Hopp til innhold
Forskriftsendring
Kunnskapsdepartementet

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til privatskolelova

LTI/forskrift/2008-06-24-725·Kunngjort 1. juli 2008·Journalnr. 2008-0612

I kraft fra: 2008-07-01

Endrerforskrift/2006-06-23-724forskrift/2006-07-14-932
Hjemmellov/1998-07-17-61 § 13-3bPrivatskolelova – prskol § 7-1b

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endring:

Nytt kapittel 8 skal lyde:

(Opplæringslova § 13-3b)

Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Plikta gjeld også lærlingar og lærekandidatar, men ikkje elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne etter opplæringslova kapittel 4A.

Ulykkesforsikringa skal minst ha det innhald og omfang som går fram av føresegnene i denne forskrifta.

Ulykkesforsikringa skal vere teikna i eit forsikringsselskap som har løyve etter forsikringslova.

Ved ulykkesskade skal forsikringa gi dekning for nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet, i den mon slike ytingar ikkje er dekte etter folketrygdlova eller yrkesskadeforsikringslova.

på opplæringsstaden i opplæringstida på veg mellom heim og opplæringsstad under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som er ledd i opplæringa, og på veg mellom heim og arbeidsplass under transport, skoleturar, idrettsdagar, leirskolar og liknande som skolen er ansvarleg for under Operasjon dagsverk og andre liknande elevaktivitetar, og mellom heim og den stad der aktiviteten skjer

Likestilt med heim i pkt. b, c og e er annan opphaldsplass.

For elevar ved internatskolar gjeld forsikringa heile døgnet i den tid elevane held seg på skolen, men ikkje i feriar og liknande fråvær når elevane ikkje er under tilsyn av skolen. Forsikringa gjeld likevel på reiser mellom heim og skole i samanheng med slikt fråver.

Ved varig medisinsk invaliditet som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning tufta på ein forsikringssum på 5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Full erstatning skal ytast når invaliditetsgraden er fastsett til 100 %. Ved lågare gradar av invaliditet skal erstatninga reduserast forholdsmessig.

Graden av invaliditet skal reknast ut etter invaliditetstabellar med tilhøyrande retningsliner som Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for.

Ved dødsfall som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning på 1 G.

lege og tannlege Ved tannskadar skal forsikringa likevel alltid erstatte utgifter til første permanente tannstell (bru, krone o.l.), sjølv om dette skjer seinare enn to år etter skaden, dersom behandlinga skjer seinast ti år etter utgangen av det året skaden skjedde. medisinsk behandling utført av ein som har rett til full tilbakebetaling frå folketrygda tilrådd av lege eller tannlege reise til og frå heim for nødvendig behandling med billegaste transportmiddel når det blir teke omsyn til tilstanden hos eleven.

Det krevst ikkje at forsikringa skal dekkje meirutgifter til privat behandling, forpleiing eller opptrening.

Den øvre grensa for dei samla tilbakebetalingskrava frå forsikringa for nødvendige utgifter til behandling må ikkje vere lågare enn 0,25 G.

Eigendelen for eleven må ikkje vere høgare enn 0,015 G.

forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel infeksjon eller stikk/bit av insekt, som til dømes malaria, flekktyfus eller borrelia smitte gjennom bakteriar, virus eller anna smittekjelde, som til dømes e-coli, salmonella eller liknande psykiske skadar, som sjokkliding, depresjon, angst og liknande, med mindre det til same tid er oppstått lekamsskade som gir livsvarig medisinsk invaliditet

II

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova blir det gjort følgjande endring:

Nytt kapittel 7A skal lyde:

(Privatskolelova § 7-1b)

Skolen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Plikta gjeld også lærlingar og lærekandidatar, men ikkje elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne etter privatskolelova kapittel 6A.

Ulykkesforsikringa skal minst ha det innhald og omfang som går fram av føresegnene i denne forskrifta.

Ulykkesforsikringa skal vere teikna i eit forsikringsselskap som har løyve etter forsikringslova.

Ved ulykkesskade skal forsikringa gi dekning for nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet, i den mon slike ytingar ikkje er dekte etter folketrygdlova eller yrkesskadeforsikringslova.

på opplæringsstaden i opplæringstida på veg mellom heim og opplæringsstad under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som er ledd i opplæringa, og på veg mellom heim og arbeidsplass under transport, skoleturar, idrettsdagar, leirskolar og liknande som skolen er ansvarleg for under Operasjon dagsverk og andre liknande elevaktivitetar, og mellom heim og den stad der aktiviteten skjer.

Likestilt med heim i pkt. b, c og e er annan opphaldsplass.

For elevar ved internatskolar gjeld forsikringa heile døgnet i den tida elevane held seg på skolen, men ikkje i feriar og liknande fråvær når elevane ikkje er under tilsyn av skolen. Forsikringa gjeld likevel på reiser mellom heim og skole i samanheng med slikt fråver.

Ved varig medisinsk invaliditet som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning tufta på ein forsikringssum på 5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Full erstatning skal ytast når invaliditetsgraden er fastsett til 100 %. Ved lågare gradar av invaliditet skal erstatninga reduserast forholdsmessig.

Graden av invaliditet skal reknast ut etter invaliditetstabellar med tilhøyrande retningsliner som Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for.

Ved dødsfall som følgje av ulykkesskade skal det ytast ei erstatning på 1 G.

lege og tannlege Ved tannskadar skal forsikringa likevel alltid erstatte utgifter til første permanente tannstell (bru, krone o.l.), sjølv om dette skjer seinare enn to år etter skaden, dersom behandlinga skjer seinast ti år etter utgangen av det året skaden skjedde. medisinsk behandling utført av ein som har rett til full tilbakebetaling frå folketrygda tilrådd av lege eller tannlege reise til og frå heim for nødvendig behandling med billegaste transportmiddel når det blir teke omsyn til tilstanden hos eleven

Det krevst ikkje at forsikringa skal dekkje meirutgifter til privat behandling, forpleiing eller opptrening.

Den øvre grensa for dei samla tilbakebetalingskrava frå forsikringa for nødvendige utgifter til behandling må ikkje vere lågare enn 0,25 G.

Eigendelen for eleven må ikkje vere høgare enn 0,015 G.

forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel infeksjon eller stikk/bit av insekt, som til dømes malaria, flekktyfus eller borrelia smitte gjennom bakteriar, virus eller anna smittekjelde, som til dømes e-coli, salmonella eller liknande psykiske skadar, som sjokkliding, depresjon, angst og liknande, med mindre det til same tid er oppstått lekamsskade som gir livsvarig medisinsk invaliditet.

III

Endringane trer i kraft 1. juli 2008.