjing, kor i lokaliteten dei vert utsett og gjennomsnittsvekt. Haustingstidspunkt, haustingskvantum og mottakar. Oppteke kvantum av sjuke og daude individ, handsaming og levering av daude individ, handsamingsmåte, kvantum levert, tidspunkt for levering og mottakar. Dersom det er gjeve løyve til fôring: fôrtype (tørrfôr og våtfôr/mjukfôr), forbruk av fôr, fôrmjøltype, fôrprodusent og fôrmerke. Resultat av gjennomførte helsekontrollar: tal på gjennomførte helsekontrollar, prøveuttak, føretatte undersøkingar, diagnosar og gjennomførte behandlingar. Eventuell bruk av legemiddel og kjemikaliar. Tiltak mot predatorar. Brakklegging som ein følgje av sjukdom. Resultat av ev. målingar etter § 19, medrekna tettleik, jf. § 23. Inspeksjonstidspunkt, frekvens og omfang. Miljødokumentasjon. Eventuelle andre journalføringspliktige tilhøve som går fram av løyvet.

§ 21 skal lyde:

Det skal gjennomførast risikobasert helsekontroll med akvakulturdyr på lokaliteten.

Ved auka dødstal, med unnatak av dødstal der ein er viss på at sjukdom ikkje er årsaka, eller ved mistanke om smittsam eller ikkje-smittsam sjukdom på lokaliteten skal helsekontroll gjennomførast utan unødig opphald for å avklare årsaksforhold.

Ved vedvarande auka dødstal skal ny helsekontroll gjennomførast innan 14 dagar, med mindre årsaksforhold er eintydig og avklart.

Når det er teke inn akvakulturdyr i ein lokalitet skal det gjennomførast minst ein helsekontroll før akvakulturdyr blir tekne ut av lokaliteten.

Mattilsynet skal bli varsla straks ved auka dødstal utan kjend årsak, eller dersom det er anna grunn til mistanke om sjukdom på liste 1, 2 eller 3.

§ 22 andre ledd skal lyde:

Ved kvar helsekontroll skal driftsjournalen til lokaliteten granskast. Lokaliteten skal inspiserast. Eit representativt utval av nett daude dyr eller dyr med unormal åtferd skal obduserast og relevante undersøkingar skal gjennomførast. Det skal særleg bli tatt sikte på å avdekke eventuell førekomst av sjukdom på liste 1, 2 og 3.

§ 24 og § 25 opphevast.

II

Endringane tek til å gjelde 1. august 2008.