Hopp til innhold
Forskriftsendring
Landbruks- og matdepartementet

Forskrift om endring i forskrift om tilskot til avløysing

LTI/forskrift/2008-06-26-730·Kunngjort 1. juli 2008·Journalnr. 2008-0604

I kraft fra: 2008-07-01

Endrerforskrift/2006-11-08-1227

I

I forskrift 8. november 2006 nr. 1227 om tilskot til avløysing blir det gjort følgjande endring:

§ 4 og ny § 4a skal lyde:

har sams eigarinteresser og som søkjer tilskot til same produksjon, samarbeider i ein slik grad at dei må reknast for å ha sams økonomiske interesser i produksjonen (driftsfellesskap) og som søkjer tilskot til same produksjon, eller heilt eller delvis vert eigd av aksjeselskap eller samvirkeføretak.

Sams eigarinteresser vil liggje føre der føretaket som søkjer om tilskot etter denne forskrifta heilt eller delvis vert eigd av nokon som har eigarinteresser i andre føretak som søkjer om tilskot til same produksjon. Det same vil gjelde der føretaket heilt eller delvis vert eigd av andre føretak som sjølve søkjer om tilskot til same produksjon.

Sams økonomiske interesser i produksjonen (driftsfellesskap) vil liggje føre der føretak samarbeider om produksjonen i ein slik grad at det vert oppnådd stordriftsfordelar. Om det ligg føre sams økonomiske interesser i produksjonen vil kome an på graden av sams økonomi, maskinpark, driftsopplegg eller arbeidsinnsats mv.

Med tilskot til same produksjon meinest tilskot til husdyr, slik dette er definert i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

Eit føretak reknast for å vere ramma av avgrensingane i fyrste ledd dersom føretaket etter påbod frå kommunen, fylkesmannen eller Statens landbruksforvaltning ikkje kan godtgjere at det ikkje ligg føre slike tilhøve.

Tilskot etter denne forskrifta kan ikkje gjevast til skular og andre offentlege og private institusjonar.

Avgrensingane for eigartilhøve i § 4 fyrste ledd er ikkje til hinder for at eit føretak kan gjevast tilskot ved ferie og fritid i tilfelle der aksjeselskap eller samvirkeføretak er eigar av landbrukseigedom. Desse avgrensingane er heller ikkje til hinder for at føretak som har eigarinteresser i slike selskap kan gjevast tilskot.

Føretak som blir eigd heilt eller delvis av deltakar i samdrift i mjølkeproduksjon, kan gjevast tilskot til avløysing for andre dyreslag enn dei som samdrifta disponerer, dersom det ikkje ligg føre sams økonomiske interesser (driftsfellesskap) i husdyrproduksjonane.

II

Endringa trer i kraft frå og med 1. juli 2008.